Elvis: A Legendary Performer Volume 1

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elvis: A Legendary Performer Volume 1
Samlealbum av Elvis Presley
Språk engelsk
Utgjeve 2. januar 1974
Sjanger Pop
Selskap RCA Records
Elvis Presley-kronologi 
Raised on Rock/For Ol' Times Sake
(1973)
Elvis: A Legendary Performer Volume 1 Good Times
(1974)


Elvis: A Legendary Performer Volume 1 er eit samlealbum av Elvis Presley som kom ut i 1974 på RCA Records. Det består av 14 spor, der 12 av dei er songar og to av dei intervju med Presley. Det selde til gullplate den 8. januar 1975 og platina og dobbelt platina den 15. juli 1999 i USA. Albumet opnar med den første innspelinga hans frå 1954, «That's All Right», songen som starta karrieren hans hos Sun Records.

Til slutt var det gjeve ut fire delar i denne serien dei neste ti åra, og Presley var den einaste artisten utanom Glenn Miller som hadde fleire delar i denne A Legendary Performer-serien hos RCA. Dette første albumet inneheld konsertopptak som ikkje var gjevne ut før av songar frå TV-sendinga til Presley frå 1968, ein alternativ versjon av den første kjende innspelinga hans for Sun Records («I Love You Because»), og den første amerikanske utgjevinga av «Tonight's All Right for Love» frå den europeiske utgåva av G.I. Blues. Dei to intervjua vart opphavleg gjevne ut på RCA Victor i 1958 som EP-en Elvis Sails.

Sjølv om RCA Victor hadde gjeve ut alternative opptak av Presley sine studioopptak tidlegare, til dømes i 1958 då to forskjellige opptak av songen «Lover Doll» frå filmen King Creole vart gjevne ut på det offisielle filmmusikkalbumet og den nyutgjevne EP-en King Creole Volume 1[1]—var dette første gongen selskapet seriøst gav ut slikt materiale. Det var likevel først etter Presley døydde at omfanget av tidlegare ikkje-utgjevne opptak skaut fart, som på Elvis: A Legendary Performer Volume 3 (1979).

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side A
Nr.TittelLåtskrivar(ar)InnspeltLengd
1.«That's All Right»Arthur «Big Boy» Crudup6. juli 19541:33
2.«I Love You Because» (tidlegare ikkje utgjeve opptak)Leon Payne6. juli 19543:27
3.«Heartbreak Hotel»Mae Boren Axton, Tommy Durden, Elvis Presley10. januar 19562:08
4.«Elvis»22. september 19580:34
5.«Don't Be Cruel»Otis Blackwell, Elvis Presley2. juli 19562:03
6.«Love Me» (frå Elvis TV special)Jerry Leiber og Mike Stoller27. juni 19682:32
7.«Tryin' to Get to You» (frå Elvis TV special)Rose Marie McCoy, Charlie Singleton27. juni 19682:33
Side B
Nr.TittelLåtskrivar(ar)InnspeltLengd
1.«Love Me Tender»Vera Matson, Elvis Presley13. januar 19572:42
2.«Peace in the Valley»Thomas A. Dorsey22. september 19583:20
3.«Elvis' Farewell to His Fans»10. juni 19582:14
4.«(Now and Then There's) A Fool Such as I»Bill Trader11. juni 19582:30
5.«Tonight's All Right for Love» (tidlegare ikkje utgjeven song frå G.I. Blues)Joseph Lilley, Abner Silver, Sid Wayne6. mai 19601:20
6.«Are You Lonesome Tonight?» (frå Elvis TV special)Lou Handman, Roy Turk27. juni 19683:31
7.«Can't Help Falling in Love»Luigi Creatore, Hugo Peretti, George David Weiss23. mars 19613:00

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Roy Carr & Mick Farren, Elvis: The Illustrated Record (Harmony Books, 1982), s. 59