I Gotta Know

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
I Gotta Know
Song av Cliff Richard
Innspelt September 1959
Sjanger Doo-wop
Lengd 2:28
Låtskrivar(ar) Paul Evans, Matt Williams

«I Gotta Know» er ein song spelt inn av Cliff Richard i september 1959 og Elvis Presley den 4. april 1960. Paul Evans skreiv musikken, medan Matt Williams skreiv teksten.[1] Songen vart spelt inn av Elvis Presley som B-sida til «Are You Lonesome Tonight?», men nådde likevel 14. plassen på listene.[1] Lydteknikaren på innspelinga til Presley var Nashville sound-pioneren Bill Porter. Singelen med «I Gotta Know» som B-side vart ein av dei mestseljande singlane i 1960 og låg seks veker på toppen av Billboard og nådde tredjeplassen på R&B-lista.[2]

«I Gotta Know» er ein kjærleikssong i G-dur som er skildra som ein «mild rockelåt».[3] Songen går i ein doo-wop-rytem og bluesstil, med akkordar frå G til C til D7.

Versjonar[endre | endre wikiteksten]

Ein franskspråkleg versjon kalla «Je t'aime trop» vart omsett av Jacques Dambrois og Eddy Mitchell. Denne vart framørt av Les Chaussettes Noires i mars 1961.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Neale, David (15 September 2003). Roots of Elvis. iUniverse. s. 54. ISBN 978-0-595-29505-0. Henta 19 July 2011. 
  2. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 468. 
  3. Collins, Ace (1 April 2005). Untold Gold: The Stories Behind Elvis's #1 Hits. Chicago Review Press. s. 166. ISBN 978-1-55652-565-0. Henta 19 July 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]