Running Scared av Ell & Nikki
«Running Scared» Singel av Ell & Nikki | ||
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 2011 | |
Sjanger | pop | |
Selskap | EMI Records | |
Komponist | Stefan Örn | |
Tekstforfattar | Stefan Örn | |
Låtskrivar(ar) | Stefan Örn og Sandra Bjurman |
---|
«Running Scared» | |||||
---|---|---|---|---|---|
Eurovision Song Contest 2011 | |||||
Land | Aserbajdsjan | ||||
Artist(ar) | Eldar Qasımov og Nigar Camal | ||||
Alias | Ell & Nikki | ||||
Språk | Engelsk | ||||
Komponist(ar) | Stefan Örn, Sandra Bjurman og Iain James Farquharson | ||||
Låtskrivar(ar) | Stefan Örn og Sandra Bjurman | ||||
Resultat | |||||
Semifinalepoeng | 122 | ||||
Semifinaleplass | 2 | ||||
Finalepoeng | 221 | ||||
Finaleplass | 1 | ||||
Aserbajdsjan i Eurovision Song Contest | |||||
|
«Running Scared» (aserbajdsjansk Ürküb qaçan) var det aserbajdsjanske bidraget i Eurovision Song Contest 2011, framført på engelsk av Ell & Nikki.
Eurovision Song Contest 2011
[endre | endre wikiteksten]Songen starta som nummer 18 i den fyrste semifinalen, etter Litauen med «C'est ma vie» av Evelina Sašenko og før Hellas med «Watch My Dance» av Loúkas Jórkas og Stereo Mike.
Bidraget fekk tolv poeng frå Tyrkia og Georgia, ti poeng frå Russland, Malta, Kroatia og Litauen, åtte poeng frå Polen og Island, sju poeng frå Ungarn, Portugal og Hellas, fem poeng frå Albania, Finland og San Marino, fire poeng frå Storbritannia og eitt poeng frå Sveits og Spania. Aserbajdsjan fekk til saman 122 poeng og enda på andreplass av totalt 19 bidrag. Dei gjekk dimed vidare til finalen. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget fått 124 poeng og enda på andreplass og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget fått 109 poeng og enda på andreplass.
Songen starta som nummer 19 i finalen, etter Austerrike med «The Secret Is Love» av Nadine Beiler og før Slovenia med «No One» av Maja Keuc.
Bidraget fekk tolv poeng frå Russland, Tyrkia og Malta, ti poeng frå Moldova, Romania, Ukraina, San Marino og Kroatia, åtte poeng frå Bosnia-Hercegovina, Litauen, Estland, Austerrike, Island, Georgia, Polen, Albania, Portugal og Kypros, sju poeng frå Ungarn og Slovakia, seks poeng frå Frankrike, Nederland og Kviterussland, fem poeng frå Finland og Hellas, fire poeng frå Israel, tre poeng frå Sverige og Belgia, to poeng frå Latvia og eitt poeng frå Sveits. Aserbajdsjan fekk til saman 221 poeng og vann av totalt 25 bidrag. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget fått 223 poeng og vunne og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget fått 182 poeng og enda på andreplass.