Songen Young Americans
| Young Americans Singel av David Bowie frå albumet Young Americans |
||
| B-side | «Suffragette City» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 21. februar 1975 | |
| Innspelt | Sigma Sound Studios, Philadelphia; 11. november 1974 | |
| Sjanger | Rock, R&B | |
| Lengd | 5:10 (album) 3:11 (singel) |
|
| Selskap | RCA 2523 |
|
| Produsent | Tony Visconti | |
| David Bowie-kronologi | ||
| «Rock 'n' Roll with Me» (1974) |
Young Americans | «Fame» (1975) |
«Young Americans» er ein song av den engelske musikaren David Bowie, gjeven ut som singel i 1975 og på albumet med same namn.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
«Young Americans» var det første resultatet i studio etter at Bowie vart fiksert på soul på midten av 1970-talet, og singelen vart gjennombrotet hans som artist i USA. Stilen, ofte seinare kalla «plastikksoul» av Bowie sjølv, var blanda med ein kynisk tekst med referanse til Mccarthyisme, svart undertrykking via Rosa Parks, Richard Nixon (som hadde trekt seg som amerikansk president to dagar før innspelinga starta), samt ei tekstlinje frå The Beatles sin «A Day in the Life», «I heard the news today oh boy!». John Lennon, som skreiv tekstlinja, var med på to andre songar på albumet, og song korvokal og gitar på sin eigen «Across The Universe» og på «Fame», som han var med å skreiv. I falsett spør Bowie: «Ain't there one damn song that can make me... break down and cry?». Arrangementet for korvokalen vart foreslått av Luther Vandross.
Songen vart eit massivt gjennombrot i USA, der glamrock aldri tok særleg av utanom dei store byane. Songen nådde 28. plass på Billboard-lista, og var den største suksessen Bowie hadde hatt i USA til då. Songen er rangert på 481. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.
Innhald [endre]
Britisk utgåve [endre]
- «Young Americans» – 5:10
- «Suffragette City» (Live) – 3:45
Amerikansk utgåve [endre]
- «Young Americans» (singelversjon) – 3:16
- «Knock on Wood» (Live) (Eddie Floyd, Steve Cropper) – 3:03
Medverkande [endre]
- David Bowie – vokal, gitar
- Willie Weeks – bass
- Mike Garson – piano
- Andy Newmark – trommer
- David Sanborn – saksofon
- Pablo Rosario – perkusjon
- Larry Washington – congatrommer
- Ava Cherry – korvokal
- Robin Clark – korvokal
- Luther Vandross – korvokal
Andre medverkande [endre]
- Earl Slick – gitar på «Knock on Wood»
- Herbie Flowers – bass på «Knock on Wood»
- Tony Newman – trommer på «Knock on Wood»
- Mike Garson – piano på «Knock on Wood»
Konsertversjonar [endre]
- Eit opptak frå studio av «Young Americans» finst på DVDen The Dick Cavett Show: Rock Icons
Andre utgjevingar [endre]
- Songen finst på fleire samlealbum:
-
- ChangesOneBowie (1976)
- Best of Bowie (1980)
- Fame and Fashion (1984)
- Sound and Vision (1989)
- Changesbowie (1990)
- Bowie: The Singles 1969-1993 (1993)
- The Singles Collection (1993)
- Den amerikanske singelversjonen finst på The Best of 1974/1979, Rare, og den amerikansk/canadiske utgåva av Best of Bowie.
- Songen vart gjeven ut som biletdisk på RCA Life Time-biletdisksamling.
Andre versjonar [endre]
- The Braids - Here We Come (1998)
- The Cure - An XFM Compilation Album (1992)
- Everything - Drop Dead Gorgeous Soundtrack (1999)
- Lily of the Valley - Live Recording: Webster Hall, NYC
- Luther Vandross og Ava Cherry - Luther Vandross Live at Wembley, London
- Danny Michel - Loving the Alien: Danny Michel Sings the Songs of David Bowie
- Replica Schmeplica - Hero: The Main Man Records Tribute to David Bowie (2007)
I andre media [endre]
Songen vert spelt over rullteksten til Dogville og Manderlay, dei første to filmane i Lars Von Trier-triologien USA - Land of Opportunities. «Young Americans» var òg med på filmmusikken til John Hughes-filmen Sixteen Candles.[1]
Songen vart nytta i filmane Lord Of War og Down to You.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Young Americans (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 6. mai 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Pegg, Nicholas. The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000, ISBN 1-903111-73-0
| 482: «I'm Eighteen» Alice Cooper |
Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene 481 David Bowie – «Young Americans» |
480: «Into the Mystic» Van Morrison |