Steinbukken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Steinbukken
Steinbukken
Latinsk namn Capricornus
Forkorting Cap
Genitivsform Capricorni
Symbologi Ein sjøbukk
Rektasensjon 21 h
Deklinasjon −20°
Areal 414 kvadratgrader
nr. 40 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
1
Sterkaste stjerne δ Cap (Deneb Algedi) (3,0. mag.)
Meteorsvermar
Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +60° og −90°

Steinbukken (frå latin Capricornus) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula og eit av stjernebileta i Dyrekrinsen.

Steinbukken er eit av dei 88 moderne stjernebileta og vart ført opp blant dei 48 stjernebileta til astronomen Klaudios Ptolemaios på 100-talet. Med dei moderne grensene grensar det til Ørna, Skytten, Mikroskopet, Den sørlege fisken og Vassmannen. Stjernebiletet ligg i eit område av himmelen som vert kalla Havet og består av mange vasstilknytte stjernebilete som Vassmannen og Fiskane. Det er det minste stjernebiletet i dyrekrinsen.

Kjende objekt[endre | endre wikiteksten]

Stjernebiletet Steinbukken slik det er for det nakne auga.[1]
Steinbukken (høgre) og Vassmannen (venstre). Det mest lyssterke objektet på biletet er Jupiter.

Stjerner[endre | endre wikiteksten]

Capricorn er eit lyssvakt stjernebilete og har berre ei stjerne over storleiksklasse 3 og alfastjerna har storleiksklasse på berre 3,6.

Den mest lyssterke stjerna i Steinbukken er δ Capricorni, òg kalla Deneb Algedi, med ein storleiksklasse på 2,9, 39 lysår frå jorda. Som fleire andre stjerner, som Denebola og Deneb, har han fått namn frå det arabiske ordet for «hale» (deneb), og det tradisjonelle namnet tyder «geitehalen». Deneb Algedi er ei Beta Lyrae-variabel stjerne (ein type formørkande dobbelstjerne). Ho varierer med kring 0,2 i storleiksklasse med ein periode på 24,5 timar.[2]

Andre lyssterke stjerner i Steinbukken varierer i storleiksklasse frå 3,1 til 5,1. α Capricorni er ei fleirdobbel stjerne som ògg vert kalla Algedi eller Giedi. Hovudstjerna (α2 Cap) ligg 109 lysår frå jorda og er ei gul kjempestjerne med storleiksklasse 3,6. Den sekundære (α1 Cap) ligg 690 lysår frå jorda og er ei gul superkjempe med storleiksklasse 4,3. Det er mogeleg å skjelne dei to stjernene med det nakne auga, og begge er i seg sjølv fleirdoble stjerner. α1 Capricorni har følgje med ei stjerne med storleiksklasse 9,2; α2 Capricorni har følgje av ei stjerne med storleiksklasse 11,0. Denne lyssvake stjerna er i esg sjølv ei dobbeltstjerne med to komponentar med storleiksklasse 11. Det tradisjonelle namnet på α Capricorni kjem frå det arabiske ordet for «barnet», og syner til mytologien til stjernebiletet.[2]

β Capricorni er ei dobbeltstjerne kalla Dabih. Ho er ei gul kjempestjerne med storleiksklasse 3,1, 340 lysår frå jorda. Den sekundære er ei blåkvit stjerne med storleiksklasse 6,1. Dei to stjernene er mogeleg å skjelne i kikkert. Det tradisjonelle namnet til β Capricorni kjem frå det arabiske uttrykket for «lukkestjernene til slaktaren», ein referanse til eit rituelt offer utført av dei gamle arabarane ved heliakisk oppgang av Steinbukken.[3] Ei anna stjerne som er synleg for det nakne auga er γ Capricorni, stundom kalla Nashira («bringar av gode meldingar»); er ei kvit kjempestjerne med storleiksklasse 3,7, 139 lysår frå jorda. π Capricorni er ei dobbeltstjerne med ei blåkvit hovudstjerne med storleiksklasse 5,1 og ei kvit sekundærstjerne med storleiksklasse 8,3. Ho ligg 670 lysår frå jorda og det er mogeleg å skjelne komponentane i eit lite teleskop.[2]

Djupromsobjekt[endre | endre wikiteksten]

Fleire galaksar og stjernehopar ligg innafor Steinbukken. Messier 30 er ein kulehop som ligg 1 grad sør for galaksehopen NGC 7103. Stjernebiletet har òg ein vid spiralgalakse kalla NGC 6907.

M30 (NGC 7099) er ein kulehop med storleiksklasse 7,5. Med ein avstand på 30 000 lysår, har han rekkjer av stjerner som strekkjer seg nordover og som er mogeleg å skjelne i små amatørteleskop.[2]

Ein galaksehop som ligg i Steinbukken er HCG 87, ei gruppe på minst tre galaksar som ligg 400 million lysår frå jorda (raudforskyving 0,0296). Han består av ein stor elliptisk galakse, ein spiralgalakse sett frå toppen og ned og ein spiralgalakse sett frå sida. Den eine spiralgalakse har særs aktiv stjernedanning, og indikerer at han vekselverkar med ein eller begge medlemmane i hopen. I tillegg har både den store elliptiske galaksen og spiralgalaksen ein ser frå sida, aktiv kjerner, og er knytte saman av ein straum av stjerner og støv, noko som indikerer at dei òg vekselverkar med kvarandre. Astronomar meiner at dei tre galaksane kjem til å smelte saman om fleire millionar år og danna ein gigantisk, elliptisk galakse.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Capricornus» frå Wikipedia på engelsk, den 25. august 2015.
  • Makemson, Maud Worcester (1941). The Morning Star Rises: an account of Polynesian astronomy. Yale University Press. 
  • Rey, H. A. (1997), The Stars — A New Way To See Them, Houghton Mifflin, ISBN 0-395-24830-2 
  • Ridpath, Ian; Tirion, Wil, Stars and Planets Guide, Princeton University Press, ISBN 0-691-08913-2 
  • Ridpath, Ian; Tirion, Wil, Stars and Planets Guide, Princeton University Press, ISBN 978-0-691-13556-4 
  • Wilkins, Jamie; Dunn, Robert, 3,0 Astronomical Objects: A Visual Reference to the Universe (1st utg.), Firefly Books, ISBN 978-1-55407-175-3 
  1. «Steinbukken, the Goat - Constellations - Digital Images of the Sky». Allthesky.com. http://www.allthesky.com/constellations/capricornus.html. Henta 25. august 2015. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Ridpath & Tirion 2001, s. 102-103.
  3. Mark R. Chartrand III (1983) Skyguide: A Field Guide for Amateur Astronomers, s. 1,6 (ISBN 0-307-13667-1).
  4. Wilkins & Dunn 2006

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Steinbukken


Dei 88 moderne stjernebilda
Akterstamnen | Alteret | Andromeda | Begeret | Berenikes hår | Bildehoggaren | Bjørnepassaren | Bordet | Delfinen | Den sørlege fisken | Den sørlege vasslangen | Det sørlege triangelet | Draken | Dua | Einhyrningen | Fiskane | Floda | Fluga | Flygefisken | Folen | Føniks | Gaupa | Gravstikka (Meiselen) | Gullfisken | Haren | Herkules | Indianaren | Jakthundane | Jomfrua | Kameleonen | Kassiopeia | Kefeus | Kentauren | Kjølen | Kompasset | Krepsen | Kusken | Kvalfisken | Luftpumpa | Lyra | Løva | Mikroskopet | Nettet | Den nordlege krona | Oktanten | Orion | Paradisfuglen | Passaren | Pegasus | Persevs | Pila | Påfuglen | Ramnen | Reven | Seglet | Sekstanten | Sjiraffen | Skjoldet | Skorpionen | Skytten | Slangeberaren | Slangen | Smelteomnen | Staffeliet | Steinbukken | Den store bjørnen | Den store hunden | Svana | Sørkrossen | Den sørlege krona | Teleskopet | Trana | Triangelet | Tukanen | Tvillingane | Tyren | Ulven | Uret | Vasslangen | Vassmannen | Vekta | Vêren | Den vesle bjørnen | Den vesle hunden | Den vesle løva | Vinkelhaken | Øgla | Ørna


Koordinatar: Sky map 21h 00m 00s, −20° 00′ 00″