Uret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Uret
Uret
Latinsk namn Horologium
Forkorting Hor
Genitivsform Horologii
Symbologi Namngitt av la Caille
Rektasensjon 3 h
Deklinasjon −60°
Areal 249 kvadratgrader
nr. 58 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
0
Sterkaste stjerne Alfa Horologii (α Hor) (3,8. mag.)
Meteorsvermar

 

Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane + ° og −90°

Uret (frå latin Horologium) er eit lite og lyssvakt stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. ==Kjende objekt==

Stjernebiletet Uret slik det er for det nakne auga

Stjerner[endre | endre wikiteksten]

Uret har ingen lyssterke stjerner. Alfa Horologii er den lysaste og er ei oransje kjempe med storleiksklasse 3,9, 115 lysår frå jorda. Beta Horologii er ei kvit kjempe med storleiksklasse 5,0, 314 lysår frå jorda. Uret har fleire variable stjerner. R Horologii er ei raud kjempe og Mira-variabel med ein stor variasjon, tusen lysår frå jorda. Ho har ei minste storleiksklasse på 14,3 og ein største storleiksklasse på 4,7. Perioden er kring 13 månader.[1]

Djupromsobjekt[endre | endre wikiteksten]

Uret har mange djupromsobjekt og det er fleire kulehopar i stjernebiletet. NGC 1261 er ein kulehop med storleiksklasse 8, 44 000 lysår frå jorda.[1] Kulehopen Arp-Madore 1 ligg i stjernebiletet, den mest fjerntliggande kulehopen ein kjenner til i Mjølkevegen, 398 000 lysår unna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Ridpath & Tirion 2001, s. 156-157.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Uret

Koordinatar: Sky map 03h 00m 00s, −60° 00′ 00″