Blue Jean
| Blue Jean Singel av David Bowie frå albumet Tonight |
||
| B-side | «Dancing with the Big Boys» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | September 1984 | |
| Innspelt | Le Studio i Morin Heights i mai 1984 | |
| Sjanger | Rock | |
| Lengd | 3:08 | |
| Selskap | EMI America - EA181 | |
| Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
| Produsent | David Bowie, Hugh Padgham, Derek Bramble | |
| David Bowie-kronologi | ||
| «White Light/White Heat» (1983) |
Blue Jean | «Tonight» (1984) |
«Blue Jean» er ein song frå albumet Tonight av David Bowie frå 1984. Han er ein av berre to songar på albumet som er skriven av Bowie aleine, og vart gjeven ut som den første singelen frå albumet, like før albumet kom ut.
Songen er laust inspirert av Eddie Cochran, og er ein ukomplisert komposisjon som sender tankane attende til den tidlegare Bowie-songen «The Jean Genie». Songen vert generelt rekna som ein av dei betre på eit heller skuffande album.
Etter den store kommersielle suksessen med det førre albumet til Bowie, Let's Dance, singlane og Serious Moonlight Tour, vart «Blue Jean» med brask og bram. Julien Temple regisserte ein 21 minuttar lang kortfilm for å promotere songen, Jazzin' for Blue Jean. Biten der songen vart framført vart klippa ut og nytta som ein vanleg musikkvideo.
«Blue Jean» vart ein hit i Storbritannia og Amerika og nådde høvesvis 6. og 8. plass. Songen vart spelt av Bowie på konsertane hans gjennom 1980-åra og tidleg i 1990-åra.
Innhaldsliste |
Innhald [endre]
7"-versjonen [endre]
- «Blue Jean» - 3:08
- «Dancing with the Big Boys» - 3:32
- Somme versjonar av singelen kom ut på blå vinyl.
12"-versjonen [endre]
- «Blue Jean» (Extended Dance Mix) - 5:15
- «Dancing with the Big Boys» (Extended Dance Mix) - 7:28
- «Dancing with the Big Boys» (Extended Dub Mix) - 7:15
- «Blue Jean» (Extended Dance Mix) remiksa av John «Jellybean" Benitez.
- «Dancing with the Big Boys» remiksane var produsert av Arthur Baker.
Medverkande [endre]
- Produsentar
- Musikarar
- David Bowie: Vokal
- Carlos Alomar: Gitar
- Derek Bramble: Bass, synthesizer
- Carmine Rojas: Bass
- Sam Figueroa: Perkusjon
- Omar Hakim: Trommer
- Guy St Onge: Marimba
Andre utgjevingar [endre]
- Songen finst på samleplatene
- Changesbowie (1990)
- Bowie: The Singles 1969-1993 (1993)
- The Singles Collection (1993)
- Best of Bowie (2002)
- The Best of David Bowie 1980/1987 (2007)
Videoversjonar [endre]
Det er tre versjonar av videoen:
- Den fulle 21 minuttar lange kortfilmen heiter Jazzin' for Blue Jean
- Ein tre minuttar lang versjon vart klippa ut av kortfilmen. Denne videoen er tilgjengeleg for nedlasting til videospelet for Xbox 360 kalla Lips.
- Ein alternativ versjon spelt inn for MTV i England har ingen tilknytting til dei andre videoane. Denne versjonen vart gjeven ut på DVDen Best of Bowie i 2002.
Andre versjonar [endre]
- Example 2 - Ashes to Ashes: A Tribute to David Bowie (1998)
- Gallery of Fear - The Dark Side of David Bowie: A Tribute to David Bowie (1997)
- Pennywise
- Trench - Hero: The Main Man Records Tribute to David Bowie (2007)
- Papercranes - We Were So Turned On: A Tribute to David Bowie (2010)
Plasseringar [endre]
| Liste (1984) | Plassering |
|---|---|
| Australia | 12 |
| Austerrike | 16 |
| Canada | 4 |
| Frankrike | 22 |
| Tyskland | 21 |
| Irland | 3 |
| Noreg | 3 |
| Sverige | 5 |
| Sveits | 14 |
| Storbritannia | 6 |
| US Billboard Hot 100 | 8 |
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Blue Jean» frå Wikipedia på engelsk, den 22. september 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000, ISBN 1-903111-14-5