Gravstikka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gravstikka (Meiselen)
Gravstikka (Meiselen)
Latinsk namn Caelum
Forkorting Cae
Genitivsform Caeli
Symbologi Namngitt av la Caille
Rektasensjon 5 h
Deklinasjon −40°
Areal 125 kvadratgrader
nr. 81 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
0
Sterkaste stjerne α Cae (4,45. mag.)
Meteorsvermar

Ingen

Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +40° og −90°

Gravstikka (ofte kalla Meiselen) (frå latin Caelum) er eit lyssvakt stjernebilete på den sørlege himmelhalvkula, innført i 1750-åra av Nicolas Louis de Lacaille. Det er det åttande minste stjernebiletet.

Sidan det er lite og ligg utanom planet til Mjølkevegen, er Gravstikka eit heller nakent stjernebilete, med få interessante objekt. Den mest lyssterke stjerna, Alfa Caeli, har berre storleik 4,45, og den einaste andre stjerna (Gamma1 Caeli) er rundt storleik 5. Andre kjende objekt i Gravstikka er RR Caeli, ei dobbeltstjerne med ein planet kring 65,7 lysår unna. X Caeli er ein Delta Scuti-variabel som dannar ei optisk dobbeltstjerne med Gamma1 Caeli, og HE0450-2958, ein Seyfert-galakse.

Karakteristikk[endre | endre wikiteksten]

Gravstikka grensar til Gullfisken og Staffeliet i sør, Uret og Floda i aust, Haren i nord, og Dua i vest. Det dekkjer berre 125 kvadratgrader, og er rangert som det 81. største av dei 88 moderne stjernebileta. Det er berre tydeleg på den sørlege himmelen under den sørlege sommaren, og heile stjernebiletet er synleg i delar av året for observatørar sør for breiddegrad 41 °N.[1]

Kjende objekt[endre | endre wikiteksten]

Stjernebiletet Gravstikka slik det er for det nakne auga.

Stjerner[endre | endre wikiteksten]

Gravstikka er eit lyssvakt stjernebilete, og har ingen stjerner lysare enn fjerde storleik og berre to som er meir lyssterk enn femte storleiksgrad. Lacaille gav seks stjerner Bayernemning, og kalla dei Alfa til Zeta i 1756, men hoppa over Epsilon og gav to nærliggande stjerner nemninga Gamma.[2] Gravstikka er for langt sør til at nokre av stjernene har Flamsteednemning.[3]

Den mest lyssterke stjerna, Alfa Caeli, er ei dobbeltstjerne, med ei hovudseriestjerne klasse F med storleik 4,45 og ein raud dverg med storleik 12,5, 65,8 lysår frå jorda.[4][5] Beta Caeli er ei anna klasse F-stjerne med storleik 5,05, 93,5 lysår unna jorda. Beta Caeli er ei subkjempe, som har utvikla seg noko bort frå hovudserien.[6] Delta Caeli, har òg storleiksklasse 5.05, og er ei klasse B subkjempe og mykje lenger unna jorda, 700 lysår.[7]

Gamma1 Caeli er ei optisk dobbeltstjerne med ei raud kjempe som primærstjerne med storleiksklasse 4,58 og ei sekundærstjerne med storleiksklasse 8,1. Primærstjerna ligg 181,3 lysår frå jorda. Dei tok komponentane er vanskelege å skilje frå kvarandre, fordi dei ligg så tett.[8] Dette stjernesystemet dannar ei optisk dobbeltstjerne med X Caeli (Gamma2 Caeli), ein Delta Scuti-variabel som ligg 320,7 lysår frå jorda.[9] Desse er ein klasse kortperiodiske (seks timar på det meste) pulserande stjerner som har blitt nytta som standardlyskjelde og som forskingsobjekt i astroseismologi.[10] X Caeli i seg sjølv er ei dobbeltstjerne, ei kontaktstjerne,[11] som tyder at stjernene er så nær kvarandre at dei deler envelopar. Den einaste andre variable stjerna i Gravstikka ein kan sjå med det nakjne auga er RV Caeli, ei pulserande raud kjempe med spektralklasse M1III,[12] som varierer mellom storleiksklassane 6,44 og 6,56.[13]

Nu Caeli[14] er ei anna dobbeltstjerne, ei kvit kjempe med storleiksklasse 6,07[15] og ei stjerne med storleiklasse 10,66 og ukjend spektralklasse.[16] Systemet ligg 171 lysår unna.[15] Lambda Caeli,[17] har storleiksklasse 6,24, og er langt raudare og lengre unna, ei raud kjempe som ligg kring 740 lysår frå jorda.[18] Zeta Caeli er enno svakare, med ein storleiksklasse 6,36. Denne stjerna ligg 430 lysår unna og er ei subkjempe klasse K med spektralklasse K1.[19]

Seyfert-galaksen HE0450-2958, ein uvanleg aktiv galakse i Gravstikka.

Ei av dei mest nærliggande stjernene i Gravstikka er den førmørkande dobbeltstjerna RR Caeli, som ligg 65,7 lysår unna.[20] Dette stjernesystemet består av ein lyssvak raud dverg og ein kvit dverg.[21] Trass i at dei ligg nærme jorda, er den tilsynelatande storleiken berre 14,40[20] og er ikkje enkle å sjå i amatørteleskop. I 2012 fann ein at systemat har ein kjempeplanet, og ein har funne spor etter eit anna objekt som er mindre enn ei stjerne.[22] Systemet var tidlegare ei kontaktstjerne og mistar vinkelmoment over tid, som etter kvart vil føre til masseoverføring frå den raude til den kvite dvergen. Mellom 9 til 20 milliardar år frå no, vil dette systemet bli ein kataklysmisk variabel.[23]

Djupromsobjekt[endre | endre wikiteksten]

Sidan stjernebiletet er lite og ligg unna planet til Mjølkevegen, har Gravstikka heller få djupromsobjekt, og har ingen Messier-objekt. Det einaste djupromsobjektet i Gravstikka som har fått merksemd er HE0450-2958, ein uvanleg Seyfert-galakse. Opphavleg var opphavsgalaksen til jetten vanskeleg å finne, og jetten verka å stråle ut frå ingenting.[24] Det har blitt foreslått at objektet er eit ejisert supermassivt svart hòl,[25] men ein er no samde om at det er ein liten galakse som er vanskeleg å sjå på grunn av lyset til jetten og ein nærliggande starburstgalakse.[26]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ridpath, Ian. «Constellations: Andromeda–Indus». Star Tales. self-published. http://www.ianridpath.com/constellations1.htm. Henta 13. juni 2016. 
  2. Wagman, Morton (2003). Lost Stars: Lost, Missing and Troublesome Stars from the Catalogues of Johannes Bayer, Nicholas Louis de Lacaille, John Flamsteed, and Sundry Others. Blacksburg, VA: The McDonald & Woodward Publishing Company. ss. 58–59. ISBN 978-0-939923-78-6. 
  3. Kaler, J. B.. «Star Names». University of Illinois at Urbana–Champaign. http://stars.astro.illinois.edu/sow/starname.html. Henta 13. juni 2016. 
  4. «* Alfa Caeli – Star in double system». SIMBAD. http://simbad.u-strasbg.fr/simbad/sim-id?Ident=alf+Cae. Henta 13. juni 2016. 
  5. «GJ 174.1 B – Flare star». SIMBAD. http://simbad.u-strasbg.fr/simbad/sim-id?Ident=CCDM%20J04406-4152%20B. Henta 13. juni 2016. 
  6. «LTT 2063 – High proper-motion Star». SIMBAD. http://simbad.u-strasbg.fr/simbad/sim-id?Ident=bet+Cae. Henta 13. juni 2016. 
  7. «* Delta Caeli – Star». SIMBAD. http://simbad.u-strasbg.fr/simbad/sim-id?Ident=del+Cae. Henta 13. juni 2016. 
  8. «* Gamma Caeli – Star». SIMBAD. http://simbad.u-strasbg.fr/simbad/sim-id?Ident=gam+Cae. Henta 13. juni 2016. 
  9. «V* X Caeli – Variable Star of Delta Scuti type». SIMBAD. http://simbad.u-strasbg.fr/simbad/sim-id?Ident=X+Cae. Henta 13. juni 2016. 
  10. Templeton, M. (16. juli 2010). «Delta Scuti and the Delta Scuti Variables». Variable Star of the Season - AAVSO Website. American Association of Variable Star Observers. http://www.aavso.org/vsots_delsct. Henta 26. mai 2016. 
  11. X., V. S.; Patrick, W. (4. januar 2010). «X Caeli». AAVSO Website. American Association of Variable Star Observers. http://www.aavso.org/vsx/index.php?view=detail.top&oid=4518. Henta 28. mars 2014. 
  12. «V* RV Caeli – Pulsating variabel Star». SIMBAD. http://simbad.u-strasbg.fr/simbad/sim-id?Ident=RV+Cae. Henta 29. oktober 2015. 
  13. X., V. S. (25. august 2009). «RV Caeli». AAVSO Website. American Association of Variable Star Observers. http://www.aavso.org/vsx/index.php?view=detail.top&oid=4525. Henta 3. februar 2014. 
  14. Ashland Astronomi Studio: Where Art and Science Converge. «Nu Caeli (HIP 22488)». http://www.astrostudio.org/xhip.php?hip=22488. Henta 13. juni 2016. 
  15. 15,0 15,1 «HR 1557 – Star in double system». SIMBAD. http://simbad.u-strasbg.fr/simbad/sim-id?Ident=HD+30985. Henta 13. juni 2016. 
  16. «CD-41 1593B – Star in double system». SIMBAD. http://simbad.u-strasbg.fr/simbad/sim-id?Ident=CD-41%20%201593B. Henta 13. juni 2016. 
  17. Ashland Astronomi Studio: Where Art and Science Converge. «Lambda Caeli (HIP 21998)». http://www.astrostudio.org/xhip.php?hip=21998. Henta 13. juni 2016. 
  18. «HR 1518 – Star». SIMBAD. http://simbad.u-strasbg.fr/simbad/sim-id?Ident=HR+1518. Henta 13. juni 2016. 
  19. «Zeta Caeli – Star». SIMBAD. http://simbad.u-strasbg.fr/simbad/sim-id?Ident=zet+Cae. Henta 13. juni 2016. 
  20. 20,0 20,1 «V* RR Caeli – Eclipsing binary of Algol type (detached)». SIMBAD. http://simbad.u-strasbg.fr/simbad/sim-id?Ident=RR+Cae. Henta 13. juni 2016. 
  21. doi:10.1086/300471
  22. doi:10.1111/j.1745-3933.2012.01228.x
  23. doi:10.1111/j.1365-2966.2007.11564.x
  24. doi:10.1038/nature04013
  25. doi:10.1111/j.1745-3933.2005.00124.x
  26. doi:10.1086/518027

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gravstikka

Koordinatar: Sky map 05h 00m 00s, −40° 00′ 00″