Joe the Lion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Joe the Lion
Song av David Bowie
frå albumet “Heroes”
Utgjeve 14. oktober 1977
Innspelt Juli–august 1977
Sjanger Kunstrock, krautrock
Lengd 3:05
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent David Bowie, Tony Visconti

«Joe the Lion» er ein song skriven av David Bowie i 1977 for albumet “Heroes”. Han vart produsert av Bowie og Tony Visconti med sologitar av Robert Fripp.

Songen er dels ein hyllest til performancekunstnaren Chris Burden,[1] som var kjend for å krossfeste seg sjølv til ein Volkswagen i 1974 («Nail me to my car and I'll tell you who you are») og for å ha ein assistent skyte seg i armen i eit kunstgalleri i 1971 («Guess you'll buy a gun / You'll buy it secondhand»). «Joe the Lion» vert òg rekna for å gjenspegle kampen til Bowie for å overvinne den kjenslemessige nummenheita som såg ut til å gjennomsyre det førre albumet hans Low («You get up and sleep»).[2]

Bowie øvde inn songen for Isolar II-turneen i 1978,[3] men songen vart ikkje framført på ein Bowie-konsert før i 1983 under Serious Moonlight-turneen og i 1995 på Outside-turneen. Han vart òg vurdert for, men ikkje framført på Glass Spider-turneen turneen.

«Joe the Lion» er av kritikaren Chris O'Leary blitt skildra som «fenomenal» og «ein av dei beste Bowie-songane frå seint i 70-åra».[4]

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Songen kom ut som B-side til den amerikanske versjonen av «John, I’m Only Dancing (Again)» i desember 1979.
  • Han er komen ut på samlealbumet:
  • Ein remiska versjon der dei forvrengde gitarane og trommene på originalen vart byta ut med lydar som reflekterte produksjonsverdiane frå slutten av 1980-åra. Denne kom ut på Rykodisc-versjonen av “Heroes” i 1991.
  • Eit ikkje tidlegare utgjeven opptak frå ei øving under ein lydsjekk for Isolar II-turneen kom ut i februar 2020 som ei biletplate i lag med eit konsertopptak av «Alabama Song».[3]
  • Momus framførte ein versjon av «Joe the Lion» i 2015 på albumet Turpsycore.

Konsertopptak[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. David Buckley (1999). Strange Fascination – David Bowie: The Definitive Story: p.320
  2. Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: p.92
  3. 3,0 3,1 «Alabama Song 40th anniversary picture disc». David Bowie (på engelsk). Henta 7. mai 2020. 
  4. Chris O'Leary (2019). Ashes to Ashes: The Songs of David Bowie, 1976-2016: p.85

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]