Word on a Wing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Word on a Wing
Song av David Bowie
frå albumet Station to Station
Utgjeve 23. januar 1976
Innspelt Los Angeles, september–desember 1975
Sjanger Blue-eyed soul, rock
Lengd 6:03
Selskap RCA Records
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent David Bowie, Harry Maslin

«Word on a Wing» er ein song skriven av David Bowie i 1976 for albumet Station to Station.

Bowie innrømde at songen vart skriven i ei kokain-forvirra spirituell fortviling som han opplevde under filminga av filmen The Man Who Fell To Earth. I 1980 snakka Bowie om songen til NME, og hevda «det var dagar med slik psykologisk terror under filminga av Roeg-filmen at eg starta å tilnærme meg fødd på ny-saka. Det var første gong eg verkeleg seriøst tenkte på Kristus og Gud i djupare grad, og 'Word on a Wing' var eit vern. Han kom som eit komplett opprør mot element som eg fann i filmen. Lidenskapen i songen var ekte...noko eg måtte skape frå inni meg sjølv forå verne meg mot nokre av situasjonane eg følte skjedde på filmsettet.»

På tida under innspelinga byrja Bowie å gå med eit krusifiks i sølv, som han framleis går med i dag. Trass i at han i teksten hevdar at han 'trying hard to fit among your scheme of things' (prøver hard å passe inn i verdsordenen din) ser Bowie ut til å vere mistenksam mot å ha blind tru med tanke på religion, og seier 'just because I believe don't mean I don't think as well, don't have to question everything in heaven or hell' (berre fordi eg trur, betyr det ikkje at eg ikkje tenkjer òg, treng ikkje stille spørsmål om alt mellom himmel og jord). Denne mistanken ser ut til å stå i strid med meininga Bowie hadde under innspelinga av «Golden Years», der han seier 'I believe all the way' (eg trur heile vegen). Bowie innrømde seinare at «det var eit punkt der eg nesten vart lurt inn i det snevre synet ... å finne krossen som ei frelse for menneskeheita rundt Roeg-perioden»

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Eit konsertopptak frå Nassau Coliseum, Long Island den 23. mars 1976 vart gjeven ut som bonusspor på Rykodisc-utgåva av Station to Station. Etter å ha vorte spelt regelmessig på 1976-turneen, vart ikkje songen spelt dei neste 20 åra.
  • Songen vart henta fram att i 1999 for fjernsynsserien VH1 Storytellers, der Bowie stadfesta på ny at songen kom frå «dei mørkaste dagane i livet mitt ... eg er sikker på det var eit rop om hjelp», dagane då han var fascinert av fascisme og mystisismen til Det tredje riket og lurte på ting som «Kan eg skifte kanal på fjernsynet utan å bruke fjernkontrollen?»

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Songen vart gjeven ut som B-side til singelen «Stay» i juli 1976.