I Can't Give Everything Away

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
I Can't Give Everything Away
Singel av David Bowie
frå albumet Blackstar
Utgjeve 6. april 2016
Innspelt 2015
Studio The Magic Shop and Human Worldwide (New York City)
Sjanger
Lengd
    • 5:47 (album)
    • 4:26 (video)
Selskap * ISO
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent
David Bowie-kronologi
«Lazarus»
(2015)
I Can't Give Everything Away «Life on Mars? (2016 Mix)»
(2016)


«I Can't Give Everything Away» er ein song av den engelske musikaren David Bowie. Det er det sjuande og siste sporet på det 25. og siste studioalbumet hans, ''Blackstar'' (2016). Songen vart gjevne ut posthumt som den tredje og siste singelen frå albumet 6. april 2016.[1] Songen vart skriven av David Bowie og vart produsert av han og Tony Visconti.

Før den posthume singelen kom ut, nådde «I Can't Give Everything Away» 45. plassen på Swiss Hitparade, 141. plassen på UK Singles Chart og 142. plassen på Den franske singellista.

Songen har eit liknande munnspelparti som «A New Career in a New Town», ein instrumental frå Bowie-albumet Low frå 1977.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

«I Can't Give Everything Away» fekk positive meldingar frå kritikarar. Sam Richards frå NME kalla songen «eit roleg, lystig nummer»,[2] medan Ben Skipper i IB Times kalla det eit «vakkert og rørande farvel».[3] Neil McCormick i The Telegraph kalla songen eit «episk avslutningsspor», og kommenterte at «Bowie høyrest ut som han sloss mot sitt eige mysterium: 'Seeing more and feeling less / Saying no but meaning yes / This is all I ever meant / That's the message that I sent.'»[4]

Det amerikanske nettmagasinet Pitchfork hadde «I Can't Give Everything Away» på 23. plassen på lista si over dei 100 beste songane frå 2016.[5]

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

6. april 2016 kom ein animert tekstvideo ut, skapt av Jonathan Barnbrook, som òg designa plateomslaget. Han forklarte motiva sine bak videoen: «Dette er verkeleg ein enkel liten video som eg ønskte til sjuande og sist skulle vere positiv. Me byrja i svartkvitverda til Blackstar, men i siste refrenget går vil til skarpe fargar. Eg såg det som ei feiring av David, for å sei at trass i motgangen vi møter, dei vanskelege tinga som skjer som Davids bortgang, at menneske er naturleg positive, dei ser framover og kan ta det gode frå fortida og bruka det som noko for å hjelpa med notida. Me er ein naturleg optimistisk art, og me feirar det gode vi får.»

Farewell-miks[endre | endre wikiteksten]

Ein omarbeidd versjon av songen, kjend som «I Can't Give Everything Away (Farewell Mix)», vart framført av det industrielle rockebandet Nine Inch Nails, som Bowie hadde samarbeidd og turnert med, under I Can't Seem To Wake Up-turneen.[6] Songaren Trent Reznor sa at han laga denne remiksen for å kunne takle at Bowie var gått bort. Reznor hadde anonymt lasta opp ein studioversjon av remiksen på SoundCloud fleire månader før han framførte han på scenen.[7] Studioversjonen har berre vokalen til Bowie, medan Reznor sjølv syng vokalen til Bowie på konsertane.[8]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2016) Plassering
Belgia (Ultratip Flandern)[9] 37
Frankrike (SNEP)[10] 142
Mexico Ingles Airplay (Billboard)[11] 33
Portugal (AFP)[12] 84
Sweden Heatseeker (Sverigetopplistan)[13] 12
Sveits (Schweizer Hitparade)[14] 45
UK Singles (Official Charts Company)[15] 141
US Hot Rock & Alternative Songs (Billboard)[16] 39

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Young, Alex (6. april 2016). «David Bowie's longtime artist releases beautiful posthumous video for «I Can't Give Everything Away»». Consequence of Sound. Arkivert frå originalen 6. april 2016. Henta 6. april 2016. 
  2. Richards, Sam (8. januar 2016). «David Bowie – 'Blackstar' Review: The NME Verdict». NME. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 20. september 2021. 
  3. Skipper, Ben (20. september 2021). «David Bowie's final song I Can't Give Everything Away is a poignant and beautiful farewell». International Business Times. Arkivert frå originalen 7. mars 2016. Henta 20. september 2021. 
  4. McCormick, Neil (8. januar 2016). «David Bowie, Blackstar, review: 'extraordinary'». The Daily Telegraph. Arkivert frå originalen 24. april 2018. Henta 120. september 2021. 
  5. «The 100 Best Songs of 2016». Pitchfork. 4. august 2021. Arkivert frå originalen 13. desember 2016. Henta 28. september 2021. 
  6. Jazz Monroe (20. juli 2017). «Watch Nine Inch Nails Cover David Bowie's «I Can't Give Everything Awa - Pitchfork». pitchfork.com. Henta 28. september 2021. 
  7. Alex Young (20. juli 2017). «Studio version of Nine Inch Nails' cover of David Bowie's »I Can't Give Everything Away« surfaces online: Stream». Arkivert frå originalen 28. september 2021. Henta 28. september 2021. 
  8. Greg Kennelty (20. juli 2017). «NINE INCH NAILS Secretly Released A Cover Of DAVID BOWIE's »I Can't Give Everything Away" - Metal Injection». Metal Injection LLC. Henta 28. september 2021. 
  9. "Ultratop.be – David Bowie – I Can't Give Everything Away" (på nederlandsk). Ultratip. ULTRATOP & Hung Medien / hitparade.ch.
  10. "Lescharts.com – David Bowie – I Can't Give Everything Away" (på fransk). Les classement single. Hung Medien.
  11. «David Bowie – Chart history». Billboard Mexico Ingles Airplay for David Bowie. Henta 23. september 2021. 
  12. "Portuguesecharts.com – David Bowie – I Can't Give Everything Away". AFP Top 100 Singles. Retrieved 28. september 2021.
  13. «Veckolista Heatseeker, vecka 2, 2016» (på svensk). Sverigetopplistan. Henta 2. mai 2021. 
  14. "David Bowie – I Can't Give Everything Away – swisscharts.com". Den svetisiske singellista. Hung Medien.
  15. «Chart Log UK – New Chart Entries – 16.01.2016». zobbel.de. Arkivert frå originalen 15. september 2021. Henta 28. september 2021. 
  16. "David Bowie Chart History (Hot Rock & Alternative Songs)". Billboard. Retrieved 28. september 2021.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]