Baby, Let's Play House

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Baby Let's Play House)
Hopp til navigering Hopp til søk
Baby Let's Play House
av Elvis Presley
B-side «I'm Left, You're Right, She's Gone»
Utgjeve 20. desember 1955
Sjanger Rhythm & Blues, rockabilly[1]
Lengd 2:15
Selskap RCA Victor 6383
Låtskrivar(ar) Arthur Gunter
Elvis Presley-kronologi
«You're a Heartbreaker»
(1954)
Baby Let's Play House «Heartbreak Hotel»
(1956)


«Baby Let's Play House» er ein song skriven av Arthur Gunter og spelt inn av han i 1954 for Excello Records,[2] og året etter av Elvis Presley for Sun Records.[3] Det var den fjerde singelen Presley gav ut for Sun,[4] og ein av dei første songane til Elvis som gjekk inn på den nasjonale lista, då han nådde femteplassen på Billboard Country Singles-lista i juli 1955.[5]

Presley sin versjon skil seg kraftig frå originalen. Elvis starta songen med refrenget, medan Gunter byrja på det første verset, og han erstatta linja til Gunter «You may get religion» med teksten «You may have a Pink Cadillac», ein referanse til sin eigen Cadillac frå 1955.

Songen vart mima av Jonathan Rhys Meyers i TV-serien Elvis: The Early Years i ein scene der Presley speler i Odessa Auditorium i 1955.

John Lennon brukte linja «I'd rather see you dead, little girl, than to be with another man» frå denne songen i opningslinja av The Beatles-songen «Run for Your Life».

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Buddy Holly spelte inn songen i 1955 i Jim Beck Studio i Dallas. Versjonen til Holly vart spelt inn som ein demo for Columbia Records, og kom ut i 1985 på samlealbumet Buddy Holly Rocks. Versjonen etterliknar Elvis-versjonen.

Songen vart òg spelt av australske Lonnie Lee på Leedon Records tidleg i 1960. Versjonen er ikkje ulik Elvis sin versjon. Han vart populær på showa til Lee og ein kan sjå han syngje songen i 1960 på det første rock and roll-showet i Australia, Six O'Clock Rock.

The Newbeats gav ut in versjon av songen i 1965 på albumet Big Beat Sounds by The Newbeats.[6]

Ace Cannon gav ut ein instrumentalversjon av songen i 1967 på albumet Memphis Golden Hits.

I 2008 gav Spankox ut ein remix av songen som nådde 84. plassen på den britiske singellista.[7]

I 2014 gav Drake Bell ut ein versjon av «Baby Let's Play House» på Muzooka.com.[8]

Tom Petty and the Heartbreakers gav ut ein versjon av songen i 2015 på albumet Nobody's Children.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Elvis Presley Songs». How Stuff Works. Henta 28. desember 2014. 
  2. SecondHandSongs.com
  3. «Facts about Elvis - Elvis Presley's life - Elvis news: New Elvis Presley Remix »Baby Let's Play House" Available for Download on iTunes TODAY! 6/3/2008" Henta 1. oktober 2016
  4. Presley releases
  5. The Blue Moon Boys - The Story of Elvis Presley's Band. Ken Burke and Dan Griffin. 2006. Chicago Review Press. page 47. ISBN 1-55652-614-8
  6. The Newbeats, Big Beat Sounds by The Newbeats Henta 28. april 2015
  7. «The Official Charts Company - Baby Let's Play House». The Official Charts Company. 4 April 2014. 
  8. «Drake Bell». Muzooka. Henta 4. desember 2014.