Fluga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fluga
Fluga
Latinsk namn Musca
Forkorting Mus
Genitivsform Muscae
Symbologi Namngitt av la Caille
Rektasensjon 12,5 h
Deklinasjon −70°
Areal 138 kvadratgrader
nr. 77 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
1
Sterkaste stjerne α Mus (2,69. mag.)
Meteorsvermar

 

Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +10° og −90°

Fluga (frå latin Musca) er eit mindre stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula.

Bildet var eitt av tolv skapte av Pieter Dirkszoon Keyser og Frederick de Houtman mellom 1595 and 1597, og blei først skildra i Uranometria av Johann Bayer i 1603.

Ei av stjernene i bildet er dobbeltstjerna Nova Muscae 1991, der den eine stjerna er eit svart hòl. Mange av dei lyssterke stjernene i stjernebiletet er ein del av Skorpionen–Kentauren-samanslutninga, ei laus gruppe av varme, blåkvite stjerner som verkar å ha same opphav og rørsle gjennom Mjølkevegen. Desse er mellom andre Alfa, Beta, Gamma, Zeta2 og (truleg) Eta Muscae, i tillegg til HD 100546, ei blåkvit Herbig Ae/Be-stjerne som er omgjeve av ei kompleks fragmentskive med ein stor planet eller brun dverg og kanskje ein protoplanet. To andre stjernerystem har òg planetar. Stjernebiletet inneheld to kefeidar som er synlege for det nakne auga. Theta Muscae er eit trippelt stjernerystem, og den mest lyssterke er ei Wolf–Rayet-stjerne.

Eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Fluga grensar til Sørkrossen i nord, Kjølen i vest, Kamelonen i sør, Paradisfuglen og Passaren i aust og Kentauren i nordaust. Det dekkjer 138 kvadratgrader og 0,335 % av nattehimmelen. Det er rangert som det 77. største av de 88 stjernebileta.[1]

Kjende objekt[endre | endre wikiteksten]

Stjerner[endre | endre wikiteksten]

Stjernebiletet Musca slik det er for det nakne auga.

Sør-søraust for Acrux i nabostjerneteiknet Sørkrossen ligg Alfa Muscae.[2] Ho er is den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet med ein tilsynelatande storleiksklasse på 2,7. Ho ligg kring 310 lysår unna og er ei blåkvit stjerne med spektralklasse B2IV-V, som er kring 4520 gonger så lyssterk og 8 gonger så massiv som sola. Stjerna er ei Beta Cephei-variabel med kring 4,7 gonger sol-diameteren, og pulserar kvar 2,2 timar med ein variasjon på 1 % i lysstyrken. Ei nærliggande stjerne med storleiksklasse 13 er kanskje ei følgjestjerne.[3] Gamma Muscae,[2] er ei blåkvit stjerne med spektralklasse B5V som varierer mellom storleiksklassane 3.84 og 3.86 over ein periode på 2,7 dagar. Ho er ein annan type variabel, klassifisert som ei langsamt pulserande B-stjerne.[4] Ho er kring fem gonger så massiv som sola vår.[5]

Beta Muscae er ei dobbeltstjerne kring 341 lysår unna som består av to blåkvite hovudseriestjerner med spektralklassar B2V og B3V som krinsar rundt kvarandre med ein periode på 194 år. Dei er åtte og seks gonger så massive som sola, og har kring 3.5 gonger så stor diameter.[6] Zeta2 Muscae er ei kvit hovudseriestjerne med spektralklasse A5V kring 330 lysår unna jorda.[7] Ho er ein del av eit trippelt stjernerystem med lyssvake følgjestrjerner i ein avstand på 0,5 og 32,4 bogesekund.[8] Eta Muscae er eit fleirstjernerystem, der dei to hovudkomponentaane dannar ei formørkande binærstjerne som har ein samla spektralklasse på B8V og storleiksklasse på 4.77 som fell 0.05 storleiksklasse kvar 2.39 dag.[9]

Med ein tilsynelatande storleiksklasse på 3.62, er Delta ei oransje kjempe med spektralklasse K2III som ligg kring 91 lysår unna.[10] Epsilon Muscae er ei raud kjempe med spektralklasse M5III og halvregulær variabel som varierer mellom storleiksklassane 3.99 og 4.31 over kring 40 dagar.[11] Ho har utvida seg til 130 gonger soldiameteren og 1800 til 2300 av lysstyrken. Ho var ei stjerne som opphavleg var 1,5 til 2 gonger så massiv som sola vår. Sjølv om har liknande avstand, kring 302 lysår, som stjernene i Nedre Kentauren Sørkrossen undergrupper, flyttar ho seg mykje raskare, kring 100 km/s og har ikkje same opphav som desse.[12] I nordvest ligg Mu Muscae, ei oransje kjempe med spektralklasse K4III som varierer mellom tilsynelatande storleiksklasse er 4.71 og 4.76 og har blitt klassifisert som ei langsam irregulær variabel.[13] Nær Mu ligg Lambda Muscae, den tredje mest lyssterke stjerna i stjernebiletet og ei kvit hovudseriestjerne med spektralklasse A7V kring 128 lysår unna jorda.[14]

Nær Alfa ligg R Muscae,[2] ein klassisk kefeide som varierer frå tilsynelatande storleiksklasse 5.93 til 6.73 over 7.5 dagar. Ho er ei gulkvit superkjempe som varierer i spektralklassar F7Ib og G2Ib,[15] og ligg kring 2037 lysår unna.[16] S Muscae er òg ein klassisk kefeide, ei gulkvit superkjempe som varierer i spektralklassar F6Ib og G0Ib og storleiksklassar 5.89 til 6.49 over ein periode på 9.66 dagar.[17] Ho er ei lyssterk stjerne kring 5,9 gonger så massiv som sola, og er ei dobbeltstjerne med ei blåkvit hovudseriestjerne som truleg har spektralklasse B3V til B5V med ein masse like over 5 solmassar,[18] ei av dei varmaste og mest lyssterke følgjestjernene til ein kefeide som er kjend. Dei to stjernene krinsar kring kvarandre kvar 505. dag.[19]

Theta Muscae er eit trippelt stjernerystem som ligg kring 7 500 lysår unna.[20] Ho består av eit spektroskopisk binærstjerne -system som består av Wolf–Rayet-stjerna (spektralklasse: WC5 or 6) og ei O-type hovudseriestjerne (spektralklasse: O6 or O7) som krinsar rundt kvarandre på 19 dagar og ei blå superkjempe (spektralklasse: O9.5/B0Iab) kring 46 millibogesekund frå kvarandre. Om den estimerte distansen frå jorda er nøyaktig, så ligg dobbeltstjernene berre 0,5 astronomiske einingar (AU) frå kvarandre og superkjempa kring 100 AU frå dei igjen.[21] Alle tre er særs lyssterke, og samla skin dei truleg over ein million gonger så sterkt som sola.[20] TU Muscae er ei dobbeltstjerne kring 15 500 lysår frå jorda med to varme, lyssterke, blå hovudseriestjerner med spektralklassar O7.5V og O9.5V,[22][23] og massar 23 og 15 gonger sola. Stjernene ligg så tett at dei r i kontakt med kvarandre (kontakt binær) og er klassifisert som ein Beta Lyrae-variabel sidan lyset deira varierer frå jroda når dei formørkar kvarandre.[22] Systemet varierer frå tilsynelatande storleiksklasse 8.17 til 8.75 over kring 1.4 dagar.[24]

Nova Muscae 1983 eller GQ Muscae er eit binærsystem som består av ein kvit dverg og ei lita stjerne som er kring 10 % så massiv som sola. Dei to krinsar rundt kvarandre kvar 1,4 timar. Den kvite dvergen hentar materiale frå følgjesstjerna via akkresjonsskjeva. Etter ei viss mengd har blitt akkumulert, får stjerna eit utbrot, som ho gjorde i 1983, då ho nådde ein storleiksklasse på 7,2.[25] Stjerna vart oppdaga med ein storleiksklasse på 7,1 den 18. januar 1983,[26] og var den første novaen som det vart oppdaga røntgenstråler frå.[27] Røntgennovaen GRS 1124-683 (òg kalla Nova Muscae 1991) er eit binært objekt som består av ei oransje hovudseriestjerne (GU Muscae) med spektralklasse K3V–K4V og eit svart hòl på kring 6 solmassar.[28] Under utbrotet i 1991, som førte til at systemet vart oppdaga, vart det produsert stråling gjennom ein prosess med positron-annhilering.[29] GR Muscae er ei røntgenkjelde som består av ei nøytronstjerne som er mellom 1,2 og 1,8 gonger så massiv som sola våt, og ei stjerne med masse kring sola vår i tett omlaup.[30] SY Muscae er eit symbiotisk stjernesystem som består av ei raud kjempe og ein kvit dverg, der den størrre stjerna overfører masse til den mindre, utan periodiske utbrot eller akkresjonsskive.[31] Stjernesystemet varierer i storleik frå 10.2 til 12.7 over ein periode på 624,5 dagar.[32]

Kolsekktåka er det mørke området nær toppen av biletet. Ho strekkjer seg nordaust for Fluga. Den vertikale søyla i den nedre delen av biletet er Dark Doodad-tåka.

Ein har oppdaga tre stjernesystem med exoplanetar. HD 111232 er ei gul hovudseriestjerne kring 78 % så massiv som sola og kring 95 lysår unna. Ho har ein planet (HD 111232 b) som er kring 6,8 gonger massen til Jupiter med ei omlaupstid på kring 1143 dagar.[33] HD 112410 er ei gul kjempe med spektralklasse G8III som ligg kring 439 lysår unna.[34] Med ein masse på kring 1,54 gonger massen til sola vår, vert ho kjølt ned og utvidar seg i raud kjempe-retninga, etter å ha forlate hovudserien då hydrogenet i kjernet er brukt opp. Ho har ein planet med masse som er 9,2 gonger massen til Jupiter og ei omlaupstid på 124,6 dagar i ein avstand på kring 0,57 AU.[35] Yet another member of the Lower Kentauren Sørkrossen subgroup,[36] HD 100546 er ei ung blåkvit Herbig Ae/Be-stjerne med spektralklasse B9V, den nærmaste av desse stjernene til jorda, kring 320 lysår unna.[37][38] Ho er omgjeve av ei fragmentskive i ein avstand frå 0,2 til 4 AU, og igjen frå 13 AU ut til nokre få hundre AU, med spor av ein protoplanet som dannar seg i ein avstand på kring 47 AU.[37] Det er eit hol på mellom 4 og 13 AU, som verkar å innehalde ein stor planet som er kring 20 gonger massen til Jupiter,[39] men vidare undersøkingar av disken indikerer at det kan vere eit meir massivt objekt, som ein brun dverg eller meir enn ein planet.[40] LP 145-141 er ein kvit dverg som ligg 15 lysår unna—den fjerde nærmaste til solsystemet vårt.[41] Denne vert rekna som ein god kandidat til å ha Jupiter-liknande planetar, på grunn av nærleiken og massen.[42]

Djupromsobjekt[endre | endre wikiteksten]

Ved grensa til Passaren er ei uvanleg planetarisk tåke NGC 5189,[43] estimert til å liggje kring 1750 lysår frå jorda.[44] Den komplekse strukturen kjem av fleire utkastingar av materiale frå den aldrande stjerna i midten, som er forvrengd av det som truleg er ei følgjestjerne.[45] 2,4° aust for Eta Muscae med storleiksklasse 12,9, ligg Timeglaståka (MyCn 18),[46] som ligg kring 8000 lysår unna jorda.[47] Vest for Eta ligg IC 4191, ei kompakt blåaktig planetarisk tåke med storleiksklasse 10,6,[48] thought to lie kring 10 750 lysår frå jorda.[49] Vest for Epsilon Muscae ligg NGC 4071, ei stor, diffus planetarisk tåke med storleiksklasse 12.7 og ein sentral stjerne med storleiksklasse 12,[48] som ein trur ligg kring 4000 lysår frå jorda.[49] Kolsekktåka er ei mørk tåke som hovudsakleg ligg i nabostjernebiletet Sørkrossen og over grensa til Fluga.[50] NGC 4463 er ein open hop som ligg sørvest i biletet.[51] Ho er kring fem lysår på tvers og ligg kring 3400 lysår unna.[1]

Den forholdsvis gamle kulehopen NGC 4833 nær Delta Muscae vart katalogisert av Lacaille i 1755.[43] Ho ligg 21 200 lysår unna og er noko formørka av ei støvsky nær det galaktiske planet. Kulehopen NGC 4372 nær Gamma Muscae er meir lyssvak og på same måte delvsi dekt av støv, men strekkjer seg fleire bogeminutt.[52] Han ligg 18 900 lysår frå jorda og 23 000 lysår unna sentrum av Mjølkevegen. Han har ekstremt låg metallisitet som indikerer at han er særs gammal - ein av dei eldste hopane i Mjølkevegen.[53] Dark Doodad-tåka strekkjer seg sørover og liknar ein mørk L gjennom eit lys felt av stjerner.[54] Ei anna mørk tåke i stjernebiletet er BHR 71.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Bagnall, Philip M. (2012). The Star Atlas Companion: What You Need to Know about the Constellations. New York, New York: Springer. s. 303–07. ISBN 978-1-4614-0830-7. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Motz, Lloyd; Nathanson, Carol (1991). The Constellations: An Enthusiast's Guide to the Night Sky. London, Storbritannia: Aurum Press. s. 385–86. ISBN 978-1-85410-088-7. 
  3. Kaler, Jim. «Alfa Muscae». Stars. University of Illinois. http://stjerner.astro.illinois.edu/sow/alphamus.html. Henta 8. juni 2016. 
  4. Otero, Sebastian Alberto (5. mars 2012). «Gamma Muscae». AAVSO Website. American Association of Variable Star Observers. http://www.aavso.org/vsx/index.php?view=detail.top&oid=19956. Henta 8. juni 2016. 
  5. Molenda-Zakowicz, J.; Połubek, G. (2004). «Empirical Absolute Magnitudes, Luminosities and Effective Temperatures of SPB Variables and the Problem of Variability Classification of Monoperiodic Stars» (PDF). Acta Astronomica 54: 281–97 [283]. Bibcode:2004AcA....54..281M. 
  6. Kaler, Jim (22. juni 2010). «Beta Muscae». Stars. University of Illinois. http://stjerner.astro.illinois.edu/sow/betamus.html. Henta 23 desember 2013. 
  7. «HR 4703 – Star in Double System». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. http://simbad.u-strasbg.fr/simbad/sim-id?Ident=zeta2+mus&NbIdent=1&Radius=2&Radius.unit=arcmin&submit=submit+id. Henta 219. august 2015. 
  8. Chen, Christine H.; Pecaut, Mark; Mamajek, Eric E.; Su, Kate Y. L.; et al. (2012). «A Spitzer MIPS Study of 2.5–2.0 M☉ Stars in Skorpionen-Kentauren». The Astrophysical Journal 756 (2): 133–57. Bibcode:2012ApJ...756..133C. arXiv:1207.3415. doi:10.1088/0004-637x/756/2/133. 
  9. Zasche, P.; Wolf, M.; Hartkopf, W. I.; Svoboda, P.; et al. (2009). «A Catalog of Visual Double and Multiple Stars with Eclipsing Components» (PDF). The Astronomical Journal 138 (2): 664–79. Bibcode:2009AJ....138..664Z. arXiv:0907.5172. doi:10.1088/0004-6256/138/2/664. 
  10. «Delta Muscae». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. http://simbad.u-strasbg.fr/simbad/sim-basic?Ident=del+Mus. Henta 219. august 2015. 
  11. Watson, Christopher (25. august 2009). «Epsilon Muscae». AAVSO Website. American Association of Variable Star Observers. http://www.aavso.org/vsx/index.php?view=detail.top&oid=19957. Henta 8. juni 2016. 
  12. Kaler, Jim. «Epsilon Muscae». Stars. University of Illinois. http://stjerner.astro.illinois.edu/sow/epsmus.html. Henta 8. juni 2016. 
  13. Otero, Sebastian Alberto (326. mai 2016). «Mu Muscae». AAVSO Website. American Association of Variable Star Observers. http://www.aavso.org/vsx/index.php?view=detail.top&oid=19960. Henta 21. januar 2014. 
  14. «Lambda Muscae – Star in Double System». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. http://simbad.u-strasbg.fr/simbad/sim-id?submit=display&bibdisplay=refsum&bibyear1=2009&bibyear2=2014&Ident=%403269938&Name=*+lam+Mus#lab_bib. Henta 219. august 2015. 
  15. Watson, Christopher (4. januar 2010). «R Muscae». AAVSO Website. American Association of Variable Star Observers. http://www.aavso.org/vsx/index.php?view=detail.top&oid=19677. Henta 8. juni 2016. 
  16. «R Muscae – Classical Cepheid (delta Cephei type)». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. http://simbad.u-strasbg.fr/simbad/sim-id?Ident=R+Muscae&NbIdent=1&Radius=2&Radius.unit=arcmin&submit=submit+id. Henta 8. juni 2016. 
  17. Watson, Christopher (4. januar 2010). «S Muscae». AAVSO Website. American Association of Variable Star Observers. http://www.aavso.org/vsx/index.php?view=detail.top&oid=19678. Henta 8. juni 2016. 
  18. Böhm-Vitense, Erika; Evans, Nancy Remage; Carpenter, Kenneth; Beck-Winchatz, Bernhard; et al. (1997). «The Mass of the Classical Cepheid S Muscae». The Astrophysical Journal 477: 916–25. Bibcode:1997ApJ...477..916B. doi:10.1086/303725. 
  19. Evans, Nancy Remage (1990). «The orbit and colors of the Cepheid S Muscae». Publications of the Astronomical Society of the Pacific 102: 551–57. Bibcode:1990PASP..102..551E. doi:10.1086/132668. 
  20. 20,0 20,1 Kaler, Jim. «Theta Muscae». Stars. University of Illinois. http://stjerner.astro.illinois.edu/sow/thetamus.html. Henta 21. november 2013. 
  21. Sugawara, Y.; Tsuboi, Y.; Maeda, Y. (2008). «Redshifted Emission Lines and Radiative Recombination Continuum from the Wolf–Rayet Binary θ Muscae: Evidence for a Triplet System?» (PDF). Astronomi & Astrophysics 490: 259–64. Bibcode:2008A&A...490..259S. arXiv:0810.1208. doi:10.1051/0004-6361:20079302. 
  22. 22,0 22,1 Terrell, Dirk; Munari, Ulisse; Zwitter , Tomaˇz; Nelson, Robert H. (2003). «Observational Studies of Early-type Overcontact Binaries: TU Muscae» (PDF) 126: 2988–96. 
  23. «TU Muscae – Eclipsing Binary of Beta Lyrae type (semi-detached)». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. http://simbad.u-strasbg.fr/simbad/sim-id?Ident=TU+Muscae&NbIdent=1&Radius=2&Radius.unit=arcmin&submit=submit+id. Henta 8. juni 2016. 
  24. Watson, Christopher (4. januar 2010). «TU Muscae». AAVSO Website. American Association of Variable Star Observers. http://www.aavso.org/vsx/index.php?view=detail.top&oid=19704. Henta 8. juni 2016. 
  25. Hachisu, Izumi; Kato, Mariko; Cassatella, Angelo (2008). «A Universal Decline Law of Classical Novae. III. GQ Muscae 1983». The Astrophysical Journal 687: 1236–52. Bibcode:2008ApJ...687.1236H. arXiv:0806.4253. doi:10.1086/591415. 
  26. Liller, William (1990). Cambridge Astronomi Guide. Cambridge, Storbritannia: CUP Archive. s. 105. ISBN 0-521-39915-7. 
  27. Duerbeck, H.W. (2009). «New Stars and Telescopes: Nova Research in the Last Four Centuries» (PDF). Astronomische Nachrichten 330 (6): 568–73. Bibcode:2009AN....330..568D. doi:10.1002/asna.200911218. 
  28. Kreidberg, Laura; Bailyn, Charles D.; Farr, Will M.; Kalogera, Vicky (2012). «Mass Measurements of Black Holes in X-ray Transients: is There a Mass Gap?» (PDF). The Astrophysical Journal 757 (36): 17pp. Bibcode:2012ApJ...757...36K. arXiv:1205.1805. doi:10.1088/0004-637x/757/1/36. 
  29. Sunyaev, R.; Churazov, E.; Gilfanov, M.; Dyachkov, A.; et al. (1992). «X-ray Nova in Musca (GRS 1124+68): Hard X-ray Source with Narrow Annihilation Line». Astrophysical Journal, Part 2 - Letters 389 (2): L75–78. Bibcode:1992ApJ...389L..75S. doi:10.1086/186352. 
  30. Cornelisse, R.; Kotze, M.M.; Casares, J.; Charles, P.A.; et al. (2013). «The Origin of the Tilted Disc in the Low-mass X-ray Binary GR Mus (XB 1254-690)» (PDF). Monthly Notices of the Royal Astronomical Society 436 (1): 910–20. Bibcode:2013MNRAS.436..910C. doi:10.1093/mnras/stt1654. 
  31. Schmutz, W.; Schild, H.; Muerset, U.; Schmid, H.M. (1994). «High resolution spectroscopy of symbiotic stjerner I. SY Muscae: orbital elements, M giant radius, distance». Astronomi and Astrophysics 288: 819–28. Bibcode:1994A&A...288..819S. 
  32. Otero, Sebastian Alberto (13. mars 2013). «SY Muscae». AAVSO Website. American Association of Variable Star Observers. http://www.aavso.org/vsx/index.php?view=detail.top&oid=19701. Henta 8. juni 2016. 
  33. Mayor, M.; Udry, S.; Naef, D.; Pepe, F.; Queloz, D.; Santos, N. C.; Burnet, M. (2004). «The CORALIE Survey for Southern Extra-solar Planets XII. Orbital Solutions for 16 Extra-solar Planets Discovered with CORALIE». Astronomi & Astrophysics 415 (1): 391–402. Bibcode:2004A&A...415..391M. arXiv:astro-ph/0310316. doi:10.1051/0004-6361:20034250. 
  34. «HD 112410 – Red Giant Branch star». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. http://simbad.u-strasbg.fr/simbad/sim-id?Ident=HD+112410&NbIdent=1&Radius=2&Radius.unit=arcmin&submit=submit+id. Henta 26 desember 2013. 
  35. Jones, M.I.; Jenkins, J.S.; Rojo, P.; Melo, C. H. F.; et al. (2013). «Study of the Impact of the Post-MS evolution of the Host Star on the Orbits of Close-in Planets. II. A Giant Planet in a Close-in Orbit around the RGB Star HIP 63242» (PDF). Astronomi & Astrophysics 556 (A78): 5. Bibcode:2013A&A...556A..78J. arXiv:1306.3939. doi:10.1051/0004-6361/201321660. 
  36. de Zeeuw, P.T.; Hoogerwerf, R.; de Bruijne, J.H.J.; Brown, A.G.A.; et al. (1999). «A Hipparcos Census of Nearby OB Associations». Astronomical Journal 117 (1): 354–99. Bibcode:1999AJ....117..354D. arXiv:astro-ph/9809227. doi:10.1086/300682. 
  37. 37,0 37,1 Quanz, Sasch P.; Amara, Adam; Meyer, Michael P.; Kenworthy, Matthew P.; et al. (2013). «A Young Protoplanet Candidate Embedded in the Circumstellar Disk of HD 100546» (PDF). Astrophysics Journal 766: L1–L6. Bibcode:2013ApJ...766L...1Q. arXiv:1302.7122. doi:10.1088/2041-8205/766/1/l1. 
  38. Grady, C. A.; Polomski, E. F.; Henning, Th.; Stecklum, B.; Woodgate, B. E.; Telesco, C. M.; Piña, R. K.; Gull, T. R.; Boggess, A.; Bowers, C. W.; Bruhweiler, F. C.; Clampin, M.; Danks, A. C.; Green, R. F.; Heap, S. R.; Hutchings, J. B.; Jenkins, E. B.; Joseph, C.; Kaiser, M. E.; Kimble, R. A.; Kraemer, S.; Lindler, D.; Linsky, J. L.; Maran, S. P.; Moos, H. W.; Plait, P.; Roesler, F.; Timothy, J. G.; Weistrop, D. (2001). «The Disk and Environment of the Herbig Be Star HD 100546». The Astronomical Journal 122 (6): 3396–3406. Bibcode:2001AJ....122.3396G. doi:10.1086/324447. 
  39. Acke, B.; van der Ancker, M. (2005). «Resolving the Disk Rotation of HD 97048 and HD 100546 in the [O I] 6300A Line: Evidence for a Giant Planet Orbiting HD 100546». Astronomi & Astrophysics 4,9 (2,7): 267. Bibcode:2006A&A...449..267A. arXiv:astro-ph/0512562. doi:10.1051/0004-6361:20054330. 
  40. Mulders, Gijs D.; Paardekooper, Sijme-Jan; Pani'c, Olja; Dominik, Carsten; et al. (2013). «Planet or Brown Dwarf? Inferring the Companion Mass in HD 100546 from the Wall Shape using Mid-Infrared Interferometry». Astronomi & Astrophysics 557A (A68): 10. Bibcode:2013A&A...557A..68M. arXiv:1306.4264. doi:10.1051/0004-6361/201220930. 
  41. Sion, Edward M.; Holberg, Jay B.; Oswalt, T.D.; McCook, G.P.; et al. (2009). «The White Dwarfs Within 20 Parsecs of sola: Kinematics and Statistics». The Astronomical Journal 138 (6): 1681–89 [Table 1]. Bibcode:2009AJ....138.1681S. arXiv:0910.1288. doi:10.1088/0004-6256/138/6/1681. 
  42. Burleigh, Matthew R.; Clarke, F.J.; Hodgkin, S.T. (2002). «Imaging Planets around Nearby White Dwarfs» (PDF). Monthly Notices of the Royal Astronomical Society 331 (4): L41–L45. Bibcode:2002MNRAS.331L..41B. arXiv:astro-ph/0202194. doi:10.1046/j.1365-8711.2002.05417.x. 
  43. 43,0 43,1 Streicher, Magda (April 2006). «Musca—The Heavenly Fly». Deepsky Delights. The Astronomical Society of Southern Africa. pp. 56–59. http://www.mnassa.org.za/html/Apr2006/2006MNASSA..65..Apr..56.pdf. Henta 21 November 2013. 
  44. «NGC 5189 – Planetary Nebula». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. http://simbad.u-strasbg.fr/simbad/sim-id?Ident=NGC+5189&NbIdent=1&Radius=2&Radius.unit=arcmin&submit=submit+id. Henta 8. juni 2016. 
  45. Villard, Ray (18 desember 2012). «A Cosmic Holiday Ornament, Hubble-Style». Hubbleteleskopet. NASA. http://www.nasa.gov/mission_pages/hubble/science/ngc5189.html. Henta 31 desember 2013. 
  46. Bakich, Michael E. (2010). 1001 Celestial Wonders to See Before You Die: The Best Sky Objects for Star Gazers. New York, New York: Springer. s. 159. ISBN 978-1-4419-1777-5. 
  47. Sahai, Raghvendra; Dayal, Aditya; Watson, Alan M.; Trauger, John T.; et al. (1999). «The Etched Hourglass Nebula MYCN 18. I. Hubbleteleskopet Observations». The Astronomical Journal 118: 468–76. Bibcode:1999AJ....118..468S. doi:10.1086/300939. 
  48. 48,0 48,1 Griffiths, Martin (2012). Planetary Nebulae and How to Observe Them. New York, New York: Springer. s. 198–200. ISBN 1-4614-1782-1. 
  49. 49,0 49,1 Zhang, C.Y. (1993). «On the Distance to Galactic Planetary Nebulae» (PDF). Astrophysical Journal, Part 1 410 (1): 239–50. Bibcode:1993ApJ...410..239Z. doi:10.1086/172740. 
  50. Darling, David J. (2004). The Universal Book of Astronomi: from the Andromedagalaksen to the Zone of Avoidance. Hoboken, New Jersey: Wiley. s. 351. ISBN 0-471-26569-1. 
  51. Inglis, Mike (2004). Astronomi of the Mjølkevegen: Observer's Guide to the Southern Sky. New York, New York: Springer. s. 83. ISBN 1-85233-742-7. 
  52. Consolmagno, Guy (2011). Turn Left at Orion: Hundreds of Night Sky Objects to See in a Home Telescope – and How to Find Them. Cambridge, Storbritannia: Cambridge University Press. s. 235. ISBN 1-139-50373-1. 
  53. O'Meara, Stephen James (2013). Deep-Sky Companions: Southern Gems. Cambridge, Storbritannia: Cambridge University Press. s. 218–21. ISBN 978-1-107-01501-2. 
  54. Coe, Steven R. (2007). Nebulae and How to Observe Them. New York, New York: Springer. s. 95. ISBN 1-84628-482-1. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Fluga

Koordinatar: Sky map 12h 27m 36s, −70° 20′ 24″