Bjørnepassaren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bjørnepassaren
Bjørnepassaren
Latinsk namn Bootes
Forkorting Boo
Genitivsform Boötis
Symbologi eigentleg oksedrivaren (frå Odysseen)
Rektasensjon 15 h
Deklinasjon +30°
Areal 907 kvadratgrader
nr. 13 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
3
Sterkaste stjerne Arcturus (α Boo) (−0,04. mag.)
Meteorsvermar
Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +90° og −50°

Bjørnepassaren (frå latin Bootes) er eit stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula. Det er eit av dei 48 stjernebileta som vart skildra av astronomen Klaudios Ptolemaios på 100-talet og er i dag eit av dei 88 moderne stjernebileta. Det inneheld den fjerde mest lyssterke stjerna på nattehimmelen, den oransje Arcturus. Bjørnepassaren har mange andre lyssterke stjerner, mellom anna åtte som er over 4. storleiksklasse og ytterlegare 21 som er over 5. storleiksklasse, i alt 29 stjerner som er lett synlege for det nakne auga.

Karakteristikk[endre | endre wikiteksten]

Bjørnepassaren er eit stjernebilete som grensar til Jomfrua i sør, Berenikes hår og Jakthundane i vest, Den store bjørnen i nordvest, Draken i nordaust og Herkules, Den nordlege krona og Slangen i aust. Dei offisielle grensene til stjernebiletet vart teikna av Eugène Delporte i 1930 og er definert som eit polygon med 16 segment. Bjørnepassaren dekkjer 907 kvadratgrader og kulminerer ved midnatt kring 2. mai, og er det 13. største biletet etter areal.[1]

Kjende objekt[endre | endre wikiteksten]

Stjernebiletet Bjørnepassaren slik det er for det nakne auga.

Stjerner[endre | endre wikiteksten]

I verket Uranometria gav Johann Bayer greske bokstavar frå Alfa til Omega og så A til K for dei 35 mest markante stjernene i stjernebiletet, som astronomar sidan har delt vidare inn. Ny erog den same stjerna som Psi Herculis.[2] John Flamsteed gav nummer til 54 stjerner i stjernebiletet.[3]

36,7 lysår frå jorda ligg Arcturus eller Alfa Boötis, som er den mest lyssterke stjerna i biletet og den fjerde mest lyssterke på himmelen med ein tilsynelatande storleik på −0,05[4]. Det er òg den mest lyssterke stjerna nord for himmelekvator, like bak Vega og Capella.[5][6] Namnet kjem frå gresk og tyder nettopp «bjørnepassaren». Ei oransje kjempe med spektralklasse K1.5III,[4] og Arcturus er ei aldrande stjerne som har nytta opp alt hydrogen i kjernen, blitt avkjølt og utvida seg til ein diameter som er 27 gonger så stor som sola,[7] eller kring 32 million kilometer.[5] Sjølv om massen er kring den same som sola,[7] skin Arcturus kring 133 gonger så sterkt som sola.[8] I nærleiken ligg Eta Boötis, eller Muphrid. Ho har storleiksklasse 2,68 og ligg 37 lysår unna med spektralklasse G0IV,[9] som indikerer at ho har nytta opp hydrogenet i kjrnene og byrja å utvide seg og avkjølast. Ho er ni gonger så lyssterk som sola og har ein diameter som er 2,7 gonger så stor. Analysar av spekteret syner at ho er ei spektroskopisk dobbeltstjerne.[10] Muphrid og Arcturus ligg berre 3,3 lysår frå kvarandre. Sett frå Arcturus har Muphrid ein tilsynelatande storleiksklasse på -2,5, medan Arcturus har ein tilsynelatande storleiksklasse på -4.5 frå Muphrid.[11]

Beta Boötis eller Nekkar er ei gul kjempe med storleiksklasse 3,5 og spektralklasse G8IIIa.[12] Som Arcturus har ho blitt avkjølt og utvida seg bort frå hovudserien. Ho var truleg ei blåkvit hovudseriestjerne klasse B.[13] Stjerna ligg 219 lysår unna[7] og har ein luminositet på 58 L.[5] 86 lysår unna ligg Gamma Boötis eller Seginus, som er ei kvit kjempestjerne med spektralklasse A7III,[14] med ein luminositet 34 gonger og diameter 3,5 gonger sola.[15] Ho er ein Delta Scuti-variabel, og storleiksklassen varierer mellom 3,02 og 3,07 kvar 7. time.[16] Delta Boötis er ei vid dobbeltstjerne der den primære stjerna har storleiksklasse 3,5 og sekundærstjerna storleiksklasse 7,8. Primærstjerna er ei gul kjempe som har blitt avkjølt og utvia seg til 10,4 gonger diameteren til sola.[17] Ho har spektralklasse G8IV og ligg kring 121 lysår unna,[18] medan den sekundære er ei gul hovudseriestjerne med spektralklasse G0V.[19] Dei to nyttar kring 120 000 år på å omlaupet rundt kvarandre.[17] My Boötis, eller Alkalurops, er ei trippelstjerne som er populær hos amatørastronomar. Ho har ein samla storleiksklasse på 4,3 og ligg 121 lysår unna. Primærstjerna verkar å ha storleiksklasse 4,3 og er blåkvit. Sekundærstjerna verkar å ha storleiksklasse 6,5, men er i røynda ei tett dobbeltstjerne i seg sjølv med ein primær med storleiksklasse 7,0 og ei sekundærstjerne med storleiksklasse 7,6. Sekundærstjerna og den tredje stjerna har ei omlaupstid 260 år.[7] Primærstjerna har ein absolutt storleiksklasse på 2,6 og har spektralklasse F0.[5] Sekundærstjerna og tredjestjerna er skilde av 2 bogesekund. Den primære og den sekundære er skilde av 109,1 bogesekund med ein vinkel på 1,1 grader.[20] Ny Boötis er ei optisk dobbeltstjerne. Primærstjerna er ei oransje kjempe med storleiksklasse 5,0 og den sekundære er ei kvit stjerne med storleiksklasse 5,0. Primærstjerna ligg 870 lysår unna og den sekundære 430 lysår.

Epsilon Boötis, òg kalla Izar eller Pulcherrima, er ei tett trippelstjerne og den mest markante dobbeltstjerna i Bjørnepassaren. Primærstjerna er ei gul-[21] eller oransje kjempestjerne med storleiksklasse 2,5, og den sekundære har storleiksklasse 4,6 og er ei blå hovudseriestjerne,[7] medan den tredje har storleiksklasse 12,0.[21] Systemet ligg 210 lysår unna. For det nakne auga har Izar ein storleiksklasse på 2,37.[5] I nærleiken ligg Rho og Sigma Boötis.[22] Rho er ei oransje kjempe med spektralklasse K3III som ligg kring 160 lysår frå jorda.[23] Ho er noko variable, og varierer med 0,003 av ein storleiksklasse, frå eit snitt på 3,57.[24] Sigma, er ei gulkvit hovudseriestjerne med spektralklasse F3V, og ein trur ho varierer i lysstyrke frå 4,45 til 4,49.[24] Ho ligg kring 52 lysår unna.[25]

Al Aulād al Dhiʼbah (hyenekvalpane på arabisk) er namnet på Theta, Iota, Kappa og Lambda Boötis og er ei lita gruppe stjerner heilt nord i stjernebiletet. Med storleiksklasse 4,05 har Theta Boötis ein spektralklasse på F7 og ein absolutt storleiksklasse på 3,8. Iota Boötis er ei trippelstjerne der den primære har storleiksklasse 4,8 og spektralklasse A7,[5] ei sekundærstjerne med storleiksklasse 7,5,[7] og ei tredje stjerne med storleiksklasse 12,6.[21] Primærstjerna ligg 97 lysår unna.[7] Kappa Boötis er ei anna vid dobbeltstjerne. Primærstjerna ligg 155 lysår unna og har ein storleiksklasse på 4,5. Sekundærstjerna ligg 196 lysår unna og har ein storleiksklasse på 6,6.[7] Primærstjerna har spektralklasse A7 og verkar kvit, medan den sekundære er blåaktig.[21] Lambda Boötis har tilsynelatande storleiksklasse 4,18 og er ei klasse A0p-stjerne,[5], og er prototypen på ein klasse kjemiske sære stjerner

Med tilsynelatande storleiksklasse 4,06 har Ypsilon Boötis spektralklasse K5 og ein absolutt storleiksklasse på −0,3. Meir lyssvak med storleiksklasse 4,54 er Phi Boötis, med spektralklasse K2 og ein absolutt storleiksklasse på −0,1. Enno litt meir lyssvak med storleiksklasse 4,60 er O Boötis, som har spektralklasse K0. O Boötis har ein absolutt storleiksklasse på 0,2.

Xi Boötis er ei kvadruppelstjerne. Primærstjerna er ei gul stjerne med storleiksklasse 4,7 og den sekundære er ei oransje stjerne med storleiksklasse 6.8. Systemet ligg 22 lysår unna og har ei omlaupstid of 150 år.[7] Den tredje stjerna har storleiksklasse 12,6, medan den fjerde har storleiksklasse 13,6.[21] Pi Boötis er ei tett trippelstjerne. Primærstjerna er ei blåkvit stjerne med storleiksklasse 4,9, den sekundære er ei blåkvit stjerne med storleiksklasse 5,8,[7] og den tredje ei stjerne med storleiksklasse 10,4.[21] Zeta Boötis er ei trippelstjerne som består av ei dobbeltstjerne og ei optisk tredjestjerne. Paret ligg 205 lysår frå jorda og har ein periode på 123,3 år med storleiksklassar 4,5 og 4,6.

To av dei meir lyssterke Mira-variable stjernene i stjernebiletet er R og S Boötis. Begge er raud kjemper som varierer stort i storleiksklasse, høvesvis frå 6,2 til 13,1 over 223,4 dagar,[26][5] og 7,8 til 13,8 over ein periode på 270,7 dagar.[5] To andre raude kjemper, V og W Boötis er variable stjerner som varierer i storleiksklasse frå høvesvis 7,0 til 12,0 over ein periode på 258 dagar, og storleiksklasse 4,7 til 5,4 over 450 dagar.[5]

BL Boötis er prototypen på ein klasse pulserande, varieble stjerner.[27] Desse stjernene liknar noko på kefeidar, men har ikkje det same forhodlet mellom periode og luminositet.[28]

T Boötis var ein nova som var observert i april 1860 med ein storleiksklasse på 9,7. Ho har aldri blitt observert igjen.[6]

Ein har oppdaga eksoplanetar kring ti stjerner i Bjørnepassaren fram til 2012. Tau Boötis har ein stor planet, som vart oppdaga i 1999. Stjerna har storleiksklasse 4,5 og klasse F7V, og ligg 15,6 parsec frå jorda. Ho har ein masse som er 1,3 gonger solmassen eein radius som er 1,331 gonger solradien. Ho har ei følgjestjerne, GJ527B, i bane kring 240 AU. Tau Boötis b er den einaste planeten ein kjenner til i systemet, i ein banse på 0,046 AU kvar 3,31 dagar. Planeten har ein masse på 5,95 jupitermassar.[29] Dette gjer han til ein varm jupiter.[30] HAT-P-4 b er òg ein varm jupiter, som går i bane kring ei særleg metallrik stjerne med låg tettleik.[31] Han vart oppdaga i 2007 og har ein masse på 0,68 jupitermassar og ein radius på 1,27 jupiterradiar. Ho nyttar 3,05 dagar på eit omlaup rundt stjerna, i ein avstand på 0,04 AU. HAT-P-4, som er stjerna i systemet, er ei klasse F-stjerne med storleiksklasse 11,2, 310 parsec frå jorda. Ho er større enn sola, med ein masse på 1,26 solmassar og ein radius på 1,59 solradiar.[32]

Utviklinga til HD 128311-systemet over tid.

Bjørnepassaren har òg to planetsystem med fleire planetar. HD 128311 er ei stjerne med to planetar, HD 128311 b og HD 128311 c, oppdaga i høvesvis 2002 og 2005.[33][34] HD 128311 b er den minste planeten med ein masse på 2,18 jupitermassar. Han ligg nesten like langt frå stjerna si som jorda gjer, men har ei lengre omlaupstid på 448,6 dagar.[33] Den større planeten, HD 128311 c, har ein masse på 3,21 jupitermassar og brukar 919 dagar på eit omlaup, 1,76 AU frå stjerna si.[34]

HD 132563 er ei trippelstjerne med ein planet, HD 132563B b, oppdaga i 2011. Ho har ein masse som er 1,49 jupitermassar og går i bane 2,52 AU frå stjerna si med ein periode på 1544 dagar.[35] Banen er noko elliptisk. HD 132563B b er ein av få planetar ein har funne i trippelstjernesystem, men går berre i bane rundt den eine stjerna i systemet.

WASP-14 b er ein av dei mest massive eksoplanetane ein kjenner til,[36] med ein masse på 7,341 jupitermassar og ein radius på 1,281 jupiterradiar. Han går i bane 0,036 AU frå stjerna si med ein periode på 2,24 dagar.[37] WASP-14 b har ein tettleik på 4,6 gram per kubikkcentimeter.

Djupromsobjekt[endre | endre wikiteksten]

Bjørnepassaren ligg i ein del av himmelen som peikar borot frå planet til Mjølkevegen, og har derfor ingen opne hopar eller stjernetåker. I staden finst her ein lyssterk kulehop og mange lyssvake galaksar.[38] Kulehopen NGC 5466 har ein samla storleiksklasse på 9,1 og ein diameter på 11 bogeminutt.[5] Det er ein særs laus kulehop med relativt få stjerner.

Bjørnepassaren har to lyssterke galaksar. NGC 5248 (Caldwell 45) er ein klasse Sc-galakse (ein variant av ein spiralgalakse) med storleiksklasse 10,2. Han måler 6,5 x 4,9 bogeminutt.[5] Han ligg 50 million lysår frå jorda og høyrer til Virgo-hopen av galaksar.[39] NGC 5676 er ein annan klasse Sc-galakse med storleiksklasse 10,9. Han måler 3,9 gonger 2,0 bogeminutt.[5] Andre galaksar er NGC 5008, NGC 5548, NGC 5653, NGC 5778, NGC 5886, og NGC 5888. NGC 5698 er ein stavspiralgalakse kjend for ein supernova i 2005, SN 2005bc, som nådde storleiksklassen 15,3.

Med ein diameter på meir enn 250 millionar lysår er Bjørnepassartomrommet, eit stort tomrom utan galaksar. Dette vart oppdaga av Robert Kirshner og teamet hans i 1981, 700 million lysår frå jorda.Mal:SfnRef Bakom dette og innafor grensene til stjernebiletet, ligg to superhopar kring 800 millionar og 1 milliard lysår unna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bakich 1995, s. 150.
  2. Wagman 2003, s. 55–57.
  3. Wagman 2003, s. 355–56.
  4. 4,0 4,1 SIMBAD Alfa Boötis.
  5. 5,00 5,01 5,02 5,03 5,04 5,05 5,06 5,07 5,08 5,09 5,10 5,11 5,12 Moore 2000, s. 341–342.
  6. 6,0 6,1 Moore & Tirion 1997, s. 132–133.
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 7,6 7,7 7,8 7,9 Ridpath 2001, s. 88–89.
  8. Kaler Arcturus.
  9. SIMBAD Eta Boötis.
  10. Kaler Muphrid.
  11. Schaaf 2008, s. 136.
  12. SIMBAD Beta Boötis.
  13. Kaler Nekkar.
  14. SIMBAD Gamma Boötis.
  15. Kaler Seginus.
  16. AAVSO Gamma Boötis.
  17. 17,0 17,1 Kaler Delta Boötis.
  18. SIMBAD Delta Boötis.
  19. SIMBAD BD+33 2562.
  20. Thompson & Thompson 2007, s. 106.
  21. 21,0 21,1 21,2 21,3 21,4 21,5 Thompson & Thompson 2007, s. 105.
  22. Wagman 2003, s. 503.
  23. SIMBAD Rho Boötis.
  24. 24,0 24,1 AAVSO Rho Boötis.
  25. SIMBAD Sigma Boötis.
  26. Pasachoff 2000, s. 199–200.
  27. North 2004, s. 123.
  28. Good 2003, s. 61.
  29. Eksoplanet Encyclopedia Tau Boo b.
  30. Rodler, Lopez-Morales & Ribas 2012.
  31. Kovács et al. 2007.
  32. Eksoplanet Encyclopedia HAT-P-4 b.
  33. 33,0 33,1 Eksoplanet Encyclopedia HD 128311 b.
  34. 34,0 34,1 Eksoplanet Encyclopedia HD 128311 c.
  35. Eksoplanet Encyclopedia HD 132563B b.
  36. Joshi et al. 2009.
  37. Eksoplanet Encyclopedia WASP-14 b.
  38. Thompson & Thompson 2007, s. 102.
  39. Niksch & Block 2004.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bjørnepassaren

Koordinatar: Sky map 15h 00m 00s, +30° 00′ 00″