Kameleonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kameleonen
Kameleonen
Latinsk namn Chamaeleon
Forkorting Cha
Genitivsform Chamaeleontis
Symbologi Namngitt av Bayer
Rektasensjon 11 h
Deklinasjon −80°
Areal 132 kvadratgrader
nr. 79 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
0
Sterkaste stjerne γ Cha (4,1. mag.)
Meteorsvermar

Ingen

Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +0° og −90°

Kameleonen (frå latin Chamaeleon) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Det vart først definert på 1500-talet.

Kjende objekt[endre | endre wikiteksten]

Stjernebiletet Kamelonen slik det er for det nakne auga.

Stjerner[endre | endre wikiteksten]

Det er fire lyssterke stjerner i Kamelonen. Alfa Chamaeleontis er ei kvitfarga stjerne med storleiksklasse 4,1, 63 lysår frå jorda. Beta Chamaeleontis er ei blåkvit stjerne med storleiksklasse 4,2, 27 lysår frå jorda. Gamma Chamaeleontis er ei raud kjempestjerne med storleiksklasse 4,1, 413 lysår frå jorda. Dei andre lyssterke stjernene i Kamelonen er Delta Chamaeleontis, ei vid dobbeltstjerne. Den lyssterke stjerna Delta2 Chamaeleontis er ei blå stjerne med storleiksklasse 4,4, 364 lysår frå jorda. Delta1 Chamaeleontis, den meir lyssvake komponentente, er ei oransje kjempestjerne med storleiksklasse 5,5, 354 lysår unna.[1]

Cha 110913 ligg i Kamelonen, ei unik dvergstjerne eller proto-solsystem.

Djupromsobjekt[endre | endre wikiteksten]

I 1999 vart det oppdaga ein nærliggande open hop kring stjerna η Chamaeleontis. Gruppa, kjend anten som Eta Chamaeleontis-hopen eller Mamajek 1, er 8 million år gammal og ligg 316 lysår frå jorda.[2]

Stjernebiletet har fleire molekylskyar (Kamelonen-komplekset) som dannar T Tauri-stjerner med låg masser. Skykomplekset ligg 400 til 600 lysår frå jorda, og inneheld titusenvis av solmassar med gass og støv. Den mest markante hopen av T Tauri-stjerner og unge klasse B-stjerner er i Kamelonen I-skya, og er knytt til refleksjonståka IC 2631.

Kamelonen har ei planetarisk tåke, NGC 3195, som er forholdsvis lyssvak. I eit teleskop har ho omtrent same tilsynelatande storleik som Jupiter.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Ridpath & Tirion 2001, s. 116-117.
  2. Luhman, K.L. & Steeghs, D. 2004, ApJ, 6,9, 917

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kameleonen

Koordinatar: Sky map 11h 00m 00s, −80° 00′ 00″