Delfinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Delfinen
Delfinen
Delfinen
Latinsk namn Delphinus
Forkorting Del
Genitivsform Delphini
Symbologi Heilagt dyr blant dei gamle grekarane
Rektasensjon 20,7 h
Deklinasjon +13,8°
Areal 189 kvadratgrader
nr. 69 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
0
Sterkaste stjerne Rotanev (β Del) (3,63. mag.)
Meteorsvermar

Ingen

Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +90° og −70°

Delfinen (frå latin Delphinus) er eit stjernebilete på nordhimmelen, nær himmelekvator. Delfinen var eit av dei 48 stjernebileta som vart oppført av astronomen Klaudios Ptolemaios på 100-talet, og som i dag framleis er eit av dei 88 moderne stjernebileta. Det er eit av dei mindre stjernebileta, på 69. plass etter storleik.

Dei mest lyssterke stjernene i Delfinen dannar ein markant asterisme som er lett gjenkjenneleg. Han grensar til (med klokka frå nord) til Reven, Pila, Ørna, Vassmannen, Folen og Pegasus.

Kjende objekt[endre | endre wikiteksten]

Stjernebiletet Delfinen slik det er for det nakne auga.

Stjerner[endre | endre wikiteksten]

Delfinen har ingen lyssterke stjerner, og den mest lyssterke har storleiksklasse 3,8. Hovudasterismen i Deflinen er Job-kista som er danna av dei fire mest lyssterke stjernene: Alfa, Beta, Gamma og Delta Delphini. Alfa og Beta Delphini vert kalla høvesvis Sualocin og Rotanev. Lese baklengd vert det Nicolaus Venator, det latiniserte namnet til den tidlegare direktøren for Palermo-observatoriet, Niccolò Cacciatore. Deflinen ligg i det rike stjernefeltet i Mjølkevegen.[1]

Alfa Delphini, kalla Sualocin, er ei blåkvit hovudseriestjerne med storleiksklasse 3,8, 241 lysår frå jorda. Beta Delphini, kalla Rotanev, er ei tett dobbeltstjerne og den mest lyssterke i Delfinen. Komponentane er berre mogeleg å skilje frå kvarandre i store amatørteleskop. For det nakne auga, verkar ho å vere ei kvit stjerne med storleiksklasse 3,6. Ho har ein periode på 27 år og ligg 97 lysår frå jorda. Gamma Delphini er ei populær dobbeltstjerne blant amatørastronomar. Hovudstjerna er ei gulfarga stjerne med storleiksklasse 4,3 og den andre ei gulfarga stjerne med storleiksklasse 5,1. Dei ligg 102 lysår unna og komponentane er mogeleg å sjå i små amatørteleskop.[1] Den andre, som òg blir skildra som grøn, ligg 10 bogesekund frå hovudstjerna. Struve 2725, kalla «Spøkjelsesdobbelstjerna», er eit par som minnar om ei meir lyssvak Gamma Delphini. Komponentane har storleiksklassar 7,6 og 8,4 og ligg 6 bogesekund frå kvarandre, og berre 15 bogeminutt frå sjølve Gamma Delphini.

Det finst fleire lyssvake stjerner i Delfinen. Delta Delphini er ei klasse A7 IIIp-stjerne med storleiksklasse 4.43. Epsilon Delphini, kalla Deneb Dulfim, som tyder «delfinhalen», er ei stjerne med spektralklasse B6 III og storleiksklasse 4.

Delfinen har fleire variable stjerner. R Delphini er ei variabel stjerne av Mira-typen med ein periode på 285,5 dagar. Storleiksklassen varierer frå 7,6 på det største til 13,8 på det minste.

Rho Aquilae flytta seg over i Delfinen i 1992.

HR Delphini var ein nova som lyste opp til storleiksklasse 3,5 i desember 1967.[2] Den 14. august 2013 oppstod ein mogeleg nova, oppdaga av amatørastronomen Koichi Itagaki, og først kalla PNV J20233073+2046041, men no Nova Delphini 2013.[3][4][5]

Djupromsobjekt[endre | endre wikiteksten]

Fordi Mjølkevegen kryssar Delfinen har det fleire djupromsobjekt. NGC 6891 er ei planetarisk tåke med storleiksklasse 10,5. NGC 6934 er ein kulehop med storleiksklasse 9,75. Kring 185 000 lysår unna ligg kulehopen NGC 7006. Denne har berre storleiksklasse 11,5.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Ridpath & Tirion 2001, s. 138-139.
  2. Isles, J. E. (1974). «HR Delphini (Nova 1967) i 1967 - 71». Journal of the British Astronomical Association 85: 54–58. Bibcode:1974JBAA...85...54I. 
  3. King, Bob (August 14, 2013). «Bright New Nova In Delphinus — You can See it Tonight With Binoculars». Universe Today. Henta 23. mai 2016. 
  4. Guido, Ernesto; Ruocco, Nello; Howes, Nick (23. mai 2016). «Possible Bright Nova in Delphinus». Associazione Friulana di Astronomia e Meteorologia. Henta 23. mai 2016. 
  5. Masi, Gianluca (23. mai 2016). «Nova Delphini 2013 (formerly PNV J20233073+2046041): images, spectra and maps». Gianluca Masi - Virtual Telescope Project. Henta 23. mai 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Delfinen

Koordinatar: Sky map 20h 42m 00s, +13° 48′ 00″