Dua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dua
Dua
Latinsk namn Columba
Forkorting Col
Genitivsform Columbae
Symbologi Namngitt av A. Royer
Rektasensjon 6 h
Deklinasjon −35°
Areal 270 kvadratgrader
nr. 54 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
1
Sterkaste stjerne Phact (α Col) (2,6. mag.)
Meteorsvermar

Ingen

Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +45° og −90°

Dua (frå latin Columba) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Det ligg like sør for Den store hunden og Haren.

Kjende objekt[endre | endre wikiteksten]

Stjernebiletet Dua slik det er for det nakne auga.

Stjerner[endre | endre wikiteksten]

Dua er heller lyssvakt, og den mest lyssterke stjerna, Alfa Columbae, har berre storleiksklasse 2,7. Alfa Columbae er ei blåkvit star som tradisjonelt har blitt kalla Phact. Alfa Columbae ligg 268 lysår frå jorda. Den einaste andre namngjevne stjerna i Dua er Beta Columbae, som har namnet Wazn. Ho er ei oransje kjempestjerne med storleiksklasse 3,1, 86 lysår frå jorda.[1]

Dua er stjernebiletet som ligg ved solart antapeks - jorda (og sola) flyttar seg bort frå retninga til stjernebiletet når solsystemet flyttar seg gjennom rommet.

Stjernebiletet inneheld den galopperande stjerna μ Columbae, som truleg vart driven bort frå ι Orionis-systemet.

Djupromsobjekt[endre | endre wikiteksten]

Det ligg ein kulehop i Dua, NGC 1851 som har storleiksklasse 7. Ho ligg 35 000 lysår frå jorda og er mogeleg å sjå i mellomstore amatørteleskop.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Ridpath & Tirion 2001, s. 120-121.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dua

Koordinatar: Sky map 06h 00m 00s, −35° 00′ 00″