Songen Diamond Dogs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Diamond Dogs
Singel av David Bowie
frå albumet Diamond Dogs
B-side «Holy Holy»
Utgjeve 14. juni 1974
Innspelt Ludolf Studios, Hilversum januar 1974
Sjanger Glamrock
Lengd 5:56
Selskap RCA Records
APBO 0293
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent David Bowie
David Bowie-kronologi
«Rock 'n' Roll Suicide»
(1974)
Diamond Dogs «Knock on Wood»
(1974)

«Diamond Dogs» er ein song frå 1974 av David Bowie og tittelsporet på albumet med same namn. Songen vart òg gjeven ut som singel same året.

Teksten introduserer lyttaren til den nyaste personen til Bowie: Halloween Jack som bur på toppen av eit leilighetskompleks i eit post-apokalyptisk Manhattan. Gitarstilen er kraftig påverka av The Rolling Stones og signaliserte at Bowie flyttar seg bort frå glamrock og nærare ein protopunk Stooges-aktig stil.[1]

Tittelsporet vert av mange rekna som eit uvanleg val for singel, og han nådde berre 21. plass i Storbritannia. I følgje NME-kritikarane Roy Carr og Charles Shaar Murray, var songen «som ein potensiell hitsingel uventa skuffande. For lang, for lite visjon, for vanskeleg å danse til... du veit kva det går i»[2]

Singelen nådde ikkje lista i SUA, men vart ein sentral del av den nordamerikanske turneen til Bowie i 1974.

B-sida til singelen var «Holy Holy» frå 1971, ei nyinnspeling frå innspelinga av Ziggy Stardust same året.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Eit konsertopptak frå 1974-turneen vart gjeven ut på David Live. Denne versjonen finst òg på den nederlanske samlinga Rock Concert. Eit anna konsertopptak frå 1974-turneen vart gjeven ut på det halvoffisielle albumet A Portrait in Flesh.

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Beck spelte inn ein versjon av «Diamond Dogs», produsert av Timbaland, for filmen Moulin Rouge! i 2001. Dansarane i filmen var òg kalla Diamond Dogs, på same vis som dansarane på turneen til Bowie i 1974.
  • Blind Willie's Johnson - Only Bowie (1995)
  • Dramarama - Konsertopptak (1992)
  • Duran Duran - Thank You (japansk utgåve 1995)
  • Rancid Vat - «Bowiecide»
  • Graveyard School - Hero: The Main Man Records Tribute to David Bowie (2007)
  • Gilby Clarke - Swag

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.63
  2. Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.64