TVC 15
| TVC 15 Singel av David Bowie frå albumet Station to Station |
||
| B-side | «We Are the Dead» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 30. april 1976 | |
| Innspelt | Anten Cherokee Studios i Hollywood eller Record Plant Studios i Los Angeles; oktober 1975 | |
| Sjanger | Rock | |
| Lengd | 5:33 (album) 3:43 (singel) |
|
| Selskap | RCA 2682 |
|
| Produsent | David Bowie, Harry Maslin | |
| David Bowie-kronologi | ||
| «Golden Years» (1975) |
TVC 15 | «Suffragette City» (1976) |
«TVC 15» er ein song skriven og spelt inn av David Bowie i 1976.
Songen var inspirert av ein episode der Iggy Pop, under ein dopinfluert periode heime hos Bowie, hallusinerte og trudde at fjernsynet hadde ete kjærasten hans. Bowie utvikla ei soge om eit holografisk fjernsyns, TVC 15. Etter at kjærasten kraup inn i fjernsynet og forsvann, ønskjer han å krype inn sjølv for å finne ho.
Songen er langt meir livleg enn resten av albumet, Station to Station. Han vart valt ut som den andre singelen frå albumet i Storbritannia, der han nådde 33. plass. Då Bowie ikkje unne spele på showet Top of the Pops for å promotere singelen, vart det nytta ein bisarr tolking av dansetruppen Ruby Flipper. B-sida «We Are the Dead» var henta frå det tidlegare albumet Diamond Dogs.
I Amerika vart «Stay» valt ut som den andre singelen frå albumet.
Innhaldsliste |
Innhald [endre]
- «TVC 15» (Bowie) – 3:43
- «We Are the Dead» (Bowie) – 4:58
Medverkande [endre]
- Musikarar:
- David Bowie: Vokal, gitar, klaverinstrument
- Carlos Alomar, Earl Slick: Gitar på «TVC 15»
- George Murray: Bass på «TVC 15»
- Dennis Davis: Trommer på «TVC 15»
- Roy Bittan: Piano på «TVC 15»
- Herbie Flowers: Bass på «We Are the Dead»
- Mike Garson: Piano på «We Are the Dead»
- Aynsley Dunbar: Trommer på «We Are the Dead»
Konsertversjonar [endre]
- Eit konsertopptak frå Heroes-turneen frå Philadelphia Spectrum, 28.-29. april 1978, vart gjeven ut på Stage.
- Den 14. desember 1979 framførte Bowie «TVC 15» som musikalsk gjest på Saturday Night Live, akkompagnert av Klaus Nomi og Joey Arias.
- Bowie song songen på Live Aid-konsertane i juli 1985. Denne var langt raskare og meir livleg enn originalen.
Andre utgjevingar [endre]
- Songen finst på fleire samleplater:
- The Best of Bowie (1980)
- Fame and Fashion (1984)
- Sound and Vision-boksen (1989)
- Bowie: The Singles 1969-1993 (1993)
- The Singles Collection (1993)
- Best of Bowie (2002)
- Singelversjonen finst på The Best of 1974/1979.
- Ein versjon som er kortare enn singelversjonen finst på Christiane F. soundtrack.
- Songen vart gjeven ut som ei biletplate i RCA Life Time-settet.
Andre versjonar [endre]
- Comateens – Comateens
- The Wannadies - Only Bowie (1995)
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «TVC 15» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mai 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000, ISBN 1-903111-14-5