Breaking Glass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Breaking Glass
Singel av David Bowie
frå albumet Stage
B-side

«Art Decade»
«Ziggy Stardust»

Utgjeve November 1978
Innspelt Anten Philadelphia 28.-29. april; Providence 5. mai eller Boston 6. mai 1978
Sjanger Rock/Elektronisk
Lengd 3:28
Selskap RCA
BOW 1
Komponist Hazel O'Connor
Låtskrivar(ar) David Bowie
George Murray
Dennis Davis
Produsent Tony Visconti
David Bowie-kronologi 
«Beauty and the Beast»
1978
Breaking Glass «Boys Keep Swinging»
1979


«Breaking Glass» er ein song av den engelske artisten David Bowie. Han vart skriven av Bowie, bassist George Murray og trommeslagar Dennis Davis. Songen vart opphavleg gjeven ut på albumet Low i 1977. Ein omarbeidd versjon vart spelt på 1978-turneen og eit konsertopptak frå turneen vart gjeven ut som singel for å promotere konsertalbumet Stage i 1978. EPen nådde 54. plass på den britiske singellista i desember 1978.

I USA vart songen «Star» vald ut som singel frå albumet (med «What in the World» og «Breaking Glass» som B-sider), men nådde ikkje lista. I Japan vart «Blackout» gjeven ut på singel.

«Breaking Glass» vart framført på turneane i 1978, 1983, 1995–1996, 2002 og 2003-2004.

Tekst[endre | endre wikiteksten]

Den originale songen var kompromisslaus sjølv til Low å vere. Den fragmenterte teksten, var som fleire andre songar skriven under perioden Bowie budde i Berlin, sjølvgranskande på den mørke, narkotikafylte perioden då han budde i Amerika i 1976-1976. Teksten såg meir ut som ein paragraf enn ein song, og då han vart delt inn i frasar, gav han songen ein usamanhengande kjensle. Songen er òg merkverdig kort, med berre eitt vers og ei lengd på under to minutt.

Linjene «Don't look at the carpet; I drew something awful on it» syner til at Bowie teikna Livstreet på golvet i denne perioden, sidan han var interessert i Aleister Crowley og Kabbalah på denne tida.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

  1. «Breaking Glass» (Bowie, Davis, Murray) – 3:28
  2. «Art Decade» (Bowie) – 3:10
  3. «Ziggy Stardust» (Bowie) – 3:32

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «A NEW CAREER IN A NEW TOWN (1977 – 1982) - David Bowie Latest News». DavidBowie.com. 22. juli 2016. Arkivert frå originalen 29. juli 2014. Henta 14. august 2021.