Wooden Heart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wooden Heart (Muss I Denn)
Singel av Elvis Presley
frå albumet G.I. Blues
A-side

«Blue Christmas» (USA 1964)

B-side

«Tonight is All Right for Love» (UK 1961)

Språk engelsk
Utgjeve 1960
Innspelt 28. april 1960
Sjanger Pop
Lengd 2:03
Selskap RCA
Komponist Fred Wise, Ben Weisman, Bert Kaempfert, Kay Twomey, offentleg eigedom
Tekstforfattar offentleg eigedom, Bert Kaempfert, Kay Twomey, Ben Weisman, Fred Wise
Låtskrivar(ar) Fred Wise, Ben Weisman, Kay Twomey, Bert Kaempfert[1]
Produsent Steve Sholes[1]
Elvis Presley USA-kronologi 
«Ask Me»
(1964)
Wooden Heart (Muss I Denn) «Do the Clam»
(1965)
Elvis Presley UK-kronologi
«Are You Lonesome Tonight?»
(1960)
Wooden Heart (Muss I Denn) «Surrender»
(1961)


«Wooden Heart» er ein song mest kjend i ein versjon med Elvis Presley frå 1960 i filmen G.I. Blues. Songen vart ein hit for Presley i Storbritannia der han låg seks veker på toppen av den britiske singellista i mars og april 1961.[1][2] Songen vart ikkje gjeven ut på singel i USA før i november 1964, der han var B-sida til «Blue Christmas». Presley framførte songen live under Dinner Show-konserten på Hilton Hotel i Las Vegas i 1975, og ei innspeling av dette finst på konsertalbumet Dinner At Eight.

Ein versjon av Joe Dowell nådde toppen av den amerikanske singellista i slutten av august 1961,. Dowell-versjonen låg òg tre veker på toppen av Easy Listening-lista.[3]

«Wooden Heart» vart skriven av Fred Wise, Ben Weisman, Kay Twomey og den tyske bandleiaren Bert Kaempfert,[1] og var basert på ei tysk folkevise av Friedrich Silcher, «Muss i denn», frå Remsdalen i Württemberg sørvest i Tyskland. «Wooden Heart» inneheld fleire linjer frå den originale folkevisa. Marlene Dietrich spelte inn ein versjon av songen ein gong før 1958, før Presley, men i den originale tyske versjonen. Denne kom ut som B-sida til ein versjon i 1959 av singelen «Lili Marlene», for Philips og Columbia Records.[4] Elvis Presley-versjonen vart publisert av Gladys Music, songforlaget til Elvis Presley. Bobby Vinton spelte inn sin versjon i 1975 med ein tekst omsett til polsk.

Elvis Presley-versjonen inneheld to parti på tysk, den første er dei fire første linjene av «Muss i' denn zum Städtele hinaus», medan den andre delen kjem mot slutten og er basert på ei omsetjing av den engelske versjonen (og derfor ikkje den originale tyske teksten).

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Rice, Jo (1982). The Guinness Book of 500 Number One Hits (1st utg.). Enfield, Middlesex: Guinness Superlatives Ltd. s. 56. ISBN 0-85112-250-7. 
  2. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 122–3. ISBN 1-904994-10-5. 
  3. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961–2001. Record Research. s. 82. 
  4. ««Lili Marlene» Philips issue». Discogs. Henta 1. november 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]