'hours...'
'hours...' Studioalbum av David Bowie | ||
Utgjeve | 4. oktober 1999 | |
Innspelt | Seaview i Bermuda | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 47:06 | |
Selskap | Virgin – V 2900 | |
Produsent | David Bowie og Reeves Gabrels | |
Kritikk | ||
---|---|---|
|
||
David Bowie-kronologi | ||
Earthling (1997) |
hours... | Heathen (2002)
|
'hours...' er eit album frå 1999 av den britiske musikaren David Bowie. Det vart gjeve ut 10. oktober 1999 på Virgin Records. Dette var det siste albumet til Bowie på denne EMI-etiketten.
Mange av songane på 'hours...' vart opphavleg nytta i alterantive versjonar for videospelet Omikron: The Nomad Soul, som òg hadde karakterar basert på Bowie, kona hans Iman, gitaristen Reeves Gabrels og bassisten Gail Ann Dorsey.
For å tromme saman interesse for det komande albumet vart det halden ein «Cyber Song»-konkurranse på nettsida til Bowie, BowieNet, om å skrive tekst til ein instrumental versjon av songen «What's Really Happening». Vinnarteksten skulle nyttast på 'hours...' . Vinnaren vart Alex Grant som òg vann ein tur til Philip Glass sitt Looking Glass Studios den 24. mai 1999 for å sjå Bowie spele inn den endelege vokalen, som òg vart sendt live på nettet. Der medverka Grant med korvokal til songen, i lag med ein ven av seg.
Plateomslaget var designa av Rex Ray med fotografi av Tim Bret Day og Frank Ockenfels, og syner ein korthåra Bowie-person frå det særs energiske førre albumet Earthling som kviler utsliten i armane på ein langhåra, meir ungdommeleg versjon av Bowie. 'hours...' er òg eit mykje rolegare album enn føregjengaren og har mange referansar til tidlegare songar av Bowie, særleg frå tidleg i 1970-åra. Dei første utgåvene av albumet kom mellom anna i eit linseforma omslag, som gav ein tredimensjonal effekt til omslaget.
I januar 2005 gav det nye selskapet til Bowie ISO Records ut 'hours...' på nytt som ei dobbelplate der den andre plata inneheld remiksar, alternative versjonar og B-sider frå singlane.
Det var det første Bowie-albumet som ikkje nådde Topp 40 i USA sidan Ziggy Stardust og nådde berre 47. plass.
Innhald[endre | endre wikiteksten]
Alle songar er skrivne av David Bowie og Reeves Gabrels, bortsett frå «What's Really Happening?» som har tekst av Alex Grant.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Thursday's Child» | 5:24 |
2. | «Something in the Air» | 5:46 |
3. | «Survive» | 4:11 |
4. | «If I'm Dreaming My Life» | 7:04 |
5. | «Seven» | 4:04 |
6. | «What's Really Happening?» | 4:10 |
7. | «The Pretty Things Are Going to Hell» | 4:40 |
8. | «New Angels of Promise» | 4:35 |
9. | «Brilliant Adventure» | 1:54 |
10. | «The Dreamers» | 5:14 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
11. | «We All Go Through» |
2005-utgåva[endre | endre wikiteksten]
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Thursday's Child» | 5:24 |
2. | «Something in the Air» | 5:46 |
3. | «Survive» | 4:11 |
4. | «If I'm Dreaming My Life» | 7:04 |
5. | «Seven» | 4:04 |
6. | «What's Really Happening?» | 4:10 |
7. | «The Pretty Things Are Going to Hell» | 4:40 |
8. | «New Angels of Promise» | 4:35 |
9. | «Brilliant Adventure» | 1:54 |
10. | «The Dreamers» | 5:14 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Thursday's Child» (Rock Mix) | 4:29 |
2. | «Thursday's Child» (Omikron: The Nomad Soul Slower Version) | 5:35 |
3. | «Something in the Air» (American Psycho Remix) | 6:03 |
4. | «Survive» (Marius de Vries Mix) | 4:18 |
5. | «Seven» (Demo) | 4:07 |
6. | «Seven» (Marius De Vries Mix) | 4:13 |
7. | «Seven» (Beck Mix #1) | 3:46 |
8. | «Seven» (Beck Mix #2) | 5:14 |
9. | «The Pretty Things Are Going to Hell» (Edit) | 4:00 |
10. | «The Pretty Things Are Going to Hell» (Stigmata Film Version) | 4:49 |
11. | «The Pretty Things Are Going to Hell» (Stigmata Film Only Version) | 4:00 |
12. | «New Angels of Promise» (Omikron: The Nomad Soul Version) | 4:38 |
13. | «The Dreamers» (Omikron: The Nomad Soul Longer Version) | 5:43 |
14. | «1917» | 3:29 |
15. | «We Shall Go to Town» | 3:55 |
16. | «We All Go Through» | 4:11 |
17. | «No One Calls» | 3:50 |
Singlar[endre | endre wikiteksten]
- «Thursday's Child» (20. september 1999)
- «The Pretty Things Are Going to Hell» (14. oktober 1999, berre Australia og Japan)
- «Survive» (24. januar 2000)
- «Seven» (17. juli 2000)
Medverkande[endre | endre wikiteksten]
- Produsentar
- David Bowie
- Reeves Gabrels
- Miksa av:
- Musikarar:
- David Bowie: Vokal, tangentinstrument, 12-strengs akustisk gitar, Roland 707 trommemaskin.
- Reeves Gabrels: Elektrisk gitar og akustisk 6- og 12-strengsgitar, trommemaskin, syntheziser
- Mark Plati: Bassgitar, akustisk & elektrisk 12-strengs gitar, synth og trommemaskin, mellotron på «Survive»
- Mike Levesque: trommer
- Sterling Campbell: Trommer på «Seven», «New Angels of Promise» og «The Dreamers»
- Chris Haskett: Rytmegitar på «If I'm Dreaming My Life»
- Everett Bradley: perkusjon på «Seven»
- Holly Palmer: Korvokal på «Thursday's Child»
Lister[endre | endre wikiteksten]
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1999 | Noreg | 4 |
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «'Hours...'» frå Wikipedia på engelsk, den 28. september 2011.
- ↑ « 'Hours...' Review». Allmusic.com. Henta 28. september 2011.
- ↑ « 'Hours...' Review». Pitchforkmedia.com. Arkivert frå originalen 2007-07-24. Henta 28. september 2011.
- ↑ « 'Hours...' Review». Musicbox-online.com. Arkivert frå originalen den 2007-11-16. Henta 28. september 2011.
- ↑ « 'Hours...' Review». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 22 juni 2008. Henta 28. september 2011.