Way Down

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Way Down
Singel av Elvis Presley
frå albumet Moody Blue
B-side

«Pledging My Love»

Utgjeve 6. juni 1977
Innspelt 29. oktober 1976, Graceland, Memphis i Tennessee
Sjanger Rock and roll
Lengd 2:39
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) Layng Martine jr.
Produsent Felton Jarvis
Elvis Presley-kronologi 
«Moody Blue»
(1976)
Way Down «My Way»
(1977)


«Way Down» er ein song spelt inn av Elvis Presley i oktober 1976. Det vart den siste singelen han gav ut før han døydde 16. august 1977. Songen var skriven av Layng Martine jr. og seinare spelt av Status Quo og Cliffhanger. Elvis spelte inn songen i heimen sin Graceland.

Songen vart utgjeven som singel (med «Pledging My Love» på B-sida) den 6. juni 1977, og var den siste singelen han gav ut før han døydde. Songen nådde først berre 31. plassen på Billboard Hot 100 i veka den 6. august 1977 og hadde falle til 53. plassen veka etter. Etter Presley døydde klatra han til 18. plassen på Hot 100-lista og heilt til førsteplassen på countrylista den veka han døydde.[1] I Storbritannia gjekk singelen inn på UK Singles Chart,[2] nesten sju år etter den førre førsteplassen hans der, «The Wonder of You», i 1970. Den førre singelen, «Moody Blue», hadde nådd førsteplassen på countrylista tidlegare i 1977. «Way Down» kom ut på ny i april 2005 og klatra då heilt til andreplassen på UK Singles Chart.[3]

På innspelinga syng J.D. Sumner teksten «way on down» på slutten av kvart refreng ned til ein låg C (C2). På slutten av songen går han ein heil oktav lågare, til ein C1.[4] I følgje Guinness Book of World Records er dette den lågaste tonen som er produsert av ei menneskerøyst.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Lister (1977) Plassering
U.S. Billboard Hot Country Singles 1
U.S. Billboard Hot 100 18
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 14
Canada RPM Country Tracks 1
Canada RPM Top Singles 15
Canada RPM Adult Contemporary Tracks 23
Irish Singles Chart 1
UK Singles Chart[2] 1

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1977) Rank
Canada [5] 134
U.S. (Joel Whitburn's Pop Annual) [6] 121

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006 (2nd utg.). Record Research. s. 273. 
  2. 2,0 2,1 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 343. ISBN 1-904994-10-5. 
  3. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 436. ISBN 1-904994-10-5. 
  4. Palmer, Robert; DeCurtis, Anthony (6. september 2011). Blues & Chaos: The Music Writing of Robert Palmer. Simon & Schuster. s. 145. ISBN 978-1-4165-9975-3. Henta 6. juli 2016. [daud lenkje]
  5. «Top 200 Singles of '77». RPM (Library and Archives Canada) 28. 31. desember 1977. Henta 25. juni 2016. 
  6. Whitburn, Joel (1999). Pop Annual. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. ISBN 0-89820-142-X. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]