Art Decade

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Art Decade
Song av David Bowie
frå albumet Low
Utgjeve 14. januar 1977
Innspelt September–movember 1976
Sjanger Ambient
Lengd 3:46
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent David Bowie og Tony Visconti

«Art Decade» er ein instrumental av den engelske musikaren David Bowie, gjeve ut i 1977 på albumet hans Low.

Songen er kalla opp etter ei gate Bowie hadde sett i Vest-Berlin, der namnet var eit ordspel på stilarten art deco. Faktisk er songen i seg sjølv, som resten av songane på side B av Low, eit portrettstykke av ein viss stad, i dette tilfellet Vest-Berlin. Bowie fortalte om inntrykka sine seinare og sa at Vest-Berlin var «ein by avskoren frå si verd, kunst og kultur, døyande utan håp om gjengjelding.» På grunn av dette er songen langsam og eit forsøk på ein melankolsk og deprimerande lyd.

Songen har ein kjapp introduksjon på perkusjon og vibrafon, ved hjelp av ein caravan-liknande trommelyd som held fram gjennom heile stykket. Den melodiske delen til Bowie av komposisjonen er lagt over det syntetiske landskapet til Brian Eno, som brukte ein synthesizer-effekt som minner om dei han brukte på albumet No Pussyfooting i 1973. Songen er med vilje repeterande. Halve songen har berre akkorden E-dur, medan to notar repeterer over.

Trass i at berre BOwie står oppført som komponist på songen, har Brian Eno sagt at det var han som berga songen frå å bli fjerna frå albumet. Originalt vart stykket spelt inn på eit piano, der både Eno og Bowie spelte. «Då me var ferdige med det likte han det ikkje veldig godt og gløymde det litt ut. Men to dagar då han var borte, henta eg det fram att og såg om det var noko som kunne gjerast med det. Eg sette alle desse instrumenta over som me hadde og då likte han det og innsåg at det var håp for stykket. Og han la til fleire instrument på toppen av det att.»[1]

Hansa Studios-lydteknikaren Eduard Meyer spelte cello på innspelinga.[2]

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • David Bowie: gitar, vibrafon, piano, Chamberlin
  • Brian Eno: piano, Mini Moog, Chamberlin
  • Eduard Meyer: cello

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Konsertopptaket frå Stage kom ut som B-sida til singelen «Breaking Glass» i 1978.
  • Han vart gjeven ut som ei biletplate av RCA i platesamlinga Life Time.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Art Decade» frå Wikipedia på engelsk, den 14. august 2021.
  • Greatorex, Johnathan. «Just a Mortal With Potential.» Teenage Wildlife. November 1996. 6. mars 2006 [1].
  • Griffin, R. «Low.» Bowie Golden Years. January 2005. 6. mars 2006 [2].
  1. Tamm, Eric. Brian Eno, His Music and the Vertical Color of Sound. Faber and Faber, 1989, p. 158.
  2. https://www.exberliner.com/features/people/the-sound-behind-the-vision/