Fredrik I av Danmark-Noreg
Fredrik I | |||
| |||
Konge av Danmark og Noreg | |||
Regjeringstid | 1523–1533 | ||
---|---|---|---|
Fødd | 7. oktober 1471 | ||
Fødestad | Haderslev | ||
Død | 10. april 1533 | ||
Dødsstad | Gottorp slott | ||
Gravstad | Slesvig domkirke | ||
Gift med | Anna av Brandenburg, Sophie av Pommern | ||
Dynasti | Fyrstehuset Oldenburg | ||
Motto | «Mit håb er Gud alene» | ||
Far | Kristian I av Noreg, Danmark og Sverige | ||
Mor | Dorothea av Brandenburg | ||
Born | Kristian III av Danmark-Noreg, Dorothea av Preussen, Hans den eldre, Elisabeth av Danmark, Adolf I., Dorothea av Danmark, Frederik av Danmark, Anna of Denmark, Geseke Frederiksdatter frillodatter af Danakonge, Catharina Frederiksdatter frillodatter af Danakonge |
Fredrik I (7. oktober 1471–10. april 1533) var den yngste sonen til Kristian I av Noreg, Danmark og Sverige og Dorothea av Brandenburg og bror av Hans av Danmark, Noreg og Sverige. Fredrik var konge av Danmark og Noreg frå 1523 til 1533. Han voks opp i hertugdøma Schleswig og Holstein.[1]
Fredrik gifta seg fyrste gong med den 15 år gamle dottera til kurfyrsten av Brandenburg hertuginne Anna av Brandenburg den 10. april 1502.[1] Med Anna fekk han borna Kristian, den seinare Kristian III og Dorothea av Oldenburg, som blei gift med Albrecht av Preussen. Anna døydde i 1514.
I oktober 1518 gifta han seg med Sophie av Pommern, dotter av Bogislav X av Pommern.[1] I ekteskapet med Sophie blei det fødd fem born; Hans (1521–1580), Elisabeth (1524–1586), Adolf (1526–1586), Dorothea (1528–1575) og Frederik (1529–1556).