Nordkaper
| Nordkaper | ||
| Systematikk | ||
| Domene: | Eukaryota | |
| Rike: | Dyr | |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr | |
| Underrekkje: | Virveldyr | |
| Klasse: | Pattedyr | |
| Orden: | Kvalar | |
| Underorden: | Bardekvalar | |
| Familie: | Rettkvalfamilien | |
| Slekt: | Eubalaena | |
| Art: | E. glacialis | |
| Vitskapleg namn | ||
| Eubalaena glacialis
P.L.S. Müller, 1776
|
||
Nordkaper, Eubalaena glacialis, er ein bardekval i rettkvalfamilien. Han levde opphavleg på begge sider av Nordatlanteren. På europeisk side levde han i havområda frå Vest-Sahara i sør til Nordkapp i nord, noko som gav han namnet "nordkaper".[1] Baskiske kvalfangarar dreiv fangst på arten i Biscayabukta allereie frå 1000-talet, og dreiv fangst så langt nord som Island seinast i 1412. Allereie frå 1600-talet av var bestanden i nedgang. Den siste nordkaperen vart fanga i norske farvatn i 1926,[2] og dei siste to nordkaperane på europeisk side vart fanga nær Madeira i 1967. Bestanden på austsida av Atlanteren er no truleg utdøydd, men det vert stundom sett streifdyr, i norske farvatn seinast i 1999. Det vart påvist at dette individet kom frå den nordamerikanske bestanden. På amerikansk side lever nordkaperen frå Florida i sør til Nova Scotia i nord, med streifdyr som når Grønland og Island. Talet på kalvande hoer vart i 1998 fastsett til 70 individ. Den totale bestanden er anslått til 300-350 dyr.[1]
Fotnotar[endre]
- ↑ 1,0 1,1 The IUCN Red List of Threatened Species på engelsk
- ↑ Artsdatabanken.no