Smelteomnen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Smelteomnen
Smelteomnen
Latinsk namn Fornax
Forkorting For
Genitivsform Fornacis
Symbologi Namngitt av la Caille
Rektasensjon 3 h
Deklinasjon −30°
Areal 398 kvadratgrader
nr. 41 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
Ingen
Sterkaste stjerne α For (3,87. mag.)
Meteorsvermar

Ingen

Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane + ° og −90°

Smelteomnen (frå latin Fornax) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Det vart namnsett av den franske astronomen Nicolas Louis de Lacaille i 1756. Smelteomnen er eit av dei 88 moderne stjernebileta.

Kjende objekt[endre | endre wikiteksten]

Stjernebiletet Smelteomnen slik det er for det nakne auga.

Stjerner[endre | endre wikiteksten]

Alfa Fornacis er ei dobbeltstjerne som er mogeleg å sjå i små amatørteleskop. Primærstjerna er ei gulaktig hovudseriestjerne med storleiksklasse 3,9 og den sekundære er ei gul stjerne med storleiksklasse 6,5; den sekundære kan vere ei variabel stjerne. Ho har ein periode på 300 år og ligg 46 lysår frå jorda. Beta Fornacis er ei gul kjempestjerne med storleiksklasse 4,5, 169 lysår frå jorda.[1]

Djupromsobjekt[endre | endre wikiteksten]

Smelteomnen har vore eit mål for undersøkingar inn i dei mest fjerntliggande områda av universet. Hubble Ultra Deep Field ligg i Smelteomnen og Smelteomnhopen, ein liten galaksehop, ligg hovudsakleg i Smelteomnen. Her finst fleire ultrakompakte dverggalaksar som er mykje mindre enn tidlegare kjende dverggalaksar, kring 120 lysår på tvers.[2]

NGC 1049 er ein kulehop 500 000 lysår frå jorda. Han ligg i Smelteomnen dverggalakse.[3]

UDFj-39546284 er ein mogeleg protogalakse i Smelteomnen,[4][5][6][7] men nyare analysar har indikerat han truleg har lågare raudforskyving, og derfor ikkje ligg så langt borte (og attende i tid).[8][9]

HIP 13044 b er ein eksoplanet i stjernebiletet, rapportert i november 2010, og det vart oppdaga at denne hadde opphav utafor galaksen.[10]

NGC 1097 er ein stavspiralgalakse i Smelteomnen, kring 60 millionar lysår frå jorda. Han er ein seyfertgalakse med sterke spektralband som indikerer ionisert gass og eit sentralt supermassivt svart hòl.

NGC 1365 er ein annan stavspiralgalakse som ligg 60 millionar lysår frå jorda. Som NGC 1097, er han òg ein seyfertgalakse.

NGC 1360 er ei planetarisk tåke i Smelteomnen med ein storleiksklasse på kring 9,0, 978 lysår frå jorda. Den sentrale stjerna har storleiksklasse 11,.4, og er uvanleg lyssterk. Ho er fem gonger så stor som den kjende Ringtåka i Lyra.[11]

Smelteomnen A er ein radiogalakse.[1] Han er ein av dei nærmare aktive galaksane til jorda i ein avstand på kring 80 millionar lysår.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Smelteomnen

Koordinatar: Sky map 03h 00m 00s, −30° 00′ 00″