Klappmyss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Klappmyss

Status i verda: VU Sårbar
Status i Noreg: EN Sterkt truga

Klappmyssunge
Klappmyssunge

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Dyr
Rekkje: Ryggstrengdyr
Underrekkje: Virveldyr
Klasse: Pattedyr
Orden: Rovpattedyr
Underorden: Caniformia
Familie: Selfamilien
Slekt: Cystophora
Art: C. cristata
Vitskapleg namn
Cystophora

Klappmyss, Cystophora cristata, er ein sel som lever i Nord-Atlanterhavet både på europeisk og amerikansk side, sørover til norskekysten. Klappmyssen ynglar på pakkisen, men streifdyr kan vandra langt sørover, heilt til Portugal. Hannar kan nå ei lengd på 2,5 meter og vekt på 400 kilo, medan hoene er mindre, med ei snittvekt på 160 kilo. Det vert driven fangst på selungane for pelsen si skuld. Klappmyssen kan dykka ned til 1000 meter og vera under vatn i nesten ein time. I tillegg til fangst av menneske, er klappmyssen også byttedyr for isbjørn og spekkhoggar. Storleiken på bestanden vart i 2005 anslått til om lag 600 000 i Nordvest-Atlanteren og om lag 70 000 i Nordaust-Atlanteren.[1] Bestanden i Nordaust-Atlanteren er minkande, og dette har ført til at Noreg har innstilt fangst av arten. Nedgangen i bestanden har likevel halde fram.[2]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. The IUCN Red List of Threatened Species på engelsk
  2. Artsdatabanken.no

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Klappmyss