I Really Don't Want to Know

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

«I Really Don't Want to Know» er ein popsong med musikk av Don Robertson og tekst av Howard Barnes. Songen vart publisert i 1953.

Den emst kjende versjonen av songen vart spelt inn av Les Paul og Mary Ford i 1953. Andy Williams gav ut ein versjon i 1963 på albumet Days of Wine and Roses and Other TV Requests. Songen er òg blitt spelt inn av artistar som Solomon Burke (1962), Connie Francis (1963), Esther Phillips (1963), Elvis Presley (1970) og Eddy Arnold. Presley sin versjon selde til gullplate. Ein versjon av Johnny Rodriguez inneheld noko spansk tekst. Versjonen til Tommy Edwards nådde topp 20 i USA i 1960.

«I Really Want You to Know» av Skeeter Davis vart gjeven ut på RCA i 1961 som ein svarsong til Eddy Arnold sin versjon av songen.

Ronnie Dove spelte inn ein versjon i 1966 og denne nådde 22. plassen på Billboard Hot 100.[1]

Jason & the Scorchers gav ut ein alt country-versjon i 1985 på albumet «Lost and Found».

John Travolta song songen i 2004 i filmen A Love Song for Bobby Long.

Songen finst òg på Anne Murray albumet Croonin'.

Jerry Lee Lewis spelte inn songen i 2010 på albumet «Mean Old Man».

Knud Pfeiffer skreiv ein dansk tekst til songen, kalla «Jeg ønsker ikke dit svar». Raquel Rastenni med Harry Felbert sin sektett og kor spelte inn songen i København i 1954.

Ein japanskspråkleg versjon vart sungen av Yōichi Sugawara (菅原洋一) som «Shiritakunai no» (知りたくないの) i 1965. Songen er òg spelt inn i mange versjonar på mandarin-kinesisk.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Elvis Presley[endre | endre wikiteksten]

Liste (1970) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 21
U.S. Billboard Hot Country Singles 23
U.S. Billboard Adult Contemporary Singles 2
Canada RPM Top Singles 9
Canada RPM Adult Contemporary Singles 7

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ronnie Dove - Chart History - The Hot 100 Billboard.com. Henta 24. januar 2017

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]