Stjernebiletet Føniks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Føniks
Føniks
Føniks
Latinsk namn Phoenix
Forkorting Phe
Genitivsform Phoenicis
Symbologi Namngitt av Bayer
Rektasensjon 0 h
Deklinasjon −50°
Areal 469 kvadratgrader
nr. 37 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
1
Sterkaste stjerne Ankaa (α Phoenicis) (2,39. mag.)
Meteorsvermar
Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +32° og −90°

Føniks (frå latin Phoenix) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Det er kalla opp etter den mytiske fugl føniks, og vart først avbilda i eit stjerneatlas av Johann Bayer i 1603 i hans Uranometria. Den franske oppdagaren og astronomen Nicolas Louis de Lacaille kartla dei lyssterke stjernene og gav dei bayernemningar i 1756. Stjernebiletet strekkjer seg frå kring −39° til −57° deklinasjon, og frå 23,5h til 2,5h rektascensjon. Føniks, Trana, Påfuglen og Tukanen vert kalla dei sørlege fuglane.

Den mest lyssterke stjerna, Alfa Phoenicis, heiter Ankaa, eit arabisk ord som tyder «føniks». Ho er ei oransje kjempe med tilsynelatande storleik 2,4. Den neste er Beta Phoenicis, som er ei dobbeltstjerne med to gule kjemper med ein samla tilsynelatande storleik på 3,3. Nu Phoenicis har ei støvskive, medan stjernebiletet har ti stjernesystem med kjende planetar og i nyare tid er galaksehopane El Gordo og Fønikshopen oppdaga — høvesvis 7,2 og 5,7 millardar lysår unna, to av dei største objekta i det synlege universet. Føniks er opphav til to årlege meteorsvermar: Phoenicidane i desember og juli-phoenicidane.

Karakteristikk[endre | endre wikiteksten]

Føniks er eit lite stjernebilete som grensar til Smelteomnen og Bilethoggaren i nord, Trana i vest, Tukanen i sør, og eit hjørne av Den sørlege vasslangen i sør, og Floda i aust og søraust. Den lyssterke stjerna Achernar ligg i nærleiken.[1] Dei offisielle grensene til stjernebiletet vart sett av Eugène Delporte i 1930. Stjernebiletet ligg under horisonten for alle som bur nord for 40 ºN, og er lågt på himmelen for alle nord for ekvator. Det er best synleg frå stader som Australia og Sør-Afrika seint på den sørlege våren.[2]

Kjende objekt[endre | endre wikiteksten]

Stjernebiletet Føniks slik det er for det nakne auga.
Bilete av Føniks frå simuleringsprogrammet Perseus.
Teikning av ein føniks på stjernebiletet, frå 1730.
Dei sørlege fuglane i Johann Bayer si Uraniometria.

Stjerner[endre | endre wikiteksten]

Ei boga linje stjerner med Alfa, Kappa, Mu, Beta, Nu og Gamma Phoenicis vart sett som ein båt av dei gamle arabarane.[3] Den franske oppdagaren og astronomen Nicolas Louis de Lacaille kartla og spesifiserte 27 stjerner med bayernemningane Alfa til Omega i 1756.

Ankaa er den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet. Ho er ei oransje kjempe med tilsynelatande storleiksklasse 2,37 og spektralklasse K0.5IIIb,[4] 77 lysår frå jorda og krinsar rundt eit sekundærobkekt ein veit lite om.[5] Nær Ankaa ligg Kappa Phoenicis, ei stjerne i hovudserien med spektralklasse A5IVn og tilsynelatande storleik 3,90.[6] Ho ligg sentralt i asterismen,[2] Beta Phoenicis er den nest mest lyssterke stjerna i stjernebiletet og ei dobbeltstjerne. Dei to stjernene, begge gule kjemper med spektralklasse G8, skin med ein tilsynelatande storleik 3,31, og kvar for seg har dei tilsynelatande storleik 4,0 og 4,1 og krinsar rundt kvarandre kvar 168. år.[7] Zeta Phoenicis er ei Algol-type formørkande dobbeltstjerne, med ein tilsynelatande storleik som svingar mellom 3,9 og 4,4 med ein periode på kring 1,7 dagar (40 timar). Dimminga kjem av to blåkvite klasse B-stjerner, som krinsar og blokkerer ut kvarandre sett frå jorda. Dei to stjernene ligg 0,05 AU frå kvarandre, medan ei tredje stjerne ligg kring 600 AU unna paret, og har ei omlaupstid på meir enn 5000 år.[8] Systemet ligg kring 300 lysår unna.[9] I 1976 vart det kalkulert at ei nærliggande stjerne med storleiksklasse 7 er eit fjerde medlem i systemet.[10]

Gamma Phoenicis er ei raud kjempe med spektralklasse M0IIIa[11] og varierer mellom storleiksklassane 3,39 og 3,49. Ho ligg 235 lysår unna.[12] Psi Phoenicis er ei anna raud kjempe, denne med spektralklasse M4III,[13] og har ein tilsynelatande storleik som varierer mellom 4,3 og 4,5 over ein periode på kring 30 dagar.[14] Ho ligg 340 lysår unna,[13] og har kring 85 gonger så stor diameter, men berre 85 % av massen til sola vår.[15] W Phoenicis er ein Mira-variabel, som varierer i storleike frå 8,1 til 14,4 over 333,95 dagar. Ho er ei raud kjempe, og spekteret varierer mellom M5e og M6e.[16] 6,5 grader vest for Ankaa ligg SX Phoenicis, ei variabel stjerne som varierer frå storleik 7,1 til 7,5 over ein periode på berre 79 minutt. Spektraklassen varierer mellom A2 og F4.[17] Ho har gjeve namn til ei gruppe stjerner kalla SX Phoenicis-variable.[18] Rho og BD Phoenicis er Delta Scuti-variable— pulserande stjerner med kort periode (seks timar på det meste) som har blitt nytta som standardlyskjelde og vert studerte innan astroseismologi.[19] Rho er spektralklasse F2III,[20] og varierer med storleik 5,20 og 5,26 over ein periode på 2,85 timar.[21] BD har spektralklasse A1V,[22] og varierer i storleik mellom 5,90 og 5,94.[23]

Nu Phoenicis er ei gulkvit hovudseriestjerne med spektralklasse F9V og storleik 4,96.[24] Ho ligg 49 lysår unna, og er kring 1,2 gonger så massiv som sola vår,[25] og er truleg omringa av ei støvskive.[26] Ho er den næraste stjerna i stjernebiletet som er synleg for det nakne auga.[14] Gliese 915 er ein kvit dverg berre 26 lysår unna. Ho har storleiksklasse 13,05, og er for svak til at det nakne auga kan sjå ho.[27] Kvite dvergar er ekstremt tette stjerner som er pressa saman til eit volum like stort som jorda.[28] Med ein masse på kring 85 % av massen til sola, har Gliese 915 ein overflategravitasjon på 108.39 ± 0.01 (2.45 · 108) cm·s−2, eller kring 250 000 gonger gravtiasjonen til jorda.[29]

Ein har så langt funne ti stjerner med planetar, og fire planetsystem vart oppdaga med SuperWASP-prosjektet. HD 142 er ei gul kjempe med tilsynelatande storleik 5,7, og har ein planet (HD 1,2 b) 1,36 gonger massen til Jupiter som med ei omlaupstid på 328 dagar.[30] HD 2039 er ei gul subkjempe med ein tilsynelatande storleik på 9,0 rundt 330 lysår unna og med ein planet (HD 2039 b) som er tre gonger så massiv som Jupiter. WASP-18 er ei stjerne med storleiksklasse 9,29 som vart oppdaga å ha ein varm Jupiter-liknande planet (WASP-18b) med ei omlaupstid på mindre enn ein dag.[31] WASP-4 og WASP-5 er sol-liknande gule stjerner kring 1000 lysår unna med storleiksklasse 13, kvar med ein enkel planet som er større enn Jupiter.[32] WASP-29 er ein oransje dverg med spektralklasse K4V og tilsynelatande storleiksklasse 11,3, og har ein planet med liknande storleik og masse som Saturn. Planeten har ei omlaupstid på 3,9 dagar.[33]

WISE J003231.09-494651.4 og WISE J001505.87-461517.6 er to brune dvergar oppdaga av Wide-field Infrared Survey Explorer, og ligg høvesvis 63 og 49 lysår unna.[34] Brune dvergar objekt som er meir massive enn planetar, men med for liten masse til hydrogenfusjonen som stjernene har.[35]

HE0107-5240 ligg i Føniks og er kanskje den eldste stjerna som er oppdaga. Ho har kring 1/200 000 av metallisiteten til sola og må derfor ha blitt danna særs tidleg i historia til universet.[36] Med ein tilsynelatande storleiksklasse på 15,17,[37] er ho kring 10 000 gonger meir lyssvak enn dei mest lyssvake stjernene ein kan sjå med det nakne auga, og ligg kring 36 000 lysår unna.[36]

Djupromsobjekt[endre | endre wikiteksten]

Stjernebiletet ligg ikkje i det galaktiske planet til Mjølkevegen, and there are no prominent star clusters.[1] NGC 625 er ein liten irregulær galakse med tilsynelatande storleik 11,0 som ligg kring 12,7 millionar lysår unna. Ho er berre 24 000 lysår i diameter, og er eit ytre medlem i Bilethoggargruppa. Ein trur NGC 625 har vore involvert i ein kollisjon og opplevd eit utbrot med aktiv stjernedanning.[38] NGC 37 er ei linseforma galakse med tilsynelatande storleik 14,66. Ho er kring 137 000 lysår i diameter og kring 12,9 milliardar år gammal.[39] Robert-kvartetten (består av ei irregulær galakse NGC 87, og tre spiralgalaksar NGC 88, NGC 89 og NGC 92) er ei gruppe på fire galaksar som ligg kring 160 million lysår unna og som er i ferd med å kollidere og slå seg saman. Dei ligg innafor ein radius på 1,6 bogeminutt, som tilsvarar 75 000 lysår.[40] I galaksen ESO 243-49 ligg HLX-1, eit mellommassivt svart hòl—det første av sitt slag som er funne. Ein trur det er restane av ein dverggalakse som vart absorbert i ein kollisjon med ESO 243-49.[41] Før denne oppdaginga, vart denne klassen av svarte hòl berre ein hypotese.[42]

Innafor stjernebiletet ligg den enorme Fønikshopen, som er kring 7,3 millionar lysår brei og 5,7 milliardar lysår unna. Dette er ein av dei mest massive galaksehopane. Ho vart først oppdaga i 2010, og den sentrale galaksen er estimert å produsere 740 nye stjerner kvart år.[43] Enno større er El Gordo, eller ACT-CL J0102-4915, som vart oppdaga i 2012.[44] Han ligg kring 7,2 mrd. lysår unna, og består av to undergrupper som er i ferd med å kollidere, og resultatet er at det vert spydd ut varm gass, som ein kan sjå i røntgenstråler og infraraude bilete.[45]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Klepešta, Josef; Rükl, Antonín (1974) [1969]. Constellations. Hamlyn. s. 214–15. ISBN 0-600-00893-2. 
  2. 2,0 2,1 Motz, Lloyd; Nathanson, Carol (1991). The Constellations: An Enthusiast's Guide to the Night Sky. London, Storbritannia: Aurum Press. s. 371–72. ISBN 1-85410-088-2. 
  3. Allen, Richard Hinckley (1963) [1899]. Star Names: Their Lore and Meaning (rep. utg.). New York, NY: Dover Publications Inc. s. 335–36. ISBN 0-486-21079-0. [daud lenkje]
  4. «Alfa Phoenicis». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. Henta 13. mars 2016. 
  5. Kaler, Jim. «Ankaa». Stars. University of Illinois. Henta 24. august 2012. 
  6. «Kappa Phoenicis». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. Henta 13. mars 2016. 
  7. Kaler, Jim. «Beta Phoenicis». Stars. University of Illinois. Henta 24. august 2012. 
  8. Kaler, Jim. «Zeta Phoenicis». Stars. University of Illinois. Henta 19. juli 2015. 
  9. «Zeta Phoenicis – Eclipsing binary of Algol type (detached)». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. Henta 11. juni 2016. 
  10. Grønbech, K. (1976). «Four-color photometry of eclipsing binaries. IIIb: Zeta Phoenicis, analysis of light curves and determination of absolute dimensjonar». Astronomi and Astrophysics 46: 205–12. Bibcode:1976A&A....46..205C. 
  11. «Gamma Phoenicis». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. Henta 13. mars 2016. 
  12. Kaler, Jim. «Gamma Phoenicis». Stars. University of Illinois. Henta 23. august 2012. 
  13. 13,0 13,1 «Psi Phoenicis – Semi-regular pulsating Star». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. Henta 12. mai 2013. 
  14. 14,0 14,1 Bagnall, Philip M. (2012). The Star Atlas Companion: What You Need to Know about the Stjernebiletes. New York, New York: Springer. s. 359–61. ISBN 1-4614-0830-X. 
  15. Neilson, Hilding R.; Lester, John B. (2008). «Determining parameters of cool kjempestjerner by modeling spectrophotometric and interferometric observations using the SAtlas program». Astronomi and Astrophysics 490 (2): 807–10. Bibcode:2008A&A...490..807N. arXiv:0809.1875. doi:10.1051/0004-6361:200810627. 
  16. «W Phe». International Variable Star Index. American Association of Variable Star Observers. 4. januar 2010. Henta 12. juni 2016. 
  17. Burnham, Robert Jr. (1978). Burnham's Celestial Handbook III. New York, New York: Dover. s. 1455–57. ISBN 0-486-24065-7. 
  18. Landes, H., H.; Bambery, K. R., K. R.; Coates, D. W., D. W.; Thompson, K., K. (2007). «Long-Term Changes in the Periods of SX Phe» (PDF). Publications of the Astronomical Society of Australia 24: 41–45. Bibcode:2007PASA...24...41L. doi:10.1071/AS06025. 
  19. Templeton, Matthew (16. juli 2010). «Delta Scuti and the Delta Scuti Variables». Variable Star of the Season. AAVSO (American Association of Variable Star Observers). Henta 12. juni 2016. 
  20. «V* rho Phe – Variable Star of delta Sct type». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. Henta 26. august 2012. 
  21. «Rho Phe». International Variable Star Index. AAVSO. 4. januar 2010. Henta 19. juli 2015. 
  22. «V* BD Phe – Variable Star of delta Sct type». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. Henta 19. juli 2015. 
  23. «BD Phe». International Variable Star Index. AAVSO. 4. januar 2010. Henta 19. juli 2015. 
  24. «LHS 1220 – High proper-motion Star». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. Henta 17. november 2015. 
  25. Zechmeister, M.; Kürster, M.; Endl, M.; Lo Curto, G.; Hartman, H.; Nilsson, H.; Henning, T.; Hatzes, A. P.; Cochran, W. D. (2013). «The planet search programme at the ESO CES and HARPS. IV. The search for Jupiter analogues around solar-like stars». Astronomi & Astrophysics 552: A78. Bibcode:2013A&A...552A..78Z. arXiv:1211.7263. doi:10.1051/0004-6361/201116551. 
  26. Maldonado, J., J.; Eiroa, C., C.; Villaver, E., E.; Montesinos, B., B.; Mora, A., A. (2012). «Metallisitet of solar-type stars with debris discs and planets». Astronomi & Astrophysics 541: A40. Bibcode:2012A&A...541A..40M. arXiv:1202.5884. doi:10.1051/0004-6361/201218800. 
  27. «GJ 915 – White Dwarf». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. Henta 26. august 2012. 
  28. Johnson, J. (2007). «Extreme Stars: White Dwarfs & Neutron Stars». Lecture notes, Astronomi 1,2. Ohio State University. Henta 11. juni 2016. [daud lenkje]
  29. Subasavage, John P.; Jao; Henry; Bergeron; Dufour; Ianna; Costa; Mendez (2009). «The Solar Neighbourhood. XXI. Parallakse Results from the CTIOPI 0,9 m Program: 20 New Member of the 25 Parsec White Dwarf Sample». The Astronomical Journal 137 (6): 4547–60. Bibcode:2009AJ....134.4547S. doi:10.1088/0004-6256/137/6/4547. 
  30. Kaler, Jim. «HR 6 Phoenicis». Stars. University of Illinois. Henta 24. august 2012. 
  31. Hellier, Coel; Anderson, D.R.; Cameron, A. Collier; Gillon, M.; Hebb, L.; Maxted, P.F.; Queloz, D.; Smalley, B.; Triaud, A.H.; West, R. G.; Wilson, D. M.; Bentley, S. J.; Enoch, B.; Horne, K.; Irwin, J.; Lister, T. A.; Mayor, M.; Parley, N.; Pepe, F.; Pollacco, D. L.; Segransan, D.; Udry, S.; Wheatley, P. J. (2009). «An omlaupstid of 0.94 dagar for the hot-Jupiter planet WASP-18b». Nature (Nature Publishing Group) 4,0 (7259): 1098–1100. Bibcode:2009Natur.460.1098H. PMID 19713926. doi:10.1038/nature08245. 
  32. Gillon, M.; Smalley, B.; Hebb, L.; Anderson, D. R.; Triaud, A. H. M. J.; Hellier, C.; Maxted, P. F. L.; Queloz, D.; Wilson, D. M. (2009). «Improved parameters for the transiting hot Jupiters WASP-4b and WASP-5b». Astronomy and Astrophysics 496: 259–67. Bibcode:2009A&A...496..259G. arXiv:0812.1998. doi:10.1051/0004-6361:200810929. 
  33. Hellier, Coel; Anderson, D. R.; Collier Cameron, A.; Gillon, M.; Lendl, M.; Maxted, P. F. L.; Queloz, D.; Smalley, B.; Triaud, A. H. M. J.; West, R. G.; Brown, D. J. A.; Enoch, B.; Lister, T. A.; Pepe, F.; Pollacco, D.; Ségransan, D.; Udry, S. (2010). «WASP-29b: A Saturn-sized transiting exoplanet» (PDF). The Astrophysical Journal Letters 723 (1): L60–63. Bibcode:2010ApJ...723L..60H. arXiv:1009.5318. doi:10.1088/2041-8205/723/1/L60. 
  34. Kirkpatrick, J. Davy; Gelino, Christopher R.; Cushing, Michael C.; Mace, Gregory N.; Griffith, Roger L.; Skrutskie, Michael F.; Marsh, Kenneth A.; Wright, Edward L.; Eisenhardt, Peter R.; McLean, Ian S.; Mainzer, Amanda K.; Burgasser, Adam J.; Tinney, C.G.; Parker, Stephen; Salter, Graeme (2012). «Further Defining Spectral Type "Y" and Exploring the Low-mass End of the Field Brown Dwarf Mass Function». The Astrophysical Journal 753 (2): 156. Bibcode:2012ApJ...753..156K. arXiv:1205.2122. doi:10.1088/0004-637X/753/2/156. 
  35. «Science: Brown Dwarfs». Wide-field Infrared Survey Explorer. NASA. 10. juni 2016. Henta 11. juni 2016. 
  36. 36,0 36,1 Christlieb, Norbert (30. oktober 2002). «A Glimpse of the Young Miliky Way: VLT UVES Observes Most Metal-Deficient Star Known». Europaan Southern Observatory. Henta 11. juni 2016. 
  37. «2MASS J01092916-5224341 – Carbon Star». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. Henta 11. juni 2016. 
  38. O'Meara, Stephen James (2011). Deep-Sky Companions: The Secret Deep. Cambridge, Storbritannia: Cambridge University Press. s. 40–43. ISBN 978-0-521-19876-9. 
  39. «NED results for NGC 37». NED via University of California. Henta 11. juni 2016. 
  40. Boffin, Henri (4. november 2005). «eso0535 — Photo Release: Cosmic Portrait of a Perturbed Family». Europaan Southern Observatory. Arkivert frå originalen 11. oktober 2008. Henta 24. august 2012. 
  41. Waugh, Rob (15. februar 2012). «Star wars: Hubble captures remains of shredded galaxy around rare new kind of svart hòl». Daily Mail. Henta 11. juni 2016. 
  42. «Astronomers spot the very first intermediate-mass svart hòl». The Bunsen Burner. T.E. Holdings LLC. 9. juli 2012. Henta 15. august 2013. [daud lenkje]
  43. Chu, Jennifer (14. juni 2016). «Most massive and luminous galaksehop identified». MIT News. Cambridge, Massachusetts: Massachusetts Institute of Technology. Henta 13. mars 2016. 
  44. Perrotto, Trent J.; Anderson, Janet; Watzke, Megan (10. januar 2012). «NASA's Chandra Finds Largest Galaxy Cluster in Early Universe». NASA. Henta 2. september 2013. 
  45. Chandra X-ray Observatory (10. januar 2012). «El Gordo: NASA's Chandra Finds Largest Galaxy Cluster in Early Universe». NASA. Henta 2. september 2013. 
Commons har multimedium som gjeld: Stjernebiletet Føniks

Koordinatar: Sky map 00h 00m 00s, −50° 00′ 00″