Cat People (Putting Out Fire)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cat People (Putting Out Fire)
Singel av David Bowie
frå albumet Cat People: Original Soundtrack
B-side «Paul's Theme (Jogging Chase)»
Utgjeve Mars 1982
Innspelt Mountain Studios i Montreux, juli 1982
Sjanger Rock
Lengd 4:08
6:41 (album)
Selskap MCA
Låtskrivar(ar) Giorgio Moroder (music)
David Bowie (tekst)
Produsent Giorgio Moroder
David Bowie-kronologi
Baal
(1982)
Cat People (Putting Out Fire) Peace on Earth/Little Drummer Boy
(1982)

«Cat People (Putting Out Fire)» er ein song av David Bowie og tittelsongen til filmen Cat People frå 1982. Han var skriven av Bowie i lag med produsent Giorgio Moroder. Ei nyinnspeling av songen kom ut på albumet Let's Dance. I 2009 vart den originale versjonen av songen nytta i filmen Inglourious Basterds.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Schrader spurte Bowie om han kunne laga ein temasong i 1981, etter at Moroder alt hadde skrive det meste av musikken. Bowie skulle skrive tekst til hovudtemaet. Teksten hadde berre svak tilknyting til filmen. B-sida til singelen var ein instrumental av Moroder.

Sjølv songen, som opprettheld den mørke tonen i filmen, har noko påverknad av goth rock og Bowie syng i ein djup baryton, medan eit kvinneleg kor syng bak han, ein kombinasjon The Sisters of Mercy skulle nytte mykje år seinare.

På grunn av kontrakten til Moroder vart singelen vart gjeven ut av MCA. Den fulle versjonen av songen kom med på filmmusikkalbumet, og på 12"-versjonen av singelen, medan ein 4:08 lang versjon vart gjeven ut som singel på 7". Singelen nådde 26. plass i Storbritannia og 67. plass i USA, og var den største hitten til Bowie i USA sidan «Golden Years». Songen nådde førsteplassen i New Zealand, Sverige og Noreg. I Noreg låg han totalt åtte veker på toppen.

Singelen vart gjeven ut tre forskjellige gonger av MCA. Først med «Cat People som A-side, så igjen to månader seinare med «Paul's Theme» som A-side, og til slutt i november 1982 med «Cat People» attende som A-side. Den ungarskfødde komponisten Sylvester Levay medverka til arrangementet av songen.

I 1983 spelte Bowie inn songen på ny for albumet Let's Dance. Denne versjonen vart òg gjeven ut som B-side til singelutgåva av tittelsporet og spelt på Bowie sin Serious Moonlight-turne. Han hadde opphavleg planlagt å nytte originalversjonen, men MCA Records nekta å gje frå seg lisensen, sidan Moroder var under kontrakt med dei på denne tida, og dei ønskte ikkje at eit konkurrerande selskap, EMI America, skulle nytte ein av songane til artistane deira.

I 2009 vart songen nytta i ein annan film, Quentin Tarantino sin Inglourious Basterds.

Sharleen Spiteri spelt ein ny versjon av songen i 2010 for albumet hennar The Movie Songbook.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1982) Plassering
Australia 15
Irland 17
New Zealand 1
Noreg[1] 1
Sverige[2] 1
Sveits[3] 8
Storbritannia[4] 26
USA Billboard Pop Singles 67
US Billboard Club Play Singles 14
US Billboard Mainstream Rock 9

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]