Oktanten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Oktanten
Oktanten
Latinsk namn Octans
Forkorting Oct
Genitivsform Octantis
Symbologi Namngitt av la Caille
Rektasensjon 22 h
Deklinasjon −90°
Areal 291 kvadratgrader
nr. 50 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
0
Sterkaste stjerne Ny Octans (ν Oct) ((variabel) 3,74. mag.)
Meteorsvermar

 

Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +0° og −90°
Sirkumpolar

Oktanten (frå latin Octans) er eit stjernebilde rundt sørpolen på himmelkvelvinga. Stjernebildet er oppkalla etter måleinstrumentet oktant. Stjernebiletet vart konstruert av Nicolas Louis de Lacaille på 1700-talet.

Stjernebiletet Oktanten slik det er for det nakne auga.

Oktanten er kjend for at den sørlege himmelpolen ligg her. I motsetnad til nordpolen, har ikkje det sørlege polpunktet ei lyssterk stjerne. Sigma Octantis (σ Oct) er den stjerna ein kan sjå med det nakne auga som ligg nærast polen, og ho ligg særs nær, men er så lyssvak (5,45) at ho ikkje kan nyttast innan navigasjon. I staden har navigatørar nytta stjernebiletet Sørkrossen, som peikar mot polen.

Stjernebiletet er berre synleg på den sørlege halvkula.

Stjerner[endre | endre wikiteksten]

Oktanten er eit særs lyssvakt stjernebilete og den mest lyssterke stjerna, Ny Octantis, har storleiksklasse 3,8. Sigma Octantis, den særlege polarstjerna, har storleiksklasse 5,4 og ligg kring ein grad under sørpolen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Ridpath, Ian; Tirion, Wil, Stars and Planets Guide, Princeton University Press, ISBN 978-0-691-13556-4 
  • Staal, Julius D.W., The New Patterns in the Sky: Myths and Legends of the Stars, The McDonald and Woodward Publishing Company, ISBN 0-939923-04-1 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Oktanten


Koordinatar: Sky map 22h 00m 00s, −90° 00′ 00″