Sørhare

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sørhare
Sørhare
Sørhare
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: Utbreiinga av sørhare
Utbreiinga av sørhare
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Overorden: Euarchontoglires
Orden: Haredyr Lagomorpha
Familie: Harefamilien Leporidae
Slekt: Lepus
Underslekt: Eulagos
Art: Sørhare L. europaeus
Vitskapleg namn
Lepus europaeus

Sørhare, Lepus europaeus, er eit pattedyr i harefamilien. Sørharen er nært i slekt med vanleg hare, og er den mest utbreidde harearten lenger sør i Europa. Han har kome til Noreg ein gong etter 1800. På den norske svartelista er han oppført som ein framand art som utgjer ein ukjend risiko for stadeige artsmangfald. Han har etablert ein liten bestand i Østfold basert på innvandring av dyr som er sett ut i Sør-Sverige. Han vart òg sett ut fleire stader i Noreg rundt hundreårsskiftet til 1900-talet, men desse bestandane døydde etter kvart ut.[1] Det opphavlege utbreiingsområdet til sørharen var Eurasia frå den europeiske atlanterhavskysten i vest til Mongolia i aust. Han er òg innført til mellom anna Argentina, Australia, Nord-Amerika, Sverige og Storbritannia.[2] Formålet med spreiing av arten har stort sett vore å nytta han som jaktvilt. Sørharen er ein svært tilpasningsdyktig art, som kan leva i mange varierte landskapstypar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]