Passaren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Passaren
Passaren
Latinsk namn Circinus
Forkorting Cir
Genitivsform Circini
Symbologi Namngitt av la Caille
Rektasensjon 15 h
Deklinasjon −60°
Areal 93 kvadratgrader
nr. 85 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
0
Sterkaste stjerne α Cir (3,2. mag.)
Meteorsvermar

Ingen

Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +10° og −90°

Passaren (frå latin Circinus) er eit lyssvakt stjernebilete på den sørlege himmelhalvkula, først definert i 1756 av den franske astronomen Nicolas Louis de Lacaille. Den mest lyssterke stjerna er Alfa Circini, med ein tilsynelatande storleik på 3,19. Ho er noko variabel, og den raskaste oscillerande Ap-stjerna på nattehimmelen. AX Circini er ein kefeide som er synleg for det nakne auga, og BX Circini er ei lyssvak stjerne ein trur har blitt danna av at to kvite dvergar har slått seg saman. To sol-liknande stjerner har planetsystem: HD 134060 har to små planetar, og HD 129445 har ein Jupiter-liknande planet. Supernova SN 185 oppstod i Passaren i 185 evt og vart observert og registrert av kinesiske observatørar. To novaer er blitt oppdaga i nyare tid, på 1900-talet.

Mjølkevegen går gjennom stjernebiletet, og det har objekt som den opne hopen NGC 5823 og den planetariske tåka NGC 5315. Passaren har ein kjend spiralgalakse, Passargalaksen, som vart oppdaga i 1977 og er den nærmaste Seyfertgalaksen til Mjølkevegen. Alfa Circinidane (ACI) er ein meteorsverm som òg vart oppdaga i 1977, som stråler ut frå dette stjernebilete.

Karakteristikk[endre | endre wikiteksten]

Stjernebiletet Passaren slik det er for det nakne auga

Passaren grensar til Kentauren, Fluga, Paradisfuglen, Det sørlege triangelet, Vinkelhaken og Ulven og ligg like ved Alfa og Beta Centauri. Dei offisielle grensene til stjernebiletet vart teikna av Eugène Delporte i 1930, og er definert av eit polygon med 14 segment.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Passaren

Mal:Stjerner i Passaren

Koordinatar: Sky map 15h 00m 00s, −60° 00′ 00″