Begeret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Begeret
Begeret
Latinsk namn Crater
Forkorting Crt
Genitivsform Crateris
Symbologi myten om ramnen og Apollon
Rektasensjon 11 h
Deklinasjon −15°
Areal 282 kvadratgrader
nr. 53 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
Ingen
Sterkaste stjerne δ Crt (3,57. mag.)
Meteorsvermar
Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +65° og −90°

Begeret (frå latin Crater) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. I gresk mytologi vart det identifisert som begeret til guden Apollon. Det var eit av dei 48 stjernebileta som vart oppført av astronomen Klaudios Ptolemaios på 100-talet, og er i dag eit av dei 88 moderne stjernebileta. Det er lyssvakt og ingen av stjernene er sterkare enn tredje storleiksorden.

Kjende objekt[endre | endre wikiteksten]

Stjernebiletet Begeret slik det er for det nakne auga.

Stjerner[endre | endre wikiteksten]

Alfa Crateris, tradisjonelt kalla Alkes, er ei oransje kjempestjerne med storleiksorden 4,1, 174 lysår frå jorda. Det tradisjonelle namnet tyder «begeret». Beta Crateris er ei blåkvit stjerne med storleiksorden 4,5, 266 lysår frå jorda. Gamma Crateris er ei dobbeltstjerne, der ein kan sjå dei to stjernene i små amatørteleskop. Hovustjerna er ei kvit stjerne med storleiksorden 4,1, 84 lysår frå jorda. Den andre har storleiksorden 9,6. Delta Crateris er den mest lyssterke stjerna i Begeret med storleiksorden 3,6. Ho ligg 195 lysår unna og er ei oransje kjempestjerne.[1]

R Crateris er ein delvis-regulær variabel av type SRb og med spektralklasse M7. Ho har ein storleiksorden på 9,8-11,2 og ein optisk periode på 160 dagar.

SZ Crateris er ei variabel stjerne med storleiksorden 8,1. Det er eit nærliggande stjernesystem som ligg kring 44 lysår frå sola. Ho vert òg kalla Gliese 425, og tidlegare vart ho kalla Abt-stjerna.[treng kjelde]

Namngjevne stjerner[endre | endre wikiteksten]

Bayer Namn Opphav Tyding
α Alkes Arabisk Namn på stjernebiletet
β Al Sharas Arabisk Ribbeinet

Djupromsobjekt[endre | endre wikiteksten]

NGC 3511 er ein spiralgalakse med ein tynn arm, sett neste frå kanten, av type SBbc. Han høyrer til galaksehopen Abell 1060. Denne galaksen har storleiksorden 12, og er 4' × 1' i storleik.

NGC 3887 er ein spiralgalakse av type SBc, storleiksorden 11, med ein diameter på 3.5'.

NGC 3981 er ein spiralgalakse med to vide spiralarmar, av type SBbc. Han har storleiksorden 12 med ein diameter på 3'. Denne galaksen vart oppdaga av William Herschel i 1785.

RX J1131 er ein kvasar som ligg 6 milliardar lysår unna jorda. Det svarte holet i midten av kvasaren var det første svarte holet der ein har direkte målt spinnet.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Begeret


Dei 88 moderne stjernebilda
Akterstamnen | Alteret | Andromeda | Begeret | Berenikes hår | Bildehoggaren | Bjørnepassaren | Bordet | Delfinen | Den sørlege fisken | Den sørlege vasslangen | Det sørlege triangelet | Draken | Dua | Einhyrningen | Fiskane | Floda | Fluga | Flygefisken | Folen | Føniks | Gaupa | Gravstikka (Meiselen) | Gullfisken | Haren | Herkules | Indianaren | Jakthundane | Jomfrua | Kameleonen | Kassiopeia | Kefeus | Kentauren | Kjølen | Kompasset | Krepsen | Kusken | Kvalfisken | Luftpumpa | Lyra | Løva | Mikroskopet | Nettet | Den nordlege krona | Oktanten | Orion | Paradisfuglen | Passaren | Pegasus | Persevs | Pila | Påfuglen | Ramnen | Reven | Seglet | Sekstanten | Sjiraffen | Skjoldet | Skorpionen | Skytten | Slangeberaren | Slangen | Smelteomnen | Staffeliet | Steinbukken | Den store bjørnen | Den store hunden | Svana | Sørkrossen | Den sørlege krona | Teleskopet | Trana | Triangelet | Tukanen | Tvillingane | Tyren | Ulven | Uret | Vasslangen | Vassmannen | Vekta | Vêren | Den vesle bjørnen | Den vesle hunden | Den vesle løva | Vinkelhaken | Øgla | Ørna

Koordinatar: Sky map 11h 00m 00s, −16° 00′ 00″