Draken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Draken
Draken
Latinsk namn Draco
Forkorting Dra
Genitivsform Draconis
Symbologi Eit urgammalt namn
Rektasensjon 15 h
Deklinasjon +75°
Areal 1083 kvadratgrader
nr. 8 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
3
Sterkaste stjerne Etamin (γ Dra) (2,23. mag.)
Meteorsvermar
Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +90° og −15°

Draken (frå latin Draco) er eit stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula. Draken er sirkumpolar for mange observatørar på den nordlege halvkula, som vil sei at det aldri går under horisonten. Det var eit av dei 48 stjernebileta som vart oppførte av astronomen Klaudios Ptolemaios på 100-talet, og er i dag eit av dei 88 moderne stjernebileta. Nordpolen til ekliptikken ligg i Draken.[1]

Kjende objekt[endre | endre wikiteksten]

Stjernebiletet Draken slik det er for det nakne auga.

Stjerner[endre | endre wikiteksten]

Thuban (α Draconis) var den nordlege polstjerna frå 3942 fvt., då han flytta seg lenger nord enn Theta Boötis, fram til 1793 fvt. Pyramidane i Egypt vart utforma til å ha ei side som vender nord, med ein inngang slik at Thuban var synleg på natta.[2] På grunn av effektane av presesjon, vil stjerna igjen bli polstjerna, kring år 21000. Ho er ei blåkvit kjempestjerne med storleiksklasse 3,7, 309 lysår frå jorda. Det tradisjonelle namnet på Alfa Draconis, Thuban, tyder «slangehovudet».[1]

Det finst to andre stjerner over storleiksklasse 3 i Draken. Den mest lyssterke av dei to - og den mest lyssterke i Draken, er Gamma Draconis, tradisjonelt kalla Etamin eller Eltanin. Ho er ei oransje kjempestjerne med storleiksklasse 2,2, 148 lysår frå jorda. Lysaberrasjon vart oppdaga i 1728 då James Bradley observerte Gamma Draconis. Beta Draconis, tradisjonelt kalla Rastaban, er ei gul kjempestjerne med storleiksklasse 2,8, 362 lysår frå jorda. Namnet tyder det same som Thuban, «slangehovudet».[1]

Draken har fleire dobbeltstjerner og binærstjerner. η Draconis er ei dobbeltstjerne med ei gul hovudstjerne med storleiksklasse 2,8 og ei kvit sekundærstjerne med storleiksklasse 8,2 sør for primærstjerna. Dei to er skilde av 4,8 bogesekund.[3] Mu Draconis, tradisjonelt kalla Alrakis, er ei binærstjerne med to kvite komponentar. Dei har storleik 5,6 og 5,7, og dei to komponentane krinsar rundt kvarandre kvart 670 år. Alrakis-systemet ligg 88 lysår frå jorda. Nu Draconis er ei liknande binærstjerne med to kvite komponentar, 100 lysår frå jorda. Begge komponentane har storleiksklasse 4,9 og ein kan skilje dei frå kvarandre i små amatørteleskop eller ein kikkert. Omicron Draconis er ei dobbeltstjerne som er mogeleg å skiljast i små teleskop. Primærstjerna er ei oransje kjempe med storleiksklasse 4,6, 362 lysår frå jorda. Den andre har storleiksklasse 7.8. Psi Draconis er ei binærstjerne som er mogeleg å skilje frå kvarandre med kikkert og små amatørteleskop, 72 lysår frå jorda. Primærstjerna er ei gulkvit stjerne med storleiksklasse 4,6 og den sekundære er ei gul stjerne med storleiksklasse 5,8. 16 Draconis og 17 Draconis er del av eit trippelstjernesystem 400 lysår frå jorda. Primærstjerna er ei blåkvit stjerne med storleiksklasse 5,1, og er i seg sjølv ei binærstjerne med komponentar med storleiksklasse 5,4 og 6,5. Den sekundære har storleiksklasse 5,5 og systemet ligg 420 lysår unna.[1] 20 Draconis er ei dobbeltstjerne med ei kvit primærstjerne med storleiksklasse 7,1 og ei gul sekundærstjerne med storleiksklasse 7,3, austnordaust for primærstjerna. Dei to er skilde av 1,2 bogesekund på det meste og har ei omlaupstid på 420 år. 39 Draconis er ei trippelstjerne 188 lysår frå jorda. Primærstjerna er ei blå stjerne med storleiksklasse 5,0, den sekundære ei gul stjerne med storleiksklasse 7,4 og den tredje ei stjerne med storleiksklasse 8,0. 40 Draconis og 41 Draconis er ei binærstjerne som kan skiljast frå kvarande i små teleskop. Dei to er oransje dvergstjerner som ligg 170 lysår frå jorda og har storleiksklasse 5,7 og 6,1.[1]

R Draconis er ei raud Mira-type variabel stjerne med ein periode på kring åtte månader. Den minste storleiksklassen er 12,4 og den største kring 7,6. Ho vart oppdaga å vere ei variabel stjerne av Hans Geelmuyden i 1876.[4]

Stjernebiletet inneheld ei stjerne som nyleg vart kalla Kepler-10. Denne vert krinsa av Kepler-10b, den minste steinete, jordliknande planeten som er funnen utafor solsystemet vårt.

Djupromsobjekt[endre | endre wikiteksten]

Eit av djupromsobjekta i Draken er Kattaugetåka (NGC 6543), ei planetarisk tåke som ligg kring 3 000 lysår unna og som vart oppdaga av den engelske astronomen William Herschel i 1786.[3] Ho har 8. storleiksklasse og har fått namn etter utsjånaden i Hubbleteleskopet, men ser ut som ei blågrøn skive i eit amatørteleskop.[1] NGC 6543 har ei komplisert form på grunn av vekselverkande tyngdekraft mellom komponentane i stjernesystemet i midten, som består av fleire stjerner, som skapte tåka for kring 1 000 år sidan.[5] Han ligg 9,6 bogeminutt frå nordpolen til ekliptikken i vest-nordvest. Han er òg knytt til IC 4677, ei stjernetåke som ser ut som ein stolpe, 1,8 bogeminutt vest for Kattaugetåka. Med lang lukkartid ser IC 4677 ut til å ha ein del av ein ring kring den planetarisk tåka.[3]

Det finst fleire lyssvake galaksar i Draken. Ei av dei er ein linseforma galakse NGC 5866, stundom rekna som Messier-objekt 102. Ei anna er Draken dverggalakse, ein av dei mest lyssvake galaksane, med ein absolutt storleiksklasse på −8.6 og ein diameter på berre kring 3 500 lysår. Han vart oppdaga av Albert G. Wilson frå Lowell Observatory i 1954. Ein annan dverggalakse i dette stjernebiletet er PGC 39058.

PGC 39058, ein dverggalakse i Draken  – bilete av ESA/Hubble & NASA.

Draken har fleire vekselverkande galaksar og galaksehopar. Ein slik massiv hop er Abell 2218, som ligg 3 milliardar lysår unna. Han fungerer som ei gravitasjonslinse for enno meir fjerntliggande galaksar, slik at astronomar kan studere desse galaksane òg, i tillegg til sjølve Abell 2218. Linseeffekten gjerr at astronomane kan stadfeste massen til hoepn ut frå røntgenutstråling. Ein av dei mest velkjende vekselverkande galaksane er Arp 188, òg kalla Rumpetrollgalaksen. Han har fått namn etter utsjånaden, med ein «hale» av stjerner som er 280 000 lysår lang. Rumpetrollgalaksen ligg , the Tadpole Galaxy is at a distance of 420 million lysår unna. Halen av stjerner som vert trekte bort frå Rumpetrollgalaksen verkar blå, fordi den vekselverkanden på grunn av tyngdekrafta har danna ei gassky med stjernedanning.[5]

Q1634+706 er ein kvasar som er det mest fjerntliggande objektet som vanlegvis er synleg med eit amatørteleskop. Han har storleiksklasse 14,4, ser ut som ei stjerne, men ligg 12,9 milliardar lysår unna. Lyset frå Q1634+706 har brukt 8,6 milliardar år på å nå jorda, og avviket kjem av utvidinga til universet.[3]

Hercules–Corona Borealis-muren, den største kjende strukturen i universet, dekkjr ein del av dei sørlege områda av Draken.

Meteorsvermar[endre | endre wikiteksten]

Eta draconidane er ein meteorsverm som vart oppdaga den 4. februar 2011. Observatørar merka seg seks meteorar frå same området i løpet av ein kort periode. Meteorane kjem frå ein tidlegare ukjend langperiodisk komet.[6]

Tempel[endre | endre wikiteksten]

Templa i Angkor er arrangerte etter eit mønster som etterliknar stjernemønster, spesifikt stjernebilete Draken.[7][8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Ridpath & Tirion 2001, s. 142-143.
  2. Staal 1988, s. 239–240.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 French, Sue (July 2012). "By Draco's Scaly Folds". Sky & Telescope 124 (1). 
  4. MacRobert, Alan (July 2012). "The Rise of R Draconis". Sky & Telescope 124 (1). 
  5. 5,0 5,1 Wilkins & Dunn 2006.
  6. Jenniskens, Peter (September 2012). "Mapping Meteoroid Orbits: New Meteor Showers Discovered". Sky & Telescope: 24. 
  7. Rollins, James (2007). The Judas Strain. s. Author's Note: Angkor, pages 2–3. 
  8. Hancock, Graham & Faiia, Santaha. Heaven's Mirror. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Draken


Dei 88 moderne stjernebilda
Akterstamnen | Alteret | Andromeda | Begeret | Berenikes hår | Bildehoggaren | Bjørnepassaren | Bordet | Delfinen | Den sørlege fisken | Den sørlege vasslangen | Det sørlege triangelet | Draken | Dua | Einhyrningen | Fiskane | Floda | Fluga | Flygefisken | Folen | Føniks | Gaupa | Gravstikka (Meiselen) | Gullfisken | Haren | Herkules | Indianaren | Jakthundane | Jomfrua | Kameleonen | Kassiopeia | Kefeus | Kentauren | Kjølen | Kompasset | Krepsen | Kusken | Kvalfisken | Luftpumpa | Lyra | Løva | Mikroskopet | Nettet | Den nordlege krona | Oktanten | Orion | Paradisfuglen | Passaren | Pegasus | Persevs | Pila | Påfuglen | Ramnen | Reven | Seglet | Sekstanten | Sjiraffen | Skjoldet | Skorpionen | Skytten | Slangeberaren | Slangen | Smelteomnen | Staffeliet | Steinbukken | Den store bjørnen | Den store hunden | Svana | Sørkrossen | Den sørlege krona | Teleskopet | Trana | Triangelet | Tukanen | Tvillingane | Tyren | Ulven | Uret | Vasslangen | Vassmannen | Vekta | Vêren | Den vesle bjørnen | Den vesle hunden | Den vesle løva | Vinkelhaken | Øgla | Ørna

Koordinatar: Sky map 17h 00m 00s, +65° 00′ 00″