Folkehøgskular i Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Frilynt folkehøgskule)
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjå òg folkehøgskule.

Folkehøgskular i Noreg er skular som legg vekt på å gi allmenndanning utan bruk av eksamen eller karakterar. Dei fleste norske folkehøgskulane rettar seg mot vaksen ungdom og tilbyr linjefag knytte til fritidssyssel og særinteresser, som friluftsliv, idrett, teater, dans og musikk. I tillegg til linjefaga har mange av dei norske folkehøgskulane fellesfag, seminar og ulike valfag på tvers av linjene. Mesteparten av elevane som går på folkehøgskule i Noreg tar heilårskurs på ni månader, men nokre av folkehøgskulane tilbyr òg lengre eller kortare kurs.

Den fyrste norske folkehøgskulen var SagatunHamar, som vart grunnlagt i 1864 av Olaus Arvesen og Herman Anker. Ti år etter vart amtsskulane oppretta av styresmaktene som ei motvekt til folkehøgskulane, og frå slutten av 1800-talet fekk folkehøgskulane ytterlegare konkurranse av kristelege ungdomsskular. I 1949 vart Lov om folkehøyskoler vedteke, som samla dei tre skuletypane under felles lov og namn. Dermed vart alle skulane samla under nemninga folkehøgskule.

I 2016 er det 80 folkehøgskular i drift i Noreg, og dei er jamnt fordelt ut over heile landet. 32 av dei er kristelege folkehøgskular som har valt eit kristeleg grunnsyn og er eigd av kristelege organisasjonar. Dei resterande 48 folkehøgskulane er frilyndte skular, som har eit ope grunnsyn og er eigd av anten frittståande organisasjonar, fylkeskommunar eller ulike interesseorganisasjonar. Kvart år vel om lag 10 prosent av elevkulla i Noreg å gå eit år på folkehøgskule.

Folkehøgskulerørsla i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Den danske teologen og diktaren Nikolai Frederik Severin Grundtvig (1783–1872) blir rekna som opphavsmannen til folkehøgskulen i dag. Grundtvig ønskte å skapa ei motvekt til den einsidige kunnskapsdyrkinga i latinskulane og ville skipa ein skule som skulle vera fri for eksamen og pensum, der elevane skulle kunna utvikla seg gjennom engasjerte foredrag og samtalar.[1]

Sagatun folkehøyskole, den fyrste folkehøgskulen i Noreg.

Grundtvig skreiv i 1837 eit brev, «Til Nordmænd om en norsk Højskole», som fortalde om skuletankane han hadde. Ideen vart etter kvart etablert i lærarkrinsar omkring Ole Vig (1824–1857), som fekk tankar om å skipa ein sentral folkehøgskule for heile Noreg i Gudbrandsdalen. Den fyrste norske folkehøgskulen, Sagatun ved Hamar, vart skipa i 1864 av Olaus Arvesen (1830–1917) og Herman Anker (1839–1896). Skulen var etablert på eit grundvigansk idégrunnlag. Dermed vart idéen til Vig sett i live og då folkehøgskulen på Sagatun vart innvigd, mintest grunnleggjarane om innsatsen og inspirasjonen som Ole Vig hadde bidrege med inntil han døydde.

Etter kvart vart det etablert fleire folkehøgskular i Noreg. Mest kjent i ettertida er kanskje skulen Vonheim i Gausdal, som vart driven av Christopher Bruun og som la vekt på nasjonal, politisk og kristeleg opplysning. Vonheim skilde seg frå Sagatun i framhevinga av bondekultur og det særnorske. Folkehøgskulane vakte politisk debatt og i 1874 utforma Jacob Aall Bonnevie (skuledirektør i Nidaros) eit forslag om å oppretta amtsskular. Tanken var at desse skulle få statsstønad og utkonkurrera dei grundvigianske skulane som nokre var skeptiske til. Etter kvart måtte også fleire folkehøgskular leggja ned drifta. I 1890 fekk folkehøgskulane ein ny konkurrent med dei kristelege ungdomsskulane. Utover på 1900-talet vart det vedteke at alle tre skuleslaga skulle få statstilskot.

I 1949 vart Lov om folkehøyskoler vedteken og samla dei dåverande folkehøgskulane, fylkesskulane og dei kristelege ungdomsskulane under same nemning, som vart folkehøgskule. Mange av dei kristelege ungdomsskulane skifta ikkje namn til folkehøgskule før etter 1970, då dei tre siste åra av grunnskulen vart kalla ungdomsskule.

Folkehøgskulen i dag[endre | endre wikiteksten]

Mange norske folkehøgskular har linjefag som fokuserer på friluftsliv.

Det er i dag (2016) 80 folkehøgskular i drift i Noreg. Dei fleste av dei har vorte grunnlagt på 1800- og 1900-talet, og etter 1980-åra har det vorte etablert svært få nye folkehøgskular. Etablering av nye folkehøgskular i Noreg har vist seg å vera vanskeleg, og svært få prosjekt blir godkjente.[2][3]

Den norske folkehøgskuletradisjonen har utvikla seg i to hovudretningar, dei kristelege og dei frilyndte folkehøgskulane. Per 2016 er 32 av folkehøgskulane i Noreg kristelege folkehøgskular. Dei byggjer på eit kristeleg grunnsyn, er medlemmar av Informasjonskontor for kristen folkehøgskole og er eigd av ulike kristelege organisasjonar. Dei resterande 48 folkehøgskulane i Noreg høyrer under dei frilyndte folkehøgskulane. Dei byggjer på eit ope grunnsyn, er medlemmar av Informasjonskontoret for folkehøgskolen og er eigd av anten frittståande organisasjonar, fylkeskommunar eller ulike interesseorganisasjonar.[4]

Etter 1970-åra byrja undervisninga i folkehøgskulane å primært retta seg mot fritidssyssel og særinteresser, som friluftsliv, idrett, musikk, dans, teater, forming og filosofi. I dei seinare åra har det vorte vanlegare med linjefag som utvikling av dataspel, ekstremsport, reiseliv og utviklingshjelp. Aktuelle interessefelt og trendar kan vera grunnlag for nye linjefag. Til dømes har Seljord folkehøgskule i 2015 starta ei linje basert på korleis vikingane levde, etter at TV-seriar som Game of Thrones og Vikings har auka interessa for vikingkulturen.[5]

Elevar som går eit år på folkehøgskule i dag kan søkja om stipend eller lån for å finansiera skuleåret. Eit fullført år på folkehøgskule gir to konkurransepoeng for alle som vil gå vidare med høgare offentleg utdanning. Det har vore politisk usemje om ein skal halda fram med å gi økonomisk stønad og studiepoeng for å gå eit år på folkehøgskule.[6] Kvart år vel ikring 10 prosent av dei norske elevkulla å gå eit år på folkehøgskule. I 2014 og 2015 har dei fleste norske folkehøgskulane opplevd auka pågang[7], og framgangen har vore sterkast for folkehøgskulane i Nord-Noreg og på Vestlandet.[8]

Liste over folkehøgskular i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Frilyndte folkehøgskular[endre | endre wikiteksten]

Namn Stad Fylke Grunnlagt
Agder folkehøgskole Søgne Vest-Agder 1918
Arbeiderbevegelsens folkehøgskole Ringsaker Hedmark 1939
Bømlo folkehøgskule Finnås Hordaland 1983
Buskerud folkehøgskole Darbu Buskerud 1909
Elverum folkehøgskule Elverum Hedmark 1928
Fana folkehøgskule Hjellestad, Bergen Hordaland 1915
Fjordane folkehøgskole Nordfjordeid Sogn og Fjordane 1876
Follo folkehøgskole Vestby Akershus 1876
Fosen folkehøgskole Rissa Trøndelag 1876
Hadeland folkehøgskole Brandbu Oppland 1906
Hallingdal folkehøgskule Gol Buskerud 1959
Hardanger folkehøgskule Lofthus Hordaland 1869
Harstad folkehøgskole Harstad Troms 1919
Jæren folkehøgskule Kleppe Rogaland 1899
Karmøy folkehøgskule Kopervik Rogaland 1906
Lofoten folkehøgskole Kabelvåg Nordland 1901
Manger folkehøgskule Manger Hordaland 1877
Møre folkehøgskule Ørsta Møre og Romsdal 1899
Namdals folkehøgskole Grong Trøndelag 1884
Nansenskolen Lillehammer Oppland 1938
Nordiska folkhögskolan Kungälv Sverige 1947
Nordmøre folkehøgskule Surnadal Møre og Romsdal 1920
Nordnorsk pensjonistskole Sømna Nordland 1991
Norsk Senter for Seniorutvikling Melsomvik Vestfold 1979
Numedal folkehøgskole Rollag Buskerud 1918
Pasvik folkehøgskole Svanvik, Sør-Varanger Finnmark 1970
Peder Morset folkehøgskole Selbustrand Trøndelag 1975
Ringebu folkehøgskule Ringebu Oppland 1876
Ringerike folkehøgskole Hønefoss Buskerud 1876
Romerike folkehøgskole Jessheim Akershus 1876
Seljord folkehøgskule Seljord Telemark 1971
Setesdal folkehøgskule Valle Aust-Agder 2010
SKAP Kreativ folkehøyskole Mandal Vest-Agder 2016
Skiringssal folkehøyskole Sandefjord Vestfold 1876
Skjeberg folkehøyskole Skjeberg Østfold 1876
Skogn folkehøgskole Skogn Trøndelag 1904
Sogndal folkehøgskule Sogndal Sogn og Fjordane 1871
Solbakken folkehøgskole Os, Sør-Odal Hedmark 1946
Sund folkehøgskole Inderøy Trøndelag 1868
Sunnhordland folkehøgskule Halsnøy Hordaland 1868
Toneheim folkehøgskole Ridabu, Hamar Hedmark 1970
Torshus folkehøgskule Fannrem Trøndelag 1903
Toten folkehøgskole Lena Oppland 1882
Trøndertun folkehøgskole Gimse, Melhus Trøndelag 1919
Vefsn folkehøgskole Mosjøen Nordland 1899
Voss folkehøgskule Voss Hordaland 1895
Ål folkehøyskole Ål Buskerud 1974
Åsane folkehøgskole Bergen Hordaland 1966

Kristelege folkehøgskular[endre | endre wikiteksten]

Namn Stad Fylke Grunnlagt
Bakketun folkehøgskole Verdal Trøndelag 1915
Bjerkely folkehøyskole Åsnes Hedmark 1918
Borgund folkehøgskole Ålesund Møre og Romsdal 1914
Danvik folkehøgskole Drammen Buskerud 1913
Folkehøgskolen 69° Nord Mortenhals, Balsfjord Troms 1984
Folkehøgskolen Nord-Norge Evenskjer Troms 1974
Folkehøgskolen Sørlandet Birkeland Aust-Agder 1912
Fredly folkehøgskole Børsa Trøndelag 1899
Grenland folkehøgskole Porsgrunn Telemark 1920
Haugetun folkehøyskole Rolvsøy Østfold 1912
Hedmarktoppen folkehøyskole Hamar Hedmark 1970
Holtekilen folkehøgskole Stabekk, Bærum Akershus 1958
Hurdal Verk folkehøgskole Hurdal Akershus 1917
Høgtun folkehøgskole Torvikbukt Møre og Romsdal 1917
Jeløy folkehøyskole Moss Østfold 1971
Kristiansand folkehøyskole Kristiansand Vest-Agder 2015
Lundheim folkehøgskole Moi Rogaland 1952
Molde folkehøgskole Molde Møre og Romsdal 1917
Nordfjord folkehøgskule Vereide Sogn og Fjordane 1914
Nordhordland folkehøgskule Frekhaug Hordaland 1918
Risøy folkehøyskole Gjeving, Tvedestrand Aust-Agder 1936
Rødde folkehøgskole Melhus Trøndelag 1920
Rønningen folkehøgskole Kjelsås Oslo 1969
Sagavoll folkehøgskole Gvarv Telemark 1893
Sandvik folkehøgskole Mosjøen Nordland 1974
Solborg folkehøgskole Stavanger Rogaland 1913
Stavern folkehøyskole Stavern Vestfold 1921
Sunnfjord folkehøgskule Førde Sogn og Fjordane 1902
Sunnmøre folkehøgskule Ulsteinvik Møre og Romsdal 1908
Valdres folkehøgskule Leira Oppland 1899
Viken folkehøgskole Gjøvik Oppland 1910
Øytun folkehøgskole Alta Finnmark 1917

Nedlagde norske folkehøgskular[endre | endre wikiteksten]

  • Dovre folkehøgskule, Dovre (1915–1918)
  • Fredheim folkehøgskole, Rognan (1913–2001)
  • Hadsel folkehøyskole, Stokmarknes (1969–1999)
  • Heimly folkehøgskole, Finnsnes (1916–2001)
  • Kvås folkehøgskole, Kvås (1921–2007)
  • Ryfylke folkehøgskule, Sand (1912–2001)[9]
  • Sagatun folkehøyskole, Hamar (1864–1891)
  • Samisk folkehøgskole (1936–1985) (1991–2001)
  • Senja folkehøgskole, Ibestad (1876–1984)
  • Solhov folkehøgskole, Lyngen (1912–1987)
  • Tryggheim folkehøgskule, Nærbø
  • Vestmar folkehøgskole, Drangedal
  • Vonheim, Gausdal (1867–2009)

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Per Halse (10.05.2013). «Folkehøgskule». Allkunne. Henta 30. juli 2015. 
  2. «Nesten umulig å starte nye folkehøgskoler i Norge» (PDF). frilyntfolkehogskole.no. 03.08.2010. Henta 5. august 2015. 
  3. Bettine Nicotra (18.03.2015). «Sliter med å komme gjennom nåløyet». Journalen. Henta 5. august 2015. 
  4. «Dette er folkehøgskole». folkehogskole.no. Henta 2. desember 2018. 
  5. Øystein Windstad (03.08.2015). «Startar vikinglinje på Seljord folkehøgskule». NRK. Henta 5. august 2015. 
  6. Marianne Terjesen (30.03.2014). «Vil kutte støtte til folkehøgskole». NRK. Henta 30. juli 2015. 
  7. Sigrid Havig Berge (28.04.2015). «Folkehøgskolene opplever rekordpågang». NRK. Henta 30. juli 2015. 
  8. Inger Johanne Ruset (19.03.2014). «Folkehøgskulane fyller seg raskare». NRK. Henta 30. juli 2015. 
  9. Heidi Hjorteland Wigestrand (24.04.2001). «Ryfylke folkehøgskule må leggjast ned». Stavanger Aftenblad. Henta 30. juli 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Folkehøgskular i Noreg