It Hurts Me

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«It Hurts Me» er ein song frå 1964 som Elvis Presley gav ut på RCA Victor. Han vart skriven av Joy Byers og Charles E. Daniels og er ein ballade Presley spelte inn for første gongen 12. januar 1964.[1] Plateprodusenten og låtskrivaren Bob Johnston avslørte at det var han som faktisk hadde skrive songen, som var tilskriven kona Joy Byers.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Songen vart gjeven ut som B-side til filmsongen «Kissin' Cousins», som kom ut 10. februar 1964. A-sida nådde 12. plassen på den amerikanske singellista, medan «It Hurts Me» nådde 29. plassen.[1] Innspelinga av songen markerte byrjinga av ein 28 månader lang periode der Presley ikkje spelte inn songar som ikkje vart nytta i filmar.[1]

Elvis spelte inn ein ny versjon 20. juni 1968 og brukte denne songen i ein montasje under 1968 NBC Comeback Special.

Det finst ein kjend spansk versjon av songen i latinsk stil av Marco Tulio Sanchez, ein kjend artist i Colombia.

Ein fransk versjon kalla «Ca fait mal» vart skriven av Georges Aber og framført av Johnny Hallyday i 1964. Denne vart òg spelt av Betty & The Bops i 2000.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Jorgensen, s. 189