Peace in the Valley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peace in the Valley
Song av Mahalia Jackson
Utgjeve 1937
Sjanger Julesong
Låtskrivar(ar) Thomas A. Dorsey

«Peace in the Valley» er ein song frå 1937 av Thomas A. Dorsey, opphavleg for Mahalia Jackson.[1] Songen vart ein hit i 1951 for Red Foley and the Sunshine Boys og nådde sjuandeplassen på Country & Western Best Seller-lista.[2] Han var av dei første gospelinnspelingane som selde ein million eksemplar. Foley-versjonen vart i 2006 innlemma av Library of Congress i National Recording Registry, den amerikanske, nasjonale platesamlinga.[3]

I 1950 vart han ein av dei første songane som vart spelt inn av ein ung Sam Cooke i tida hans som frontsongar i The Soul Stirrers.

Etter suksessen til Red Foley, spelte Jo Stafford inn songen i 1954 for gospelalbumet Garden of Prayer. Etter Elvis Presley (med The Jordanaires) spelte inn songen på det første julealbumet sitt i 1957, vart songen for alltid ein countrypop-favoritt. Sidan den gongen er songen blitt spelt inn av Little Richard i 1961 på det Quincy Jones-produserte gospelalbumet It's Real, Connie Francis i 1961 på albumet Sing Along with Connie Francis; George Jones i 1962 på albumet Homecoming in Heaven; Johnny CashAt San Quentin; Loretta Lynn; Dolly Parton; Screaming Trees, som B-sida til «Dollar Bill»; Ronnie Milsap; Art Greenhaw med The Jordanaires, Tom Brumley og Light Crust Doughboys.[4]

«Peace in the Valley» vart sungen av Eddie Clendening, i rolla som Elvis Presley, i Broadway-musikalen Million Dollar Quartet, som opna i New York i april 2010.[5]

Trond Granlund har laga ein norsk versjon som heiter «Fred i sjela», og som gruppa Bjelleklang hadde på Norsktoppen ein periode.

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mahalia Jackson at the Rock & Roll Hall of Fame
  2. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 124. 
  3. The National Recording Registry 2006
  4. archives, 2001-period Grammy Nominees, National Academy of Recording Arts & Sciences records and www.grammy.com
  5. Zielinski, Peter James. «Photo Coverage: Million Dollar Quartet Opens on Broadway». Posted: 12:04 PM; Monday, 12. april 2010. [1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]