Blue Christmas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Blue Christmas
Singel av Elvis Presley
frå albumet Elvis' Christmas Album
B-side «Wooden Heart» (447-0720)
«Santa Claus Is Back in Town» (447-0647)
Utgjeve 9. november 1964 (447-0720)
Mal:Start date (447-0647)
Innspelt 5. september 1957 i Radio Recorders i Hollywood
Sjanger
Lengd 2_07
Selskap RCA Victor 447-0720
RCA Victor 447-0647
Låtskrivar(ar)
  • Billy Hayes
  • Jay W. Johnson
Elvis Presley-kronologi
«Ain't That Loving You Baby»
(1964)
Blue Christmas «Do the Clam»
(1965)


Blue Christmas
Singel av The Beach Boys
frå albumet The Beach Boys' Christmas Album
A-side «The Man with All the Toys»
Utgjeve 9. november 1964[1]
Innspelt 24.–28. juni 1964[2]
Sjanger
Lengd 4:41 (for begge songane)
Selskap Capitol Records
Låtskrivar(ar)
  • Billy Hayes
  • Jay W. Johnson
Produsent Brian Wilson
The Beach Boys-kronologi
«Dance, Dance, Dance»
(1964)
Blue Christmas «Do You Wanna Dance?»
(1965)


«Blue Christmas» er ein julesong av Billy Hayes og Jay W. Johnson, og den mest kjende framføringa er av Elvis Presley. Songen handlar om ugjengjeldt kjærleik i juletida og har lenge vore ein mykje spelt julemusikk, særleg innan country.

Første innspelinga og kjende innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Songen vart først spelt inn av Doye O'Dell i 1948,[3] og vart popularisert dei neste åra med tre forskjellige innspelingar: ein av countryartisten Ernest Tubb, ein av dirigenten og arrangøren Hugo Winterhalter og orkesteret og koret hans, og ein av bandleiaren Russ Morgan og orkesteret hans (sistnemnde med Morgan på vokal og The Morganires på korvokal).[4] Tubb-versjonen låg den første veka av januar 1950 på toppen av Billboard Most-Played Juke Box (Country & Western) Records-lista, medan Winterhalter sin versjon nådde niandenplassen på Billboard's Records Most Played by Disk Jockeys-lista og Morgan-versjonen nådde 11. plassen på Billboard's Best-Selling Pop Singles-lista.[5] Både versjonane til Morgan og Winterhalter bestod av ein kortare popversjon av den originale teksten. I 1950 spelte crooneren Billy Eckstine inn si utgåve, med orkesteret til Russ Case, og med ein variasjon av den forkorta teksten som i dag er nær den vanlegaste varianten av teksten. Orkesteret som speler på denne versjonen er ofte feilaktig blitt omtalt som Winterhalter.[6]

Elvis Presley gjorde «Blue Christmas» til ein rock and roll-juleklassikar[7] med ei innspeling for albumet Elvis' Christmas Album i 1957. Presley sin versjon er er forskjellig musikkvitskapleg sidan vokalgruppa The Jordanaires (særleg i sopranlinja sungen av Millie Kirkham) erstattar mange store og mindre tersar med høvesvis nøytrale og septimal liten ters. «Blue Christmas» vart òg gjeven ut på EP-en Elvis Sings Christmas Songs i 1957, som òg inneheldt «Santa Bring My Baby Back (To Me)» på side ein, med «Santa Claus Is Back in Town» og «I'll Be Home for Christmas» på side to. Den originale versjonen til Presley frå 1957 var gjeven ut på ingel først i 1964. Denne utgåva vart òg ein hit i Storbritannia, der han nådde 11. plassen på den britiske singellista veka som byrja 26. desember 1964.

Det amerikanske bandet The Beach Boys spelte inn ein versjon med Brian Wilson på solovokal, og gav han ut i USA 16. november 1964 som B-sida til singelen «The Man with All the Toys» og på albumet The Beach Boys' Christmas Album.

The Beach Boys-versjonen nådde tredjeplassen på den amerikanske julemusikklista, men nådde ikkje lista i Storbritannia.

Andre kjende versjonar[endre | endre wikiteksten]

Etter suksessen til Presley-versjonen vart songen spelt inn av mange rocke- og countryartistar.

I film og fjernsyn[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Badman, Keith. The Beach Boys. The Definitive Diary of America's Greatest Band: On Stage and in the Studio Backbeat Books, San Francisco, California, 2004. ISBN 0-87930-818-4 s. 72
  2. Badman, Keith. The Beach Boys. The Definitive Diary of America's Greatest Band: On Stage and in the Studio Backbeat Books, San Francisco, California, 2004. ISBN 0-87930-818-4 s. 58
  3. Greene, Andy (30 November 2011). «Readers' Poll: The Best Christmas Songs of All Time». Rolling Stone. Jann S. Wenner. http://www.rollingstone.com/music/photos/readers-poll-the-best-christmas-songs-of-all-time-20111130/7-elvis-presley-blue-christmas-0178356. Henta 3. oktober 2016. 
  4. http://www.russmorganorchestra.com/russ.html: sjå tabellen «Vocalists with Band Included»
  5. Whitburn, Joel (2004). Christmas in the Charts (1920-2004). Wisconsin: Record Research Inc. s. 50,62. ISBN 0-89820-161-6. 
  6. Billy Eckstine, All Of My Life, Jasmine 2-CD set, 2008, featuring a photo of the actual single
  7. «Elvis SongPedia, Blue Christmas». http://elvissongpedia.greggers.net/index.php?page=bluechristmas. 
  8. Whitburn, Joel (2004). Christmas in the Charts (1920-2004). Wisconsin: Record Research Inc. s. 25. ISBN 0-89820-161-6. 
  9. Mike Parker (17. desember 2013). «A Conversation with Denny Brownlee». Examiner.com. 
  10. http://www.wetpaint.com/glee/video/damian-mcginty-sings-blue-christmas-in-glee-season-3-episode-9-extraordinary-merry-christmas-listen

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]