Girl Loves Me

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Girl Loves Me
av David Bowie
frå albumet Blackstar
Utgjeve 8. januar 2016
Innspelt 2015
Studio The Magic Shop and Human Worldwide (New York City)
Sjanger
Lengd 4:51
Selskap ISO
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent

«Girl Loves Me» er ein song av den engelske musikaren David Bowie. Det er det femte sporet på det 25. og siste studioalbumet til Bowie, Blackstar, utgjeve 8. januar 2016. Songen vart skriven av Bowie og produsert av Bowie og Tony Visconti. «Girl Loves Me» nådde 87. plassen på Nederlandsk Topp 100 og 146. plassen på UK Singles Chart.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

«Girl Loves Me» er kjend for bruken av polari og nadsat i teksten. Sistnemnde er ein oppdikta slang skapt av Anthony Burgess og som ofte vart nytta i romanen hans A Clockwork Orange frå 1962.[1] Songen inneheld òg ein referanse til Chestnut Tree, ein bar i siste del av den dystopiske romanen 1984 av George Orwell. Dette er dels brukt fordi Chestnut Tree er ein stad i romanen der hovudpersonen går for å finne ut at han ikkje lenger kjenner kjenslene sine for kjærleik, og teksten i songen har ein opplagt referanse til kjærleik, som i tittelen.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Rolling Stone kalla «Girl Loves Me» favorittsongen deira på Blackstar, og omtalte han som «mørk, trippy og sexy på måtar berre det avdøde, store ikonet kunne klare å hale i land.»[2] NME kalla songen ein «truande, militaristisk tattoo,» og meinte at Bowie kanskje var påverka av rapperane Future og Young Thug på songen.[3]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Salslister for «Girls Loves Me»
Liste (2016) Plassering
Nederland (Mega Single Top 100)[4] 87
Portugal (AFP)[5] 70
Sweden Heatseeker (Sverigetopplistan)[6] 2
UK Singles (Official Charts Company)[7] 146
US Hot Rock & Alternative Songs (Billboard)[8] 40

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Greenman, Kyle (9. januar 2016). «The Beautiful Meaninglessness of David Bowie». The New Yorker. Henta 28. september 2021. 
  2. «David Bowie, «Girl Loves Me»». Rolling Stone. 18. januar 2016. Henta 28. september 2021. 
  3. Richards, Sam (8. januar 2016). «NME Reviews – David Bowie – 'Blackstar'». NME. Henta 28. september 2021. 
  4. "Dutchcharts.nl – David Bowie – Girl Loves Me" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  5. "Portuguesecharts.com – David Bowie – Girl Loves Me". AFP Top 100 Singles. Retrieved 28. september 2021.
  6. «Veckolista Heatseeker, vecka 2, 2016» (på svensk). Sverigetopplistan. Henta 2. mai 2021. 
  7. «Chart Log UK - New Chart Entries - 16.01.2016». zobbel.de. Henta 28. september 2021. 
  8. "David Bowie Chart History (Hot Rock & Alternative Songs)". Billboard. Retrieved 28. september 2021.