Kusken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kusken
Kusken
Kusken
Latinsk namn Auriga
Forkorting Aur
Genitivsform Aurigae
Symbologi Kusken
Rektasensjon 6 h
Deklinasjon +40°
Areal 657 kvadratgrader
nr. 21 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
4
Sterkaste stjerne Capella (α Aur) (0,08. mag.)
Meteorsvermar
Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +90° og −40°

Kusken (frå latin Auriga) er eit stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula.

Det er eit av dei 48 stjernebileta som vart nemnt av astronomen Klaudios Ptolemaios på 100-talet evt. og er i dag eit av dei 88 moderne stjernebileta. Kusken er mest synleg om vinteren på den nordlege himmelhalvkula i lag med fem andre stjernebilete som har stjerner i Vintersekskanten. På grunn av den nordlege deklinasjonen er Kusken berre synleg så langt sør som 34° sør. Lenger sør ligg biletet heilt eller delvis under horisonten. Det er eit stort stjernebilete som dekkjer 657 kvadratgrader, halvparten av det største stjernebiletet, Vasslangen.

Den mest lyssterke stjerna, Capella, er eit uvanleg fleirstjernesystem som er av dei mest lyssterke på nattehimmelen. Beta Aurigae er ei interessant variabel stjerne i stjernebiletet, Epsilon Aurigae, ei nærliggande formørkande dobbelstjerne med ein uvanleg lang periode er to system som er blitt mykje studert. På grunn av plasseringa nær Mjølkevegen har Kusken mange lyse opne stjernehopar nær grensene, som M36, M37 og M38, alle populære mål for amatørastronomar. I tillegg ligg tåka IC 405, som er knytt til den variable stjerna AE Aurigae.

Kjende himmelekamar[endre | endre wikiteksten]

Ei samanlikning av dei fire stjernene i Capella-systemet og sola.

Den mest lyssterke stjerna i Kusken er Alfa Aurigae (Capella), som er ei G8III-klassestjerner (kjempe klasse G) 43 lysår unna og den sjette mest lyssterke stjerna på nattehimmelen med ein storleiksorden på 0,08.[1]

Beta Aurigae (Menkalinan, Menkarlina)[2] er ei lyssterk klasse A2IV-stjene (subkjempe klasse A).[1][3]

Andre stjerner i systemet er Gamma Aurigae, no Beta Tauri (El Nath, Alnath), Iota Aurigae (Hasseleh eller Kabdhilinan), Delta Aurigae, den nordlegaste stjerna i Kusken, Lambda Aurigae (Al Hurr)

Det er så langt funne fem stjerner med planetsystem i Kusken.

Kusken har mange opne stjernehopar og andre lekamar, sidan Mjølkevegen går gjennom systemet. Dei tre mest lyssterke hopane er M36, M37 og M38, som alle er synlege i kikkert eller eit lite teleskop.[4]

Stjernehopen M36.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: Sky map 06h 00m 00s, +40° 00′ 00″