Love You Till Tuesday

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Did You Ever Have a Dream)
Love You till Tuesday
Singel av David Bowie
frå albumet David Bowie
B-side

«Did You Ever Have a Dream»

Utgjeve 14. juli 1967
Innspelt Decca Studios i London, 3. juni 1967
Sjanger Pop
Lengd 2:59
Selskap Deram
DM 135
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent Mike Vernon
David Bowie-kronologi 
«The Laughing Gnome»
(1967)
Love You till Tuesday «Space Oddity»
(1969)


«Love You till Tuesday» er ein song skriven og gjeven ut av David Bowie. Han vart spelt inn 25. februar 1967 gjeven ut på singel 14. juli 1967 og albumversjonen kom ut på David Bowie. Albumversjonen vart spelt inn på ny 3. juni 1967 med strykarar arrangert av Ivor Raymonde. B-sida til singelen var «Did You Ever Have a Dream».

Singelen fekk god kritikk i musikkpressa og var fengande nok til at han kunne blitt ein hit i 1967,[1] men som med dei tidlegare singlane hans, nådde han ikkje lista i Storbritannia. Ein av dei som var negative til songen var Syd Barrett som sa «Særs munter, men eg trur tærna mine rørte på seg i det heile tatt». Dette vart den siste nye utgjevinga hans for Deram.

Bowie spelte òg inn ein tysk versjon av begge songane på singelen, «Lieb' Dich bis Dienstag» og «Mit mir in Deinem Traum». Desse har aldri vorte gjevne ut offisielt.

Utstillingsvideoen til Bowie frå 1969, Love You till Tuesday, henta namnet sitt frå songen, som òg vert nytta under introduksjonen av filmen.

B-side[endre | endre wikiteksten]

B-sida «Did You Ever Have a Dream» vart spelt inn under den andre innspelinga for albumet David Bowie den 24. november 1966, men kom ikkje med på dette albumet.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Chris O’Leary. «Love You Till Tuesday». Pushing Ahead of the Dame. Henta 14. januar 2016.