Up the Hill Backwards
| Up the Hill Backwards US 12" Single Singel av David Bowie frå albumet Scary Monsters (and Super Creeps) |
||
| B-side | «Crystal Japan» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | Mars 1981 | |
| Innspelt | Power Station, New York Good Earth, London Februar-april 1980 |
|
| Sjanger | Rock | |
| Lengd | 3:13 | |
| Selskap | RCA Records BOW 9 |
|
| Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
| Produsent | David Bowie, Tony Visconti | |
| David Bowie-kronologi | ||
| «Scary Monsters (and Super Creeps)» 1981 |
Up the Hill Backwards US 12" Single | «Under Pressure» 1981 |
«Up the Hill Backwards» er ein song av David Bowie frå 1980 på albumet Scary Monsters (and Super Creeps). Han vart gjeven ut som den fjerde og siste singelen frå albumet i mars 1981. Dette vart den siste singelen Bowie gav ut på RCA og for å minnast dette, trykte RCA nokre av platene i den gamle oransje RCA-etiketten i staden for den vanlege svarte.
Teksten vert ofte rekna som ein kommentar til den offentlege omtalen om skilsmissa hans med Angela Bowie, ein av fleire songar på albumet som omtalar kjendistilværet som eit toegga sverd. Han har òg vorte tolka som ein song om å møte kriser generelt.[1] Som den førre singelen, «Scary Monsters», spelar medprodusent Tony Visconti akustisk gitar på songen.
B-sida var «Crystal Japan», ein instrumental spelt inn i 1980 for ein japansk reklamefilm, der Bowie spelte. «Teenage Wildlife» var opphavleg valt ut som B-sida til «Up the Hill Backwards» før Bowie fann ut prisen tilhengjarane måtte betale for å importere singelen av «Crystal Japan» frå Japan. Han insisterte då på at songen måtte få ei utgjeving i Storbritannia.
Den ukommersielle stilen på «Up the Hill Backwards», i tillegg til at songen hadde vore tilgjengeleg på albumet i seks månader, gjorde at singelen berre nådde 32. plass i Storbritannia.
I USA gav RCA berre ut ein 12" singel som vart distribuert med eit sett på 36 frimerke, designa av Bowie sjølv. Frimerka er bilete av Bowie i Pierrot-kostymet hans (som sett på omslaget).
Innhaldsliste |
Innhald [endre]
- «Up the Hill Backwards» (Bowie) – 3:14
- «Crystal Japan» (Bowie) – 3:10
Medverkande [endre]
- Musikarar:
- David Bowie: Vokal, klaverinstrument
- Robert Fripp: Gitar
- George Murray: Bass
- Dennis Davis: Trommer
- Tony Visconti: Akustisk gitar
- Roy Bittan: Piano
Konsertversjonar [endre]
Songen vart spelt under Glass Spider-turneen og finst på konsertvideoen som følgde.
Andre utgjevingar [endre]
- Songen var B-sida til den franske utgåva av singelen «Scary Monsters (and Super Creeps)» i januar 1981.
- Sound and Vision-boksen
- Han var med på The Best of David Bowie 1980/1987.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Up the Hill Backwards» frå Wikipedia på engelsk, den 9. mai 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000, ISBN 1-903111-14-5
- www.bowie-singles.co.uk
- ↑ Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.113