I Forgot to Remember to Forget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I Forgot to Remember to Forget
Singel av Elvis Presley
frå albumet The Sun Sessions
B-side

«Mystery Train»

Språk engelsk
Utgjeve 20. august 1955
Innspelt Sun Studios 1955
Sjanger country[1]
Lengd 2:28
Selskap Sun 223
Komponist Charlie Feathers, Stan Kesler
Tekstforfattar Charlie Feathers, Stan Kesler
Låtskrivar(ar) Charlie Feathers og Stan Kesler
Produsent Sam Phillips

«I Forgot to Remember to Forget» er ein countrysong skriven av Stan Kesler og Charlie Feathers. Han vart innspelt i Sun Studio den 11. juli 1955 av Elvis Presley, Scotty Moore, Bill Black og Johnny Bernero[2] på trommer, og kom ut på singel 20. august 1955, i lag med «Mystery Train» (Sun 223).[3] Singelen vart gjeven ut på ny av RCA Victor (#47-6357) i desember 1955.

Gitaren til Moore hadde ein Nashville steelgitarlyd og Black spelte ein klipp-klapp-rytme. Dette er det nærmaste trioen kom tradisjonell country medan dei var hos Sun.[4]

Songen gjekk til topps på Billboard si countryliste den 25. februar 1956, og vart liggande der i to veker. Singelen nådde fjerdeplassen på Billboard Most Played by Jockeys-lista.[5][6][7][8] Det var den første singelen som gjorde Elvis Presley kjend landet over som countrystjerner.[9][10] Songen låg på countrylistene i 39 veker.[11]

B-sida av singelen, «Mystery Train», nådde 11. plassen på den nasjonale Billboard country-lista.[12]

The Beatles-versjonen[endre | endre wikiteksten]

I Forgot to Remember to Forget
Song av The Beatles
frå albumet Live at the BBC
Utgjeve 30. november 1994 (UK)

5. desember 1994 (US)

Innspelt 1. mai 1964, for BBC-radioprogrammet From Us to You
Lengd 2:09
Selskap Apple
Komponist Charlie Feathers, Stan Kesler
Tekstforfattar Charlie Feathers, Stan Kesler
Låtskrivar(ar) Kesler-Feathers
Produsent Terry Henebery[13]

The Beatles spelte denne songen ein gong for radioprogrammet From Us To YouBBC, den 1. mai 1964, med George Harrison på solovokal. Songen er kjend som siste gongen Beatles spelte ein song for BBC som ikkje var spelt inn for EMI. Beatles dobla snøggleiken på rytmen under mellomspelet. Bandet vart meir eksperimentelt på denne tida og etter at dei spelte «I Call Your Name», brukte dei det ska-aktige mellomspelet igjen på «I Forgot to Remember to Forget». Songen vart ikkje offisielt gjeven ut før 1994, då han vart med på Live at the BBC.[13]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Jerry Lee Lewis spelte inn songen i 1957 og i 1960-åra. Låtskrivaren Charlie Feathers har òg spelt songen. Johnny Cash spelte inn songen i 1959 for albumet Greatest! og på albumet The Survivors Live i 1981. B.J. Thomas tok med songen på albumet hans B.J. Thomas Country i 1972. Chuck Jackson, Ral Donner, Robert Gordon, Johnny Hallyday, The Deighton Family, Hicksville Bombers og Wanda Jackson har alle spelt songen.[14] Chris Isaak spelte inn songen i 2011 for albumet Beyond the Sun. Bob Dylan og The Band spelte inn songen i 1967. Denne kom ut i 2014 på The Bootleg Series Vol. 11: The Basement Tapes Complete.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Blue Moon Boys – The Story of Elvis Presley's Band. Ken Burke and Dan Griffin. 2006. Chicago Review Press. page 47. ISBN 1-55652-614-8
  2. «Johnny Bernero». Rockabilly.nl. Henta 1. oktober 2016. 
  3. The Elvis Presley Sun Collection.
  4. The Blue Moon Boys – The Story of Elvis Presley's Band. Ken Burke and Dan Griffin. 2006. Chicago Review Press. page 47. ISBN 1-55652-614-8
  5. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 272. 
  6. Elvis History Blog.
  7. Billboard, 25. februar 1956.
  8. elvis-tkc.com.
  9. «Elvis Presley's Sun Recordings». Elvis.com.au. Henta 1. oktober 2016. 
  10. Collins, Ace (1996). The Stories Behind Country Music's All-time Greatest: 100 Songs. New York: The Berkeley Publishing Group. s. 94–96. ISBN 1-57297-072-3. 
  11. The Blue Moon Boys – The Story of Elvis Presley's Band. Ken Burke and Dan Griffin. 2006. Chicago Review Press. page 46. ISBN 1-55652-614-8
  12. «about the flip side @ Elvis Australia». Elvis.com.au. Henta 1. oktober 2016. 
  13. 13,0 13,1 «I Forgot To Remember To Forget». The Beatles Bible. Henta 1. oktober 2016. 
  14. Second Hand Songs: I Forgot to Remember to Forget.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]