Den sørlege fisken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den sørlege fisken
Den sørlege fisken
Den sørlege fisken
Latinsk namn Piscis austrinus
Forkorting PsA
Genitivsform Piscis Austrini
Symbologi Eldgammalt
Rektasensjon 22 h
Deklinasjon −30°
Areal 245 kvadratgrader
nr. 60 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
1
Sterkaste stjerne Fomalhaut (α Piscis Austrini) (1,16. mag.)
Meteorsvermar

 

Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +55° og −90°

Den sørlege fisken (frå latin Piscis austrinus) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Den einaste stjerna som er lysare enn 4. storleiksklasse er Fomalhaut, som har 1. storleiksklasse og er den 18. mest lyssterke stjerna på nattehimmelen.

Den sørlege fisken var eit av dei 48 stjernebileta oppførte av astronomen Klaudios Ptolemaios på 100-talet og er i dag eit av dei 88 moderne stjernebileta. Stjernaene i det moderne stjernebiletet Trana sanna ein gong «halen» til Den sørlege fisken.

Den sørlege fisken grensar til Steinbukken i nordvest, Mikroskopet i sørvest, Trana i sør, Bilethoggaren i aust, Vassmannen i nord.

Kjende objekt[endre | endre wikiteksten]

Stjernebiletet Den sørlege fisken slik det er for det nakne auga.

Fomalhaut har tradisjonelt representert munnen til fisken. Ein trudde tidlegare at Fomalhaut b var den første eksoplaneten som var oppdaga via synleg lys, takka vere Hubbleteleskopet, men infraraude observasjonar har sidan vist at dette er ei sfærisk støvsky. TW Piscis Austrini ligg i nærleiken og kanskje knytt til Fomalhaut sidan dei ligg mindre enn eitt lysår frå kvarandre. Ho har storleiksklasse 6,5 og er ein BY Draconis-variabel.[1]

Beta, Delta og Zeta utgjer Tien Kang («det himmelske tauet») i Kina.[2] Beta er ei kvit stjerne med tilsynelatande storleik 4,29 og spektralklasse A0, og ligg 130 lysår unna.[3] Delta Piscis Austrini er ei dobbeltstjerne med komponentar med storleiksklasse 4,2 og 9,2.[1]

S Piscis Austrini er ein langperiodisk Mira-variabel, ei raud kjempe som varierer i storleiksklasse 8,0 og 14,5 over ein periode på 271,7 dagar, og V Piscis Austrini er ein halvregulær variabel som varierer i storleiksklasse 8,0 og 9,0 over 148 dagar.[1]

Lacaille 9352 er ein lyssvak raud dverg som ligg berre 10,74 lysår unna. Med storleiksklasse 7,34, er stjerna for lyssvak til at ein kan sjå ho med det nakne auga.

NGC 7172, NGC 7174 og NGC 7314 er tre galaksar med storleiksklassar på høvesvis 11,9, 12,5 og 10,9.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Den sørlege fisken

Koordinatar: Sky map 22h 00m 00s, −30° 00′ 00″