Stjernebiletet Kassiopeia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kassiopeia
Kassiopeia
Latinsk namn Cassiopeia
Forkorting Cas
Genitivsform Cassiopeiae
Symbologi Den sitjande dronninga
Rektasensjon 1 h
Deklinasjon +60°
Areal 598 kvadratgrader
nr. 25 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
4
Sterkaste stjerne α Cas (Schedar) (2,23. mag.)
Meteorsvermar
Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +90° og −20°

Kassiopeia (frå latin Cassiopeia) er eit stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula, kalla opp etter den forfengelege dronninga Kassiopeia i gresk mytologi, som skrytte av den uforliknelege venleiken sin. Kassiopeia var eit av dei 48 stjernebileta som vart nedskrivne av den greske astronomen Klaudios Ptolemaios på 100-talet, og er i dag eit av dei 88 moderne stjernebielta. Det er lett gjenkjennelege med ein markant 'M'-form når det står på sitt høgaste, men på høgare, nordlege breiddegrader har det ei W-form om våren og sommaren. Det grensar til Andromeda i sør, Persevs i søraust og Kefeus i nord. Det ligg ovanfor Karlsvogna.

Nord for 34 ºN er stjernebiletet synleg året rundt, og i subtropane og tropane er det best synleg frå september til tidleg i november, med den karakteristisk M-forma. Sjølv på lågare, sørlege breiddegrader, nord for 25 ºS, kan ein sjå biletet lågt på himmelen i nord.

Kjende objekt[endre | endre wikiteksten]

Stjernebiletet Cassiopeia slik det er for det nakne auga.

Dei fire mest lyssterke stjernene i Cassiopeia er alle lysare enn 3. storleiksklasse.

  • Alfa Cassiopeiae, tradisjonelt kalla Shedir (frå arabisk Al Sadr, «brystet») er ei dobbeltstjerne. Hovudstjerna er ei oransje kjempe med storleiksklasse 2,2, 229 lysår frå jorda. Den andre ligg langt unna hovudstjerna og har storleiksklasse 8,9.
  • Beta Cassiopeiae, eller Caph (som tyder «hand»), er ei kvit stjerne med storleiksklasse 2,3, 54 lysår frå jorda. Den arabiske astronmen Al Tizini frå 1500-talet, gav denne stjerna namnet Al Sanam al Nakah, (Kamelhumpen), i samband med plasseringa i eit persisk stjernebiletet på den tida.[1]
  • Dei to andre lysande stjernen er begge variable stjerner. Gamma Cassiopeiae er ein Gamma Cassiopeiae-variabel, ein type variabel stjerne om har særs høg rotasjon. Dette gjer stjerna noko ustabil og ho kastar i periodar frå seg ringar av materiale. Gamma Cassiopeiae har ein minste storleiksklasse på 3,0 og ein største storleiksklasse på 1,6. Den noverande tilnærma storleiksklassen er 2,2. Delta Cassiopeiae, òg kalla Ruchbah eller Rukbat, tyder «kne», er ei Algol-type formørkande variabel stjerne. Ho varierer med ein storleiksklasse på 0,1 kring storleiksklassen 2,7. Perioden er 2 år og 1 månad. Ruchbah verkar å ha ein blåkvit farge og ligg 99 lysår frå jorda.[2]

Det finst fleire svakare enkeltstjerner i Kassiopeia. Epsilon Cassiopeiae er ei blåkvit stjerne med storleiksklasse 3,3, 432 lysår frå jorda. Rho Cassiopeiae er ei halvregulær pulserande variabel gul superkjempe, som er av dei mest lyssterke i galaksen med ein luminositet, som er kring 500 000 solluminositeten. Ho har ein minste storleiksklasse på 6,2 og ein største på 4,1. Perioden er kring 320 dagar. Rho Cassiopeiae ligg kring 10 000 lysår frå jorda.[2]

Kassiopeia har fleire lyssvake dobbeltstjerner og binærstjerner. Eta Cassiopeiae er ei binærstjerne med ein periode på 480 år. Primærstjerna er ei gul stjerne med storleiksklasse 3,5 og den sekundære er ei raud stjerne med storleiksklasse 7,5. Systemet ligg 19 lysår frå jorda. Iota Cassiopeiae er ei trippelstjerne 142 lysår frå jorda. Hovudstjerna er ei kvit stjerne med storleiksklasse 4,5, den sekundære er ei gul stjerne med storleiksklasse 6,9, og den tredje er ei stjerne med storleiksklasse 8,4. Dei primære og sekundære stjernene ligg nære kvarandre, medan den tredje ligg langt unna. Sigma Cassiopeiae er ei binærstjerne 1500 lysår frå jorda. Hohar ein grønaktig hovudstjerne med storleiksklasse 5,0 og ein blåfarga sekundærstjerne med storleiksklasse 7,3. Psi Cassiopeiae er ei trippelstjerne 193 lysår frå jorda. Primærstjerna er ei oransje kjempestjerne med storleiksklasse 4,7 og den sekundære er eit tett par av stjerner som samla har storleiksklasse 9,0.[2]

Djupromsobjekt[endre | endre wikiteksten]

Sola slik ho ser ut nær Kassiopeia frå Alfa Centauri.

Fordi stjernebiletet ligg i det rike stjernefeltet til Mjølkevegen, har Kassiopeia mange djupromsobjekt, inkludert opne hopar og stjernetåker.

To Messier-objekt, M52 (NGC 7654) og M103 (NGC 581), ligg i Kassiopeia. Begge er opne hopar. M52, som ein gong vart skidlra som ein «nyreforma» hop, inneheld kring 100 stjerner og ligg 5200 lysår frå jorda. Den mest markante medlemmen er ei oransje stjerne med storleiksklasse 8,0 nær ytterkanten av hopen. M103 har langt færre stjerner enn M52, med berre kring 25 stjerner. Ho ligg òg lengre unna, 8200 lysår frå jorda. Det mest markante medlemmet er faktisk nærmare, og består av to stjerner som ligg ovanpå kvarandre. Ho består av ei primærstjerne av 7. storleiksklasse og ei sekundærstjerne med 10. storleiksklasse.[2]

Dei andre markante, opne hopane i Kassiopeia er NGC 457 og NGC 663, som begge har kring 80 stjerner. NGC 457 er lausare, og det mest lyssterke medlemmet er Phi Cassiopeiae, ei kvit superkjempe med storleiksklasse 5,0. Stjernene i NGC 457, som ligg på rekkej, ligg kring 10 000 lysår frå jorda. NGC 663 er både nærmare, 8200 lysår frå jorda, og større, kring 0,25 grader i diameter.[2]

Den planetære stjernetåka IC 289 er ei sky av ionisert gass som vert pressa ut i rommet av restane av ei stjernekjerne.[3]

Det finst restar av to supernovaer i Kassiopeia. Den første, som ikkje har namn, er etterverknaden etter ein supernova kalla Tycho-stjerna. Denne vart observert i 1572 av Tycho Brahe og finst no som eit lyst objekt i radiospektrumet.[2] Innafor 'W'-forma, som er danna av dei fem store stjernene i Kassiopeia, ligg Cassiopeia A (Cas A). Denne er restane av ein supernova som fann stad for kring 300 år sidan (då han vert observert frå jorda) og ligg kring 10 000 lysår unna).[4] Dette har vist seg å vere den sterkaste radiokjelda som er observert utafor solsystemet vårt. Ho var kanskje observert som ei svak stjerne i 1680 av John Flamsteed. Det første biletet som kom frå Chandra X-Ray Observatory seint i 1990-åra var frå denne kjelda. Skalet av materie som vart kasta ut frå stjerna, flyttar seg med ein fart på 4000 km i sekundet, og har i snitt ein temperatur på 30 000 Kelvin.[4]

Kassiopeia fotografert frå Wrightsville Beach i North Carolina av Zach Rudisin.

NGC 457 er ein annan open hop i Kassiopeia, som òg vert kalla E.T.-hopen, Uglehopen og Caldwell 13. Hopen vart oppdaga i 1787 av William Herschel. Den samla storleiksklassen er på 6,4 og han ligg kring 10 000 lysår frå jorda, i Persevs-armen av Mjølkevegen. Det mest markante medlemmet er dobbeltstjerna Phi Cassiopeiae, som ligg langt nærmare, mellom 1000 og 4000 lysår unna. NGC 457 er forholdsvis rik på stjerner. Han er ein Shapley-klasse e- og Trumpler-klasse I 3 r-hop. Han er konsentrert mot sentrum og ligg utanom stjernefeltet. Han inneheld meir enn 100 stjerner, som varierer stort i lysstyrke.[5]

To medlemmar av Den lokale gruppa av galaksar ligg i Kassiopeia. NGC 185 har storleiksklasse 9,2 og er ein elliptisk galakse av type E0, 2 million lysår unna. Noko meir lyssvak og lenger unna ligg NGC 147 med storleiksklasse 9,3. Dette er ein elliptisk galakse, og er som NGC 185 og av type E0, 2,3 millionar lysår unna jorda. Sjølv om dei ikkje ligg i Andromeda, er begge dverggalaksane gravitasjonsmessig knytt til den langt større Andromedagalaksen.[6]

Mønster frå Alfa Centauri[endre | endre wikiteksten]

Om ein kunne ha sett sola frå Alfa Centauri, stjerna som ligg nærast solsystemet, ville sola ha lege i Kassiopeia som ei gulkvit stjerne med storleiksklasse 0,5. Den kjende W-forma i Kassiopeia ville ha vorte eit sikksakkmønster med sola heilt til venstre, nærast ε Cas.

Meteorsvern[endre | endre wikiteksten]

Phi Cassiopeidane er ein nyleg oppdaga meteorsverm som opptrer tidleg i desember og stråler ut frå Kassiopeia. Phi Cassiopeidane er særs langsm med ein inngangssnøggleik på kring 16,7 kilometers per sekund. Svermen kjem frå ein Jupiter-komet, men det spesifikke opphavet er ukjend.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Richard H. Allen (1889) Star Names, s. 146 (sjå òg http://www.constellationofwords.com/stars/Caph.html).
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Ridpath & Tirion 2001, s. 106-108.
  3. «Stars that go out with a whimper», ESA/Hubble Picture of the Week, http://www.spacetelescope.org/images/potw1327a/, henta 227. juli 2015 
  4. 4,0 4,1 Wilkins, Jamie; Dunn, Robert (2006). 3,0 Astronomical Objects: A Visual Reference to the Universe (1st ed.). Buffalo, New York: Firefly Books. ISBN 978-1-55407-175-3. 
  5. Levy 2005, s. 92-93.
  6. Levy 2005, s. 180-181.
  7. Jenniskens, Peter (September 2012). «Mapping Meteoroid Orbits: New Meteor Showers Discovered». Sky & Telescope: 25. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Stjernebiletet Kassiopeia


Dei 88 moderne stjernebilda
Akterstamnen | Alteret | Andromeda | Begeret | Berenikes hår | Bildehoggaren | Bjørnepassaren | Bordet | Delfinen | Den sørlege fisken | Den sørlege vasslangen | Det sørlege triangelet | Draken | Dua | Einhyrningen | Fiskane | Floda | Fluga | Flygefisken | Folen | Føniks | Gaupa | Gravstikka (Meiselen) | Gullfisken | Haren | Herkules | Indianaren | Jakthundane | Jomfrua | Kameleonen | Kassiopeia | Kefeus | Kentauren | Kjølen | Kompasset | Krepsen | Kusken | Kvalfisken | Luftpumpa | Lyra | Løva | Mikroskopet | Nettet | Den nordlege krona | Oktanten | Orion | Paradisfuglen | Passaren | Pegasus | Persevs | Pila | Påfuglen | Ramnen | Reven | Seglet | Sekstanten | Sjiraffen | Skjoldet | Skorpionen | Skytten | Slangeberaren | Slangen | Smelteomnen | Staffeliet | Steinbukken | Den store bjørnen | Den store hunden | Svana | Sørkrossen | Den sørlege krona | Teleskopet | Trana | Triangelet | Tukanen | Tvillingane | Tyren | Ulven | Uret | Vasslangen | Vassmannen | Vekta | Vêren | Den vesle bjørnen | Den vesle hunden | Den vesle løva | Vinkelhaken | Øgla | Ørna

Koordinatar: Sky map 01h 00m 00s, +60° 00′ 00″