Holy Holy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Holy Holy
Singel av David Bowie
B-side «Black Country Rock»
Utgjeve 17. januar 1971
Innspelt Trident Studios i London
juni 1970
Sjanger Rock
Lengd 3:13
Selskap Mercury
6052 049
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent Herbie Flowers
David Bowie-kronologi
«Memory of a Free Festival»
(1970)
Holy Holy «Moonage Daydream»
(1971)

«Holy Holy» er ein song av David Bowie gjeven ut som singel i 1971. Han vart spelt inn kort tid etter The Man Who Sold the World var ferdig sidan det ikkje var nokre klåre singlar på dette albumet. Som dei førre singlane til Bowie selde han dårleg og nådde ikkje lista.

På denne tida var Marc Bolan i T.Rex ei stor inspirasjonskjelde for Bowie. På denne songen, i følgje NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray, «påverka Bolan Bowie så mykje at det nesten var snakk om å vere besett av ein demon».[1] B-sida til singelen var ein annan Tyrannosaurus Rex-aktig song kalla «Black Country Rock». Bowie spelte «Holy Holy» på britiske Granada Television ikledd ein kjole,[2] som han òg hadde på seg på omslaget til den britiske utgåva av The Man Who Sold the World, som snart kom ut.

Ein meir oppjaga versjon av songen vart spelt inn i 1971 for The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars.[2] Han kom derimot ikkje med på albumet, men vart sidan gjeven ut som B-sida til «Diamond Dogs» i 1974. Denne versjonen vart òg gjeven ut som bonusspor på Rykodisc-utgåva av The Man Who Sold the World i 1990 (trass i at omslaget omtalar songen som den originale innspelinga), samt på bonusplata til Ziggy Stardust - 30th Anniversary Reissue i 2002. Bowie sjølv la ned veto på å ta med den originale innspelinga, seint i stadium, og singelutgjevinga frå 1970 er derfor den einaste offisielle utgjevinga av originalen.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

«Holy Holy» vart innspelt av Rozz Williams sitt deathrock-band, Shadow Project, for debutalbumet deira.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.32,36
  2. 2,0 2,1 David Buckley (1999) Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.97-98,119