Ashes to Ashes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ashes to Ashes
Singel av David Bowie
frå albumet Scary Monsters (and Super Creeps)
Utgjeve 8. august 1980
Innspelt Power Station, New York
Good Earth, London
Februar–april 1980
Sjanger New Wave
Lengd 3:35 (7" single edit)
4:23 (Full-length album version)
Selskap RCA Records
BOW 6
Produsent David Bowie, Tony Visconti
David Bowie-kronologi
«Crystal Japan»
(1980)
Ashes to Ashes «Fashion»
(1980)

«Ashes to Ashes» er ein song av David Bowie frå albumet Scary Monsters (and Super Creeps) frå 1980. Songen vart gjeven ut på singel og nådde førsteplassen i Storbritannia. I tillegg til den musikalske kvaliteten er songen kjend for den nyskapande musikkvideoen, regissert av Bowie og David Mallet. Teksten omhandlar på ny karakteren Major Tom frå den tidlegare Bowie-songen «Space Oddity», som han igjen refererte til i 1995 på songen «Hallo Spaceboy». Bowie har sagt at med «Ashes to Ashes» «oppsummerte eg verkeleg 70-talet for meg sjølv, og det ser ut til å vere ein god nok epitaf for det».[1]

Musikk og tekst[endre | endre wikiteksten]

Songen er melankolsk og sjølvgranskande og Bowie tolkar på ny ein «a guy that's been in such an early song» («ein fyr frå ein gammal song»), nemleg Major Tom frå den første hitten hans frå 1969, «Space Oddity». Det er sagt at songen «inneheld fleire meldingar per sekund» enn nokon annan singel frå 1980,[2] men han inneheld òg enkle refleksjonar om moralen og den kunstnariske reisa til songaren:

I've never done good things
I've never done bad things
I never did anything out of the blue

I staden for ein hippie-astronaut som slappar av mellom stjernene, borte frå den krasse og materielle verda, skildrar songen Tom som ein «junkie, strung out in heaven's high, hitting an all-time low» (ein narkoman, oppe på himmelen, som når tidenes lågpunkt). Denne teksten vart tolka som eir ordspel på tittelen på Bowie-albumet frå 1977, Low, som omhandla korleis Bowie trekte seg inn i seg sjølv under narkotikamisbruken sin i Amerika kort tid før.[2]

Dei siste linjene, «My mother said, to get things done, you better not mess with Major Tom», har vorte samanlikna med versa frå eit barnerim:[3]

My mother said
That I never should
Play with the gypsies in the wood

Bowie sjølv sa i eit intervju med NME kort tid etter singelen kom ut, «det er faktisk ein ode til barndommen, om du vil, eit populært barnerim. Han handlar om rom-menn som vert narkomane (ler).»[4]

Musikalsk var «Ashes to Ashes» merkverdig for den syntetiske lyden av strykarar, mot ein hard funkbass og komplekse vokalar. Lydmessig er det kanskje det mest sofistikerte verket til Bowie, med ein korliknande tekstur skapt av Chuck Hammer med ein firespors gitar-synthesizer, som kvar speler motståande akkord-inversjonar. Dette vart underbygd av den gravalvorlege stemma til Bowie i bakgrunnen.[5]

Video[endre | endre wikiteksten]

Videoen til «Ashes to Ashes» var ein av dei mest ikoniske i 1980-åra. Han kosta £250 000 og var på den tida den dyraste musikkvideoen som var laga til då.[3] Han nytta scenar både i solariserte fargar (hjelpt av ein nyskapande Quantel Paintbox-teknikk) og i naken svart-kvitt, med Bowie i det prangande Pierrot-kostymet som var den dominerande visuelle representasjonen frå Scary Monsters-fasen hans. Med i videoen var òg Steve Strange og andre medlemmar av Blitz-miljøet i London, som Judith Franklin og Darla Jane Gilroy, føregjengarar (og seinare deltakarar i) New Romantic-miljøet som var kraftig påverka av musikken og stilen til Bowie.[3][6]

Bowie skildrar scenen av han sjølv og Blitz-ungdomen som marsjerer mot kamera føre ein bulldosar som eit symbol på «komande vald»[7] Sjølv omd et ser ut til at to av ungdommane bukkar no og då, så prøvde dei faktisk å trekkje kjolane sine bort frå bulldosaren slik at dei ikkje vart fanga.[6] Scenane av songaren i romdrakta og andre scenar som viser han låst i det som ser ut til å vere eit polstra rom, var begge referansar til Major Tom og den nye sørgjelege tolka til Bowie av han. I motsetnad til det mange trudde, er ikkje den eldre kvinna som skjenner på Bowie den verkelege mora hans.[1]

Lesarane av Record Mirror kåra «Ashes to Ashes» og den neste singelen til Bowie, «Fashion», til dei beste musikkvideoane i 1980.[8]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

«Ashes to Ashes» nådde 4. plass i Storbritannia den første veka han kom ut og klatra heilt til topps veka etter. Dette var den raskast seljande Bowie-singelen til då.[3] Han vart gjeven ut med tre forskjellige omslag.[9] B-sida, «Move On», var ein song frå det førre albumet, Lodger (1979). På den amerikanske utgåva av singelen var det «It's No Game (No. 1)» som var B-side. Singelen nådde 101. plass i USA og 3. plass i Noreg.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ashes to Ashes» (Bowie) – 3:34
  2. «Move On» (Bowie) – 3:16

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.29–31
  2. 2,0 2,1 Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.109–116
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 David Buckley (1999). Strange Fascination – David Bowie: The Definitive Story: s.366–369
  4. Angus MacKinnon (1980). "The Future Isn't What It Used to Be". NME (13 September 1980): s.37
  5. Chris Welch (1999). David Bowie: We Could Be Heroes: s.136
  6. 6,0 6,1 Steve Strange at The Blitz Kids
  7. Steve Malins (2007). "Meeting the New Romantics", MOJO 60 Years of Bowie: s.78
  8. Nicholas Pegg (2000). Op Cit: s.75–76
  9. 9,0 9,1 Scary Monsters at BowieGoldenYears