Den store bjørnen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den store bjørnen
Den store bjørnen
Latinsk namn Ursa major
Forkorting UMa
Genitivsform Ursae Majoris
Symbologi Urgammalt, moglegvis det eldste namnet
Rektasensjon 10,67 h
Deklinasjon 55,38°
Areal 1280 kvadratgrader
nr. 3 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
6
Sterkaste stjerne Alioth (ε UMa) (1,76. mag.)
Meteorsvermar
Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +90° og −30°

Den store bjørnen (frå latin Ursa major) er eit stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Bjørnenamnet kan sporast tilbake til mange kulturar verda rundt, frå indianarane i Nord-Amerika til indarane i India.

Det samiske namnet på stjernebiletet er Dávggát, stom tyder «bogene». Dette syner til myta om Gállábártnit eller Orions belte, som jaktar på himmelelgen Sarva. Dersom dei nokon gong får skote Elgen, vil alle stjernene falle ned på jorda og verda går under.[1]

Karlsvogna[endre | endre wikiteksten]

Karlsvogna er ein asterisme (ein mindre del av eit stjernebilde) som høyrer til Den store bjørnen. Asterismen er danna av dei sju mest lyssterke stjernene i Den store bjørnen. Ei rett linje gjennom «bakhjula» (Merak-Dubhe), forlenga fem gonger avstanden til hjula mot nord, treff Polarstjerna. Ei rett linje frå Megrez gjennom Polarstjerna treffer Schedar i den karakteristiske W-en i stjernebiletet Kassiopeia (som står omtrent like langt frå Polarstjerna som Karlsvogna), og vert denne forlenga vidare, går han tett forbi dei to bakarste stjernene i Pegasus-firkanten og skjer himmelekvator nær vårjamdøgnspunktet. Den krumme vognstanga forlenga sørover treffer først Arcturus i Bjørnepassaren og seinare Spica i Jomfrua.

Omgrepet vogn er ålment kjent i fleire språk. Forklaringa av førsteleddet Karl (norrønt, 'mann') er omstridd, men kan henge saman med tilnamnet til guden Tor, Torekarl. Det kan òg sjåast i samanheng med eit liknande mindre stjernebiletet i Den vesle bjørnen som på norrønt heitt Kvennavagn, «Kvinnevogn».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gaski, Harald. (14. februar 2009). Dávggát. I Store norske leksikon. Henta 21. mars 2015 frå https://snl.no/D%C3%A1vgg%C3%A1t.


Dei 88 moderne stjernebilda
Akterstamnen | Alteret | Andromeda | Begeret | Berenikes hår | Bildehoggaren | Bjørnepassaren | Bordet | Delfinen | Den sørlege fisken | Den sørlege vasslangen | Det sørlege triangelet | Draken | Dua | Einhyrningen | Fiskane | Floda | Fluga | Flygefisken | Folen | Føniks | Gaupa | Gravstikka (Meiselen) | Gullfisken | Haren | Herkules | Indianaren | Jakthundane | Jomfrua | Kameleonen | Kassiopeia | Kefeus | Kentauren | Kjølen | Kompasset | Krepsen | Kusken | Kvalfisken | Luftpumpa | Lyra | Løva | Mikroskopet | Nettet | Den nordlege krona | Oktanten | Orion | Paradisfuglen | Passaren | Pegasus | Persevs | Pila | Påfuglen | Ramnen | Reven | Seglet | Sekstanten | Sjiraffen | Skjoldet | Skorpionen | Skytten | Slangeberaren | Slangen | Smelteomnen | Staffeliet | Steinbukken | Den store bjørnen | Den store hunden | Svana | Sørkrossen | Den sørlege krona | Teleskopet | Trana | Triangelet | Tukanen | Tvillingane | Tyren | Ulven | Uret | Vasslangen | Vassmannen | Vekta | Vêren | Den vesle bjørnen | Den vesle hunden | Den vesle løva | Vinkelhaken | Øgla | Ørna
Spire Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.